Meierske og fabrikkeigar. Foreldre: Bonde og skomakar Lars Johnson Finden (1844–1923) og Brita Friksdotter Brekke (1844–1930). Ugift.

Firmanamnet Synnøve Finden og varemerket med den blonde ungjenta er vel kjende. Skaparen av firmaet var Synnøve Finden saman med Pernille Holmen. Dei registrerte Synnøve Finden Ostefabrikk 1. mai 1928 i Oslo. Det var Synnøve som hadde utdanning og ideen om kva dei skulle produsere – pultost. Jenta i varemerket høver godt inn i naturen Synnøve var oppvaksen i, men Synnøve sjølv kledde seg nokså mandig og vog nær på 90 kilo utan å vere spesielt høg.

Synnøve var fødd på den veglause garden Finden ved Finnafjorden, ein trang arm av Sognefjorden. Ho var tredje yngst i ein syskenflokk på ti. Knapt 18 år gammal reiste ho til Stavanger for å gå på eittårig meieriskule. Ho kom så til Kristiania og arbeidde fleire stader, på meieri, hjå grossistar og i forretningar.

Omkring 1924 vart Synnøve Finden kjend med enkja Pernille Holmen (1889–1961), og det var starten på ein livslang venskap og forretningssamarbeid. Dei flytta saman. Det var ein huslyd på tre, då Pernille hadde ei dotter, Evy. Dei to byrja med produksjon av pultost frå innkjøpt ostemasse som eit bierverv. Synnøve såg at det var dårleg kvalitet på pultosten som var produsert. Ofte var råstoffet sekunda vare, vilkåra for gjæring var for ustabile og det var for lite reinsemd i produksjonen. 1928 hadde omsetnaden auka så mykje at dei leigde lokale i Danmarks gate 41.

1929 vart Synnøve oppsagd hos den grossisten ho arbeidde for. Han aksepterte ikkje at ho bygde opp eige firma utanom arbeidstida. Ho gjekk då fullt og heilt inn for ostefabrikken. Pernille stod for det administrative, og frå 1930 hadde dottera Evy hand om rekneskapen. Synnøve utvikla produksjonsmetodar og eksperimenterte seg mellom anna fram til ein smelteost. Etterspurnaden auka, og først i 1930-åra vart produksjonen flytta til Vålerenga, og innan 1937 var seks varebilar stadig på farten med leveringar over heile Sør-Austlandet. Synnøve vakta på produksjonsmetodane sine. Ein gong jaga ho ein snushane frå meierisamvirket på dør med ein piassavakost. Ho var bråsint og hadde helst eit vanskeleg sinn, eller sagt på ein annan måte: Ho var tøff og sterk og hadde ein vilje av stål.

Pernille og Synnøve var båe sterkt religiøse. Dei var med i Menigheten Møllergaten 38, som høyrde inn under De frie venner. Der vart Synnøve døypt. Synnøve og Pernille gav mykje av overskottet til evangelistar og misjon. Dei finansierte såleis mykje av utlegga for to misjonærkvinner i Kina og ei i India og gav mykje til misjon i Belgisk Kongo. Pengar gjekk òg til pinserørsla i Finnmark. Det stod ei misjonsbørse på kontoret. På lønningsdagen kom arbeidarane og la på pengar. På fabrikken var det regelmessig bønnemøte.

Synnøve og Pernille delte soverom. Då ein predikant fann ut at dei to delte seng, vart dette påtala. Dei sette då inn to senger i rommet med ein stor kommode mellom. I 1930-åra var regelen at det berre var personleg kristne som fekk arbeid i fabrikken. Dei fleste var pinsevener, nokre høyrde til De frie venner. Evy og mannen hennar, Josef Dahl, som òg arbeidde i firmaet, høyrde til pinselyden Salem.

Frå sist i 1930-åra budde Synnøve og Pernille i eit treetasjes hus på Kjelsås. Dei kjøpte òg opp ein nabobygning. Jentene på fabrikken og styrarinna budde der, kvar i sin vesle hybel. Dei to fann det naturleg at dei skulle ha fullt oversyn over kva jentene dreiv med på fritida. Alle måltider hadde dei hjå Synnøve og Pernille. Husvære og mat var gratis, men løna låg. I helgane vart lastebilane brukte til å frakte arbeidsstokken til bedehus rundt i bygdene på Austlandet. Då var både predikant, kor og musikarar frå arbeidsstokken. Særleg mange arbeidarar kom frå den vesle bygda Vallset i Hedmark. Der bygde Synnøve og Pernille ei flott og stor tømmerhytte.

Under krigen gjekk produksjonen sterkt ned på grunn av råstoffmangel, og meir enn 20 arbeidarar miste arbeidet. Berre to var att, Josef Dahl og produksjonsleiaren. Pernille var sliten og trappa ned. Synnøve fekk sukkersjuke, og frå slutten av krigsåra miste ho gradvis synet. Ho fekk kaldbrann i ei tå, men då ho kom på sjukehuset, ville ho ikkje amputere. Ho la Bibelen over den sjuke foten, og kaldbrannen gjekk tilbake. Rett etter krigen starta fabrikken opp att, og fleire av dei tidlegare arbeidarane kom tilbake. Evy og Josef Dahl overtok den daglege leiinga. Synnøve og Pernille var ikkje lenger med i drifta, men hadde likevel overoppsyn frå husværet sitt på Kjelsås. Dei oppretta arvepakt, og då Synnøve døydde først, arva Pernille alt.

Evy og Josef Dahl fekk to søner, Håkon og forfattaren Tor Edvin. Tor Edvin Dahl har kalla dei to for “dronningar” og seier at han ikkje kom ut av deira maktområde før han var godt vaksen. Han har brukt miljøet kring fabrikken og pinserørsla i romanane Guds tjener og Renate.

Firmaet var ått av familien til Dag Swanstrøm kjøpte det 1987. Synnøve Finden ASA har framleis hovudkontor i Oslo, men produksjonen skjer no ved fabrikkar i Enebakk og Alvdal.

  • Å. Stadheim m.fl.: “Eventyret om bondejenta som vart forretningsdame i Oslo”, i Pridlao nr. 2/1996
  • A. I. Sæbø: “Kvinna bak osteeventyret”, i Sogn Avis 27.3.1999
  • notat av Håkon Dahl etter samtalar med Evy Dahl, i Vik lokalhistoriske arkiv
  • personlege opplysningar frå Håkon Dahl