Steinar Schjøtt var filolog, skulemann, bladmann, historikar, omsetjar, forfattar av lærebøker og ordbøker, og han gjorde godt arbeid på alle desse områda. Ettertida minnest han likevel mest for målsynet hans, for det låg under all verksemda og sette farge på alt han gjorde. Han var ein tidleg landsmålsmann, men såg noko annleis på norma enn Aasen.
Schjøtt var fødd i Porsgrunn av prestefolk. Han gjekk på latinskule i Skien, og etter examen artium 1862 studerte han filologi og tok språkleg-historisk embetseksamen 1870. Han var fyrst i stutte bolkar lærar ved Heltbergs Studenterfabrik i Christiania, ein privatskule i Levanger og katedralskulen i Kristiansand; 1874–93 var han adjunkt i Fredrikshald og frå 1893 overlærar i Skien. Schjøtt var ein interessert og dugande lærar, men hadde støtt andre jarn i elden. 1899 gav han opp arbeidet i skulen og flytte til Kristiania for å bruke all tid som ordboksmann, noko staten gjorde mogeleg ved å stille fri vikar.
Landsmålsnorma åt Aasen bygde på Prøver af Landsmaalet frå 1853, Norsk Grammatik frå 1864 og Norsk Ordbog frå 1873. Somme målfolk tykte Aasen-norma var for stiv og for fjern frå talemålet. Olaus Fjørtoft, sunnmøring som Aasen sjølv, bar fram føreretten åt talemålet. Andre med same grunnsyn meinte at målet i Telemark var det beste grunnlaget for ei norsk skriftnorm. Då W. Werenskiold hevda dette, sa Schjøtt seg samd, men tok visse praktiske atterhald. Tidlegare hadde A. O. Vinje prøvt med telemålet som underlag, og Hans Ross var noko inne på det same. Det mest gjennomtenkte, folkemålsnære og stilreine tidlege alternativet til Aasen-norma kom frå Schjøtt. Han var ein produktiv forfattar og fekk mykje å seia for midlandsmålet, som er ei nynorsk skriftnorm bygd på målføra i bygdene aust for Langfjella. Garborg gav det sidan status som diktarmål og norm.
Schjøtt var med og styrte målblada Svein Urædd og Andvake, han skreiv i Fram og Fedraheimen og seinare i Den 17de Mai. I desse blada, i Dagbladet og noko i andre blad tok han opp mange emne frå historie og samfunnsliv og var med i det offentlege ordskiftet, politisk for Sverdrup og Venstre og som talsmann for å løyse opp unionen.
I 1870-åra omsette Schjøtt Heimskringla til landsmål. For skuld målforma hans ville eit fleirtal av styret i Det norske Samlaget ikkje gje ut omsetjinga, og fire hefte kom fyrst som tillegg til Fjørtoft-bladet Fram. Seinare (1874–79) kom heile Heimskringla på Samlaget. Med den sette Schjøtt ein høg standard i ei form som på same tid var verdig og folkeleg, og Heimskringla-omsetjinga hans har vore grunnlaget heilt til ny tid. Med statsstønad kom det 1900 ei prydd nasjonalutgåve av verket, “med bilæte”. Schjøtt skreiv ei lærebok i norsk soge (1879), som stadig kom i nye opplag og vart omsett til “det almindelige skriftsprog”, og han skreiv ei heimssoge (verdssoge) som kom i hefte 1892–88 og i tre band 1892; ho kom òg i nye utgåver.
Ein lang tidbolk som mogen og gammal mann (1899–1914) vigde Schjøtt heilt til ordboksarbeid. Han hadde tenkt på det frå 1870 og gjort ymse førearbeid. Frå 1899 arbeidde han med det som vart Dansk-norsk ordbog (1909); det var den fyrste store ordboka over dansk-norsk (riksmål, bokmål) med definisjonar på norsk (landsmål, nynorsk). Tilfanget fann han i ordbøker, og han samla sjølv ord. Han fekk god hjelp av Hans Ross, Marius Hægstad, Arne Garborg, Ivar Kleiven og av mange andre. Frå 1909 arbeidde Schjøtt med det som vart Norsk ordbok. Med ordtyding paa norsk-dansk. Til skule- og literært bruk (1914). Tilfanget tok han frå ordbøker, frå landsmålslitteraturen og frå eiga gransking av norske målføre. Ordbøkene er hovudverka hans. Schjøtt var med i ei rettskrivingsnemnd 1908–10.
1915 flytte Schjøtt til Hvalstad i Asker, der han vart granne til Arne og Hulda Garborg. Venskapen mellom Schjøtt og Garborg hadde mykje å seia for båe. Garborg vigde Knudaheibrev til “Overlærar S. Schjøtt” og opna kvart brev med “Du Steinar!”.