Faktaboks

Sjur Fedje
Fødd
20. mars 1852, Vik, Sogn
Død
5. november 1933, Follebu i Østre Gausdal
Verke
Lærar, organisasjonsmann og politikar
Familie

Foreldre: Sersjant og gardbrukar Anders Sjurson Fedje (f. 1823) og Synnøve Jensdotter Hove (f. 1831).

Gift med Sina Kristensdotter Holsmorken (4.11.1856–11.11.1901), dotter til møbelsnikkar Kristen Simensen Kråbølslien (1821–81) og Tonetta Sofie Simensdotter Kråbøl (1827–1907).

Sjur Fedje var ein norsk lærar, organisjonsperson og politikar. Han er kjend for arbeidet sitt med å betre kåra for husmenn gjennom organisering av arbeidarforeiningar, for utgjeving av avisa Husmanden og som politikar for Arbeiderdemokratene.

Bakgrunn

Fedje voks opp på garden Nummedal i Vik i Sogn, som eldste sonen av i alt 9 barn. Skulegangen fekk han dels heime og dels på omgangsskulen. Etter konfirmasjonen gjekk han på ein ungdomsskule, Vik friskole, og deretter på Balestrand lærarskule. Han var lærar heime i Vik eit par år før han tok til på Stord seminar, der han vart uteksaminert i 1874. Året etter utvandra foreldra og dei yngre borna i familien til Amerika. Frå 1875 var Fedje lærar ved Follebu skole i Østre Gausdal heilt til han gjekk av i 1920; han var kyrkjesongar like lenge.

Folkehøgskule

Fedje kom til Gausdal på ei tid da det skjedde mykje i bygda. I 1871 flytta Christopher Bruun dit med folkehøgskulen sin, og i 1875 flytta skulen inn i nybygde lokale på Vonheim i Follebu. Fedje kom i nær kontakt med Vonheim og henta mange impulsar her. Han la sjølv vekt på den nære venskapen han hadde til Bruun. I 1875 flytta også Bjørnstjerne Bjørnson til Aulestad, og sjølv om han og Fedje var usamde i mange spørsmål, kom likevel venskapen mellom dei til å vare heilt til Bjørnson døydde i 1910.

Landarbeidarsaka

Utvandringa frå Gudbrandsdalen til Amerika var på sitt høgste i 1880-åra og førte til mangel på arbeidskraft i jordbruket. Mange meinte at det var viktig å betre vilkåra for husmenn slik at dei vart i landet. I 1881 heldt Fedje sitt første foredrag om landarbeidarsaka på Vold skole i Østre Gausdal, og i åra framover kom han til å bruke mykje tid og krefter på denne saka. Den austlandske forma for husmannsvesenet stod i sterk kontrast til det Fedje hadde opplevd heime på Vestlandet, der husmannen var mykje friare og meir uavhengig enn den austlandske husmannen.

Husmanden

Fedje bestemte seg for å starte ei avis der husmennene sjølve kunne skrive, og der dei kunne søke opplysning. Samstundes skulle avisa vere eit kontaktorgan mellom arbeidarforeiningane som Fedje arbeidde for å stifte rundt om i bygdene. Første nummer av Husmanden kom ut på Lillehammer 25. april 1883. På det meste nådde avisa 1200 abonnentar, for det meste på Austlandet og i Trøndelag. I 1887 vart avisa slått saman med Framgang, eit venstreblad som også kom ut på Lillehammer, og som vart redigert av ein del av lærarane på Vonheim.

Husmannstilhøva og arbeidarforeningar

I 1884 søkte Fedje Stortinget om eit stipend til ei seks månaders reise rundt i landet for å studere tilhøva for husmennene. Han meinte at innsikta frå ei slik reise ville gjere det lettare å redigere Husmanden. Stortinget hadde akkurat da forslag om ei ny husmannslov til behandling, og han fekk stipendet mot at han skreiv ein rapport til Stortinget om korleis husmannstilhøva var etter den gjeldande lova, og kva for endringar husmennene ønska. Men Fedje hadde også planar om å bruke reisa til å stifte arbeidarforeiningar, som han så smått hadde tatt til å arbeide med.

Sommaren og hausten 1884 reiste Fedje rundt i Kristians amt, Hedmark, Akershus, Smålenene og Trøndelag, samla opplysningar om husmennene og stifta arbeidarforeiningar. I alt stifta han rundt 70 foreiningar. Desse foreiningane var upolitiske, og fremste formålet var sparing eller sjølvhjelp. Mange av foreiningane kalla seg derfor arbeidarspareforeiningar. Foreiningane hadde eit kristent grunnlag, og hadde også fråhald som ein sentral tanke.

I rapporten Fedje sendte Stortinget, foreslo han at det skulle opprettast eit fond der husmennene kunne låne pengar slik at dei fekk kjøpt plassane sine. Dette peika fram mot det som seinare kom – Jordinnkjøpsfondet og Arbeiderbruk- og Boligbanken.

Radikale Folkeparti

På landsmøtet for De forenede norske Arbeidersamfund på Hamar i 1888 var landarbeidarforeiningane til Fedje representerte for første gong. Etter møtet vedtok representantane frå Kristians amt og Hedemarkens amt å stifte kvar si amtsarbeidarforeining. Og på det felles stiftingsmøtet for dei to amtsarbeidarforeiningane vedtok dei å danne ei fellesforeining, Oplandenes Fælles Arbeiderforening. Her vart Johan Castberg vald til formann. Dette vart grunnsteinen til det partiet som seinare fekk namnet Arbeiderdemokratene (frå 1921 Det radikale Folkeparti).

Med politiseringa av arbeidarforeiningane trekte Fedje seg ut av dette arbeidet for ei tid. Men i 1902 vart han vald inn i heradsstyret i Østre Gausdal og vart samstundes vald til ordførar. Denne posisjonen hadde han til og med 1911. 1903 hadde han vorte vald som suppleant til Stortinget frå Kristians amt på ei fellesliste mellom arbeidarforeiningane og Venstre, men han slapp å møte. I 1906 vart han vald inn som fast representant frå Søndre Gudbrandsdalen krins for Arbeiderdemokratene, og sat der i ein periode.

Sjur Fedje sat elles i heradsstyret i Østre Gausdal heilt fram til han døydde. Han var heradskasserar i seks år, formann i likningsnemnda og provianteringsrådet, var medlem av skulestyret og fattigstyret, sat i styret for amtslærarlaget og var formann i fylkeskrinsen av Det Norske Totalavholdsselskap.

Verk

  • Redaktør for Husmanden 1883–1888
  • Love for arbeiderspareforeninger, Lillehammer 1883 (serprent av Husmanden nr. 11/1883)
  • Indberetning om de af Kirkesanger Fedje med offentlig Stipendium foretagne Undersøkelser af Husmands- og Arbeiderforholdene her i Landet, i Stort.forh. 1888, Dok. nr. 78

Avbildningar

Fotografiske portrett

  • Portrett av ukjend fotograf, ukjend år, i Gausdal historielags fotosamling

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Biografi i Lindstøl, bind 1, 1914
  • M. Bueie: «Ein stridsmann frå Gausdal», i Årbok for Gudbrandsdalen 1948, s. 147–150
  • I. Bjørge: «Sjur Fedje», i Årbok for Gudbrandsdalen 1952, s. 127–128
  • I. Nordtorp: Sjur Fedje – landarbeiderforeningene 1883–88 og bladet 'Husmanden', h.oppg. UiO, 1973
  • d.s.: «Sjur Fedje (1852–1933)», i Årbok for Gudbrandsdalen 1983, s. 65–83
  • A. Engen: Endring og oppbrot 1830–1914, bind 4 av Gausdal bygdehistorie, Lillehammer 1988, s. 174f., 186 og 191

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg