Sivert Aarflot er utan tvil ein av dei mest gåverike og mangesidige opplysningsmenn det norske bondesamfunnet har fostra. Han opna og dreiv det første prenteverket utanfor byane i Noreg, gav ut avis og skipa allmugebibliotek og sokneselskap.
Aarflot var ein sjølvlærd mann. Den einaste utdanninga han fekk, var 22 dagar i omgangsskulen. Presten og naturforskaren Hans Strøm la merke til evnene hans og sette han 1778 til skulehaldar i Follestaddalen i Ørsta, ein post han hadde til 1793. Samværet med bygdefolket vekte Aarflots sans for folkeminne. Oppskriftene hans av segner, truer og vessar (regler, viser) er prenta i boka Runetrolldom og ringstav (1949).
Frå Hans Strøm hadde Aarflot fått interesse for naturkunnskap, topografi og etikk. Men Aarflot la vekt på å tileigne seg dei nye kunnskapane på eiga hand. 1782 fekk han tak i Lære-Bog i adskillige philosophiske og mathematiske Videnskaber av den tyske naturforskaren Gotthilf Reccard. Møtet med Reccard førte til at han delvis måtte gi avkall på Bibelens verdsbilete. Men Sivert greidde å sameine kristendomen og dei nye naturvitskaplege oppdagingane. Overfor sambygdingane sine var han rettleiande, ikkje misjonerande.
Aarflot skaffa seg også skrifter om jordbruk, moralfilosofi, medisin og skjønnlitteratur (m.a. Holberg). 1797 let han 104 av sine eigne bøker gå inn i eit fritt “Laane-Bibliothek i Ørstens sogn”, som 1799 vart utvida til også å gjelde Volda hovudsokn. Hans “Almue-Bibliothek” er eitt av dei aller første i Norden og truleg det første på landsbygda i Noreg. Då Aarflot døydde 1817, utgjorde samlinga om lag 550 band og 25 landkart. Ho vart øydelagd ved ein brann på Ekset 1844.
1798 vart Aarflot tilsett som lensmann i Volda skipreide. Han kjøpte kapteinsgarden Ekset i Volda og flytte med huslyden dit. 1805 vart garden postopneri. Som lensmann og postopnar kom Aarflot no i direkte kontakt med makt- og kultureliten og knytte viktige alliansar. Frå 1803 samla han bygdeungdomen kvar sundag i sakristiet i Voldskyrkja til samtale om jorddyrking, nasjonal historie og astronomi.
Mellom 1803 og 1807 gav han ut fleire skrifter om moderne landbruk og fiske, men kjende det som ei hindring at han stadig var avhengig av trykkeria i Bergen og København. 1807 sende han søknad til Kongen i København om løyve til å setje i gang eit trykkeri. Løyvet vart gitt 15. juli 1808, og 1809 kom prenteverket i gang i ei lita røykstove på Ekset, som det første på landsbygda i Noreg. Med unntak av typane var alt heimelaga. Typografen Andreas Steen kom frå Trondheim og hjelpte til med opplæringa.
1810 byrja Aarflot å gi ut vekebladet Norsk Landboeblad. Det var den sjuande avisa her i landet og den første på landsbygda; på det meste var tingartalet omkring 600. Bladet kom med 7 årgangar i åra 1810–16, med sonen Rasmus som trykkar og redaktør mesteparten av tida. Sivert Aarflot var ein av dei aller første xylografane her i landet og laga sjølv illustrasjonar til avisa og opplysningsskriftene sine.
15. desember 1811 skipa Aarflot Sogneselskabet for Voldens Præstegield, etter mønster frå danske og norske landbruksselskap. I tillegg til praktisk jordbruksopplysning var det hans mål å styrkje bondens sjølvkjensle gjennom moralsk og kulturell foredling. Eit kjernepunkt i livssynet hans var religiøs toleranse: “dersom Nogen dyrker Gud paa en anden Maade end vi, da bør vi derfor hverken foragte eller forfølge ham”.
Sivert Aarflot vart heidra for opplysingsarbeidet sitt. 1800 fekk han gullmedalje frå Det kongelige danske Landhuusholdningsselskab for arbeidet med allmugebiblioteket, 1802 Kongens gullmedalje “for ædel Daad” då han hadde lært opp sambygdingane sine til å nytte lav og andre brødsurrogat, og 1809 vart han utnemnd til Dannebrogsmand (sølvkrossen av Dannebrogordenen).
Den kolossale arbeidsbøra undergrov litt etter litt helsa hans. Då han døydde 1817, hadde han likevel til fullnads nådd målet som han hadde forma ut i søknaden til Kongen 1807. Folkeopplysingsarven frå Sivert Aarflot vart ført vidare av sonen Rasmus og hans etterslekt. Heilt frå 1809 til i dag har Aarflots prenteverk vore i familiens eige. Avisa Møre (grunnlagd 1903), som kjem ut tre gonger for veka under leiing av sjette generasjon Aarflot, er ein direkte etterkomar av Sivert Aarflots Norsk Landboeblad. I høve 150-årsjubileet for trykkeriet og 200-årsjubileet for Siverts fødsel vart det gamle trykkeriet med dokumentsamlingar plassert i nytt eldsikkert hus på Ekset 23. august 1959, som del av Sunnmøre Museum. Sjølve skriftsamlingane vart 2000 flytte til Ivar Aasen-tunet i Ørsta.