Sigurd Lavard var eldste son til kong Sverre Sigurdsson. Frå tidleg i 1190-åra hadde han oppgåver som sveithøvding i kamp mot baglane. Ifølge Sverres saga var han redd og unnfallande i strid, og kong Sverre er ved to høve uvanleg skarp og nedsetjande i si vurdering av sonens stridsevner.
Saxo opplyser at Sigurd Lavard opphavleg bar namnet Unas etter sin antatte farfar, og at han seinare fekk namn etter kong Sigurd Haraldsson Munn, som Sverre da hevda var sin rette far. Etter ein færøysk tradisjon reknar historikaren P. A. Munch med at Astrid Roesdotter var Sigurds mor, men dette er usikkert.
Sverres saga er hovudkjelde til Sigurd Lavards knappe livshistorie. Han er første gong nemnd under kampane i Nidaros november 1181, da kong Magnus Erlingsson tok byen. Her vert det fortalt at Sigurds fosterfar, stallaren Gudlaug Vale, nekta å oppgi kvar guten var i forvaring, ei nekting som kosta Gudlaug livet. Av dette er det rimeleg å slutte at Sigurd kom saman med faren frå Færøyane 1176. Han blir her berre nemnd med tilnamnet lávarðr (etter angelsaksisk hlâford), som etter samanhengen best kan omsetjast med tronarving eller kronprins.
1193 var Sigurd sveithøvding for birkebeinane i Sarpsborg. Under kampar i Ranrike 1196 flykta han og vart nærast skjelt ut av faren for åtferda si. I enda skarpare form gjentok dette seg under bondeslaget i Oslo 1200, der kong Sverre jamvel siterte skaldekvad for å understreke sonens manglande djervskap. Ei skam for sine ættfolk var den sluttattesten han fekk, og dette synet formidla Munch vidare i norsk historieskriving. Sigurd Lavard døydde 1200; sonen Guttorm, som han hadde med ei frille, var da berre nokre få månader gammal.
Under utgravingane på Bryggen i Bergen vart det i fyllmassane etter bybrannen 1198 funne eit runebrev (runekjevle, registreringsnr. B448), skrive av Sigurd Lavard. Brevet er skrive på vegner av kongen og kan tyde på at Sigurd hadde viktige oppgåver i kong Sverres militære forsyningsapparat. I brevet ber han om at våpenutstyr blir smidd av ei tilsend mengd råjern. Truleg ber han også om eit langskip til kongen, men dette er omdiskutert. Som motyting lovar Sigurd mottakaren “vårt sanne vennskap no og alltid”. Ifølge Liestøl har runebrevet ein elegant stil med høvisk ordlegging og sikker ortografi, som vitnar om god bokleg opplæring. Brevet høver naturleg inn i dei kampfylte 1190-åra, men forsøk på å kople det til ei bestemt historisk hending og til ein bestemt namngitt mottakar er rein gissing.