Sigurd Nergaard er først og fremst kjend som Østerdalens store folkeminnesamlar.
Han voks opp på Glomstad, men flytte 1887 med foreldra til Åstbrubakken under Åset, då broren Olav tok over farsgarden. Sigurd tok eksamen ved Hamar Seminar 1893 og vart lærar ved ulike folkeskular i Elverum; han var klokkar 1904–21. 1922 vart han tilsett som lærar i norsk og historie ved Elverum lærarskule, 1927–30 var han sjef for Statens filmkontroll i Oslo til han 1931 vart utnemnd som skuledirektør på Hamar kort før han døydde. Han var med i heradsstyre, formannskap og skulestyre og hadde ei rad styreverv, m.a. i Norsk Bokmannslag og Det Norske Samlaget.
Nergaard engasjerte seg sterkt i oppbygginga av Glomdalsmuseet, som han var med på å grunnleggja 1911. I mange år stod han for katalogiseringa av gjenstandar ved museet. Han hadde lett for å koma i kontakt med folk og var sjølv ein god forteljar. Han begynte tidleg å samla folkeminne i elverumsbygdene for å føra vidare dei nasjonale og kulturelle verdiane som låg i tradisjonen. Problemet var målforma. Han eksperimenterte med lydskrift og dialekt, men i samråd med fagfolk som Hans Ross og Amund B. Larsen valde han dialektfarga nynorsk med direkte tale på rein dialekt i den første boka, Segner fraa Elvrom, som kom på Det Norske Samlaget 1907 som tilleggshefte til Syn og Segn.
Innsamlingsreisene vart etter kvart utvida til å omfatta heile Østerdalen. Resultatet vart fem bøker i åra 1921–27, Gard og grend, Ufredstider, Eventyr, Hulder og trollskap og Skikk og bruk med undertittelen Folkeminne fraa Østerdalen. Dei står som ein hjørnestein i skriftserien Norsk folkeminnelags skrifter, som vart grunnlagt 1920. Medan banda om eventyr og skikk og bruk er ordna tematisk, er dei tre andre banda ordna etter bygdelag. Det gav høve til å ta med variantar og dokumentera likskap og ulikskap i kulturen i dei ulike bygdelaga. Bandet med ufredstradisjon er utan sidestykke og eit spesielt viktig kjeldeskrift. Nergaard gjekk nå over til å nytta gjeldande nynorsk rettskriving, samstundes som han idiomatisk og stilistisk følgde østerdalsmålet.
Nergaard ville ikkje berre samla og gje ut, han ville også forstå den folkelege tradisjonen. Derfor lærde han seg på eiga hand engelsk, tysk og nederlandsk for å lesa folkloristisk faglitteratur. Men det nedfelte seg berre i ein artikkel under tittelen Utsyn over folkeminna i Østerdalen. Etter dette var han ferdig med folkeminne. Arbeidet med Trysil-boka, som han hadde begynt med 1912, tok nå meir og meir tid. Ein viktig grunn til at han tok stilling som filmsensor tre dagar i veka i Oslo, var at han ville nytta resten av veka i arkiv og bibliotek for bygdeboka, men han vart også der dregen inn i styre- og lagsarbeid, og verket om Trysil rakk han aldri å få ferdig.