Sigbrit vart introdusert for hertug Christian (seinare kong Christian 2) som mor til Dyveke, men det var i kraft av personleg dugleik og si innsikt i økonomi og finansar at ho vann seg ein plass som den seinare kongens fremste rådgjevar. Ho var omstridd og hata av leiande krinsar innanfor aristokratiet og kyrkja.
Etter det Arild Huitfeldt skriv i si danmarkskrønike 1599, fann det første møtet mellom hertug Christian og Sigbrit stad på rådstova i Bergen 1507. Møtet skulle få konsekvensar. Dottera Dyveke vart hertugens elskarinne og store kjærleik, og Sigbrit følgde med då dei to flytte frå Bergen, først til Oslo til nybygd hus i Bjørvika, seinare – etter at hertugen hadde teke over som konge 1513 – til Danmark. Her fekk mor og dotter bu på Hvidovre slott utanfor København, seinare fekk Sigbrit ein standsmessig bustad inne i byen.
Då Sigbrit første gong møtte hertug Christian, var ho etablert med vertshus og dreiv småhandel. Broren Hermann fekk også kongeleg gunst. 1513 omtala han seg som embetsmann på kongsgarden i Bergen, men alt 1518 var han reist frå byen, truleg etter konflikt med den nye høvedsmannen, Jørgen Hanssøn. Han fekk teneste for kongen i København, seinare busette han seg i Amsterdam, der erkebiskop Erik Valkendorf traff han 1522. Etter at Christian 2 var fordriven, utførde Hermann Willems forretningar for kongen, men han vart klaga for svindel, og kongen kvitta seg med han 1525.
Brått og uventa døydde Dyveke 1517. Sigbrit miste si dotter, kongen sin store kjærleik. Den tragiske hendinga kom til å styrkje bandet mellom dei to og gjere kongen endå meir avhengig av mor Sigbrit. Han trong pengar, først og fremst til krigen mot Sverige, og økonomi og finansar var Sigbrits spesalitet. Ho fekk auka satsane for øresundtollen og lagt administreringa av tollen til København, og i samråd med henne vart dryge skattar utskrivne og ei omforming av lensvesenet børja.
I seinare klagemål mot Sigbrit er det to ting som blir framheva: Ho hadde vore pådrivar i kongens framstøytar mot riksrådet og adelen, og ho hadde trolldomsevner. I brevet frå 31. januar 1523, der det danske riksrådet sa opp truskapen til kongen, blir ho karakterisert som den vonde og fordervelege kvinna, “ther hans nade mest radet oc regeret haffwer”. Ein geistleg kalla henne “then gamble hore”, og erkebiskop Erik Valkendorf dreg fram trolldomsevnene hennar som forklaring på den makta ho hadde over kongen.
Heilt annleis er omtalen av mor Sigbrit i brev frå kongen og dei som stod han nær: “Sie Sigbrit moder 100 000 gode nath,” avslutta kongen 1518 eit brev han sende til dronninga frå krigslægeret i Sverige. Sigbrit vart fostermor til kongens eldste son, Hans, og både kongefamilien og andre hadde tiltru til Sigbrits evner til å lækje sjukdom. I brev 1527 omtalar Hans Mikkelsen “the dadelstene som Sygbrit bruchte til quinne brøster” og gjev råd som han hadde lært av Sigbrit, som skulle hjelpe mot augesjukdomen til kongens svigerinne. Det var truleg Sigbrits lækjeråd som låg til grunn for skuldingane om trolldomsevner.
Det er påfallande at det ikkje kan påvisast motsetningar eller rivalisering mellom Sigbrit og kong Christians dronning Elisabeth. Dronninga var lojal mot mor Sigbrit, trass i at hennar næraste slekt direkte oppmoda kongen om å kvitte seg med den gamle kvinna. Dronninga formidla meldingar til Sigbrit, som i realiteten styrde som statthaldar når kongen var fråverande: “Lader Sigbrit se brevet” var ei vanleg formulering når han skreiv heim.
Sigbrit var med på kong Christians flukt frå København 1523 og skal ha vorte boren om bord i kongeskipet løynd i ei kiste. I Nederland måtte ho i fleire år halde seg i skjul, men kong Christian ser ut til å ha hatt kontakt med henne. 1531 eller 1532 sat ho fengsla i Vilvorde nær Brüssel, og her kan ho ha vorte brend som heks. Sikre opplysningar om dette har vi ikkje.
Før ho døydde, hadde Sigbrit fått laga sin eigen gravstein, men ein av dei mest uforsonlege fiendane hennar, riksråden Knud Gyldenstierne, fekk steinen konfiskert og førd til garden sin ved Ringkøbing. Det blir fortalt at steinen til å børje med vart stilt opp slik at dei som gjekk forbi, kunne spytte på den, men etter ei tid vart den hogd opp og brukt til trappetrinn. Delar av steinen med noko av innskrifta finst i Nationalmuseet i København.