Faktaboks

Sigbrit Willems

Sigbrit Willums, Sigbrit Willoms eller Villoms, Sigbrit Willumsdatter eller Villumsdatter

mor Sigbrit

Sibrecht

Fødd
Amsterdam
Død
1531
Levetidskommentar
omtrentleg dødsår
Verke
Nederlandsk småhandlar og kongeleg rådgjevar
Familie

Foreldre: Ukjende.

Det er ikkje kjent om ho var gift.

Mor til Dyveke Ottikesdatter (ca. 1490/1495–1517).

Christian 2. og Sigbrit Willems
Den norsk-hollandske handelskvinna Sigbrit Willems fungerte som kong Christian 2.s hovedrådgjevar i finansielle saker. Sigbrits dotter Dyveke var elskerinna til kongen.

Sigbrit Willems var ei norsk-nederlandsk handelskvinne og rådgjevar for kong Christian 2. Ho var mor til Dyveke, elskerinna til kongen. I kraft av personleg dugleik og si innsikt i økonomi og finansar vann ho seg ein plass som kongens fremste rådgjevar. Ho fungerte nærmast som ein slags finansminister.

Sigbrit Willems er blitt ansett som ei drivkraft i Christian 2.s adelsfiendtlege, borgarvenlege politikk. Ho var omstridd og hata av leiande krinsar innanfor aristokratiet og kyrkja. Ho flyktet saman med kongen då han vart avsett i 1523.

Frå Bergen til København

Erik Valkendorf, Dyveke og Sigbrit
Erik Valkendorf treffer Sigbrit Willums og Dyveke på Bergens torv i 1507, måleri av Eilif Peterssen, 1876.

Då Sigbrit første gong møtte hertug Christian (seinare Christian 2.), var ho etablert med vertshus og dreiv småhandel i Bergen.

Etter det Arild Huitfeldt skriv i si danmarkskrønike frå 1599, fann det første møtet mellom Christian og Sigbrit stad på rådstova i Bergen i 1507. Møtet skulle få konsekvensar. Dottera Dyveke vart hertugens elskarinne og store kjærleik. Sigbrit følgde med då dei to flytte frå Bergen, først til Oslo til nybygd hus i Bjørvika, seinare – etter at hertugen hadde teke over som konge 1513 – til Danmark. Her fekk mor og dotter bu på Hvidovre slott utanfor København. Seinare fekk Sigbrit ein standsmessig bustad inne i byen.

Broren Hermann fekk også kongeleg gunst. I 1513 omtala han seg som embetsmann på kongsgarden i Bergen, men alt i 1518 var han reist frå byen, truleg etter konflikt med den nye høvedsmannen, Jørgen Hanssøn. Han fekk teneste for kongen i København, seinare busette han seg i Amsterdam, der erkebiskop Erik Valkendorf traff han 1522. Etter at Christian 2. var fordriven, utførde Hermann Willems forretningar for kongen, men han vart klaga for svindel, og kongen kvitta seg med han i 1525.

Rådgjevar for Christian 2.

Christian II underteiknar dødsdommen over Torben Oxe

Då Sigbrits dotter Dyveke brått døydde i 1517, vart lensherren på København slott, Torben Oxe, skulda for å ha forgifta henne. Kjeldene er usikre, men Torben vart dømt og henretta på kong Christians initiativ. «Christian II undertegner dødsdommen over Torben Oxe», måleri av Eilif Peterssen. Sigbrit i høgre hjørne.

Brått og uventa døydde Dyveke i 1517. Sigbrit miste si dotter, kongen sin store kjærleik. Den tragiske hendinga kom til å styrkje bandet mellom dei to og gjere kongen endå meir avhengig av mor Sigbrit. Han trong pengar, først og fremst til krigen mot Sverige, og økonomi og finansar var Sigbrits spesialitet. Ho fekk auka satsane for øresundtollen og lagt administreringa av tollen til København, og i samråd med henne vart dryge skattar utskrivne og ei omforming av lensvesenet børja.

Det er påfallande at det ikkje kan påvisast motsetningar eller rivalisering mellom Sigbrit og kong Christians dronning Elisabeth. Dronninga var lojal mot mor Sigbrit, trass i at hennar næraste slekt direkte oppmoda kongen om å kvitte seg med den gamle kvinna. Dronninga formidla meldingar til Sigbrit, som i realiteten styrde som statthaldar når kongen var fråverande: «Lader Sigbrit se brevet» var ei vanleg formulering når han skreiv heim.

Samtidas vurdering

I seinare klagemål mot Sigbrit er det to ting som blir framheva: Ho hadde vore pådrivar i kongens framstøytar mot riksrådet og adelen, og ho hadde trolldomsevner. I brevet frå 31. januar 1523, der det danske riksrådet sa opp truskapen til kongen, blir ho karakterisert som den vonde og fordervelege kvinna, «ther hans nade mest radet oc regeret haffwer» (som mest råda og regjerte over hans nåde). Ein geistleg kalla henne «then gamble hore» (den gamle hore), og erkebiskop Erik Valkendorf dreg fram trolldomsevnene hennar som forklaring på den makta ho hadde over kongen.

Heilt annleis er omtalen av mor Sigbrit i brev frå kongen og dei som stod han nær: «Sie Sigbrit moder 100 000 gode nath» (sei 100 000 gode natt til moder Sigbrit), avslutta kongen i 1518 eit brev han sende til dronninga frå krigslægeret i Sverige. Sigbrit vart fostermor til kongens eldste son, Hans, og både kongefamilien og andre hadde tiltru til Sigbrits evner til å lækje sjukdom. I brev frå 1527 omtalar Hans Mikkelsen «the dadelstene som Sygbrit bruchte til quinne brøster» (daddelsteinane som Sigbrit brukte til kvinnebryst) og gjev råd som han hadde lært av Sigbrit, som skulle hjelpe mot augesjukdomen til kongens svigerinne. Det var truleg Sigbrits lækjeråd som låg til grunn for skuldingane om trolldomsevner.

Flukt og eksil

Sigbrit var med på kong Christians flukt frå København i 1523 og skal ha vorte boren om bord i kongeskipet løynd i ei kiste. I Nederlanda måtte ho i fleire år halde seg i skjul, men kong Christian ser ut til å ha hatt kontakt med henne. I 1531 eller 1532 sat ho fengsla i Vilvorde nær Brüssel, og her kan ho ha vorte brend som heks (sjå trolldomsprosessane). Sikre opplysningar om dette har vi ikkje.

Gravstein

Før ho døydde, hadde Sigbrit fått laga sin eigen gravstein, men ein av dei mest uforsonlege fiendane hennar, riksråden Knud Gyldenstierne, fekk steinen konfiskert og førd til garden sin ved Ringkøbing. Det blir fortalt at steinen til å børje med vart stilt opp slik at dei som gjekk forbi, kunne spytte på den, men etter ei tid vart den hogd opp og brukt til trappetrinn. Delar av steinen med noko av innskrifta finst i Nationalmuseet i København.

Avbildningar

Vi veit ikkje korleis Sigbrit såg ut, men frå nyare tid finst det fleire måleri der ho er med, oftast saman med Christian 2. Dømer på slike er eit måleri av Kristian Zahrtmann frå 1873, der kongen drøfter tollrekneskapane med mor Sigbrit, og to av Eilif Peterssen. Det eine Peterssen-måleriet (1876, Nasjonalmuseet) skildrar det første møtet mellom Dyveke, Sigbrit og kongens kanslar, Erik Valkendorf, i Bergen 1507, det andre (1875–1876) syner kongen som underskriv dødsdommen over Torben Oxe medan Sigbrit og andre ser på.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Huitfeldt, Arild: Danmarckis Riges Krønicke, folioutgave, bind 1, 1652
  • Allen, Carl Ferdinand: De tre nordiske Rigers Historie 1497–1536, bind 1–5, København 1864–1872
  • Hvidtfeldt, Johan: «Forvaltningspolitik under Christian den Anden», i Scandia, bind 12, 1939, s. 223–241
  • Koht, Halvdan: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 13, 1958
  • Venge, Mikael: biografi i Dansk biografisk leksikon, tredje utgåve (DBL3), bind 15, 1984
  • Bjørkvik, Hallvard: Folketap og sammenbrudd 1350–1520, bind 4 i Aschehougs Norgeshistorie, 1996
  • Albrictsen, Esben: Fællesskabet bliver til 1380–1536, bind 1 i Danmark-Norge 1380–1814, 1997
  • Hamre, Lars: Norsk politisk historie 1513–1537, 1998
  • Bjørkvik, Hallvard: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Diplomatarium Norvegicum, bind 1 nr. 1059, bind 3 nr. 1120, bind 10 nr. 327, 387, 400, 416, 435 og 442, bind 11 nr. 479, bind 12 nr. 298, bind 14 nr. 271, 280–281, 287, 295, 445, 476, 484 og 591, bind 15 nr. 178 og 571, bind 18 nr. 274 og 474, bind 22 nr. 106–107 og 127
  • «Samtidig Beretning om Forhandlingerne imellem Kong Christian den Anden og Hertug Frederik samt dennes Kongevalg», trykt i Danske Magazin, rekke 3, bind 3, 1851, s. 1–26

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg