Gyrd eller Såda-Gyrd Bårdsson var stormann og lendmann i Trøndelag i fyrste halvdel av 1100-talet. Dei nære banda til kong Harald Gille og sonen Sigurd gav han ei sentral politisk rolle i formyndarstyret for Harald sine søner i 1130 og 1140-åra.
Det vi veit om Såda-Gyrd sitt liv, byggjer på opplysningar i dei to anonyme sagaverka Morkinskinna og Fagrskinna, samt Snorre Sturlasons Heimskringla. Såda-Gyrd blir fyrst nemnd i samband med hendingane som følgde Harald Gille sin død 1136. Såda-Gyrd var på dette tidspunktet fosterfar for den unge kongssonen Sigurd Munn, og han må såleis også ha hatt eit nært band til kong Harald i tida før 1136.
Under samkongedømmet som vart etablert mellom kongssønene Sigurd og Inge Haraldssøner, var Såda-Gyrd ein av dei mest sentrale aktørane i gruppa av lendmenn som stod for den politiske leiinga medan kongssønene var born. I andre halvdel av 1130-åra var det særleg trugsmålet frå tronkrevjaren Sigurd Slembe, i allianse med den avsette kong Magnus Blinde, som dominerte det politiske biletet. Våren 1139 herja Sigurd Slembe og Magnus fleire stadar langs norskekysten. Såda-Gyrd og kong Sigurd freista å få has på dei, men utan hell. Fyrst seinare same år, etter å ha slege hærstyrkane sine saman, lukkast det Haraldssønene å eliminere motstandarane i eit slag ved Holmengrå (sør for Hvaler, i noverande Sverige). Etter dette høyrer vi ikkje noko meir til Såda-Gyrd Bårdsson, men han kan ha vore i live fram til byrjinga av 1150-åra.
Såda-Gyrd hadde tre born, etter det vi kjenner til. Sigurd, som truleg var den eldste av sønene, er nemnd mellom lendmennene som freista å forsvare Konghelle mot eit vendisk åtak 1135. Forsvaret var mislukka. Sigurd sjølv overlevde, men han fekk ikkje noko langt liv etter dette, vert det sagt. Filippus, den andre av sønene, høyrer vi fyrst om i andre halvdel av 1150-åra, i fylgje med kongane Øystein Haraldsson og Håkon Herdebrei. Såda-Gyrd hadde også ei dotter, Cecilia, som var gift med Jon Kada, bror til Ivar Kalvsson som vart biskop i Nidaros. Jon var også å finne i kong Sigurd Munn og svigerfaren sine rekkjer. Ikkje berre Såda-Gyrd sjølv, men også eit vidare nettverk av familiemedlemmer deltok såleis i hendingar som formar vår eldste politiske historie.