Faktaboks

Roar Kongsfrende
Levetidskommentar
Fødselsår og fødestad er ikkje kjende; Dødsdag og dødsstad er ikkje kjende; nemnd 1203–36
Verke
Birkebeinarhovding
Familie
Foreldre: Ukjende. Gift med Torbjørg Åsulvsdotter, dotter til Åsulv Bårdsson.

Roar Kongsfrende var mellom dei fremste hovdingane for birkebeinarane på byrjinga av 1200-talet.

Det har vore vanleg å rekne Roar som son til ei av kong Sverres halvsystrer på morssida, derav tilnamnet “kongsfrende”. Roar har då rimelegvis fått namn etter sin farfars bror, biskop Roe på Færøyane. Utover namnelikskapen har vi inga andre haldepunkt for denne teorien i kjeldematerialet. Dei aktuelle kjeldene, dvs. Bǫglunga sǫgur og Håkon Håkonssons saga, synest snarare å svekkje ein slik teori. Ved fleire høve blir Roar omtala saman med Peter Støype og Håkon Galen, der det blir presisert at Peter og Håkon var systersøner til kong Sverre. Dette skulle i så fall tyde på at Roar ikkje var det. Det mest nærliggande er å tenkje seg at Roar var ein etterkomar av biskop Roe og dermed kong Håkon Sverressons frende, men det forutset at Munch har rett i sin påstand om at Håkon var son til Astrid Roesdotter. Men heller ikkje dette er det semje om blant historikarane.

Dersom vi tenkjer oss at Roar var ein frende av kong Håkon på morssida, rimer det godt med at det var nettopp i kong Håkons regjeringstid at Roar gjorde seg gjeldande på den politiske arenaen i Noreg. Sagaene opplyser at Roar var ein av hovdingane for birkebeinarane under kong Håkon 1203, og under kong Guttorm Sigurdsson året etter. Ifylgje Peder Clausson Friis' versjon av Bǫglunga sǫgur skal Roar ha vore ein av kandidatane til valet av ny birkebeinarkonge etter Guttorms død. Dei øvrige versjonane av denne kjelda nemner ikkje Roar mellom kandidatane, og ut frå den slektsforbindelsen mellom Roar og kong Håkon som her er framsett, ville eit slikt kandidatur vere lite sannsynleg.

Vi høyrer ellers ingenting om Roar i åra mellom 1204 og 1217. Arnmødlingatal i Fagrskinna opplyser at Roar vart gift med Torbjørg, dotter til Åsulv frå Rein, og det er rimeleg å tenkje seg at dette giftarmålet har kome i stand i Inge Bårdsson si regjeringstid, ettersom Inge og Torbjørg var syskenborn.

Etter Inges død 1217 vart Roar og Dagfinn Bonde sende til Nidaros som talsmenn for biskopen og lendmennene i Gulatingslagen. I brevs form vart det kravd at Håkon Håkonsson skulle takast til konge. Roar var òg mellom rådgjevarane til den unge Håkon Håkonsson ved hirdstemna i Bergen litt seinare same året. Kort tid etter la Roar og Erlend Torbergsson ut på krossferd saman. Roar kom velberga fram til Akko i Palestina og skal ha hausta mange lovord for ferda. Denne erfaringa kom vel også godt med då kong Håkon ca. 1235 valde å sende han til keiser Fredrik 2 på ei av dei mange sendeferdene mellom den norske kongen og keisaren i denne tida. Roar må ha vore godt over 50 år då han la ut på denne ferda, og dette er siste gongen vi høyrer noko om han.

Kilder og litteratur

  • Sverres saga, i Det Arnamagnæanske Haandskrift AM 81a Fol. (Skálholtsbók yngsta), utg. av A. Kjær og L. Holm-Olsen, 1910
  • Bǫglunga sǫgur, sst.
  • Eirspennill, utg. av Finnur Jónsson, 1916
  • Fagrskinna, utg. av Finnur Jónsson, København 1932
  • NFH, bd. 6, 1857 (1943)
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 11, 1952
  • G. M. Gathorne-Hardy: A royal impostor. King Sverre of Norway, 1956
  • K. Helle: Norge blir en stat, 1974