Faktaboks

Reidar Kjellberg
Anders Reidar Kjellberg
Fødd
19. april 1904, Fredrikstad, Østfold
Død
22. februar 1978, Oslo
Verke
Kunsthistorikar og museumsmann
Familie
Foreldre: Avdelingssjef Andreas Emil Andersen (1876–1924) og Mina Andersen (1879–1958). Gift 1938 med danseinstruktør Signe (“Vesla”) Bergve (17.11.1915–30.6.2002), dotter til byråsjef Hallvard Bergve (1880–1928) og Asta Marie Løvestad (1886–1977). Far til Ellen Kjellberg(1948–).
Reidar Kjellberg
Reidar Kjellberg
Av /NTB Scanpix ※.

I meir enn 40 år arbeidde Reidar Kjellberg på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo, dei siste 27 åra som museets direktør. Som museumsmann førde han arven frå dei store museumsbyggjarane Hans Aall og Anders Sandvig vidare. Han hadde fleire sentrale oppgåver også utanfor museet, og med sitt krav om kvalitet sette han sterke og varige spor innan ulike sektorar av kulturlivet. Ikkje minst er kvalitetskravet merkande i hans eiga forsking og kulturformidling, i munnleg og skriftleg form.

I Gyldendals 50-årsjubileumsbok (1974) skreiv Reidar Kjellberg om “Huset i Glemmingegaden”. Dette vesle huset i Fredrikstad, der tre familiar i tre påfølgjande generasjonar budde saman ei tid frå midten av 1870-åra, inneslutta heile den nære slekta hans. Vi får deira slektsbakgrunn: fleire frå husmannsmiljø, farfaren med tilsvarande bakgrunn frå Sverige og med sjøen som arbeidsplass. Reidars far starta som visargut, gjekk seinare over til kontorarbeid og enda som avdelingssjef. Bidraget fortel slektshistorie, men mest om Reidar Kjellberg som menneske, som forskar og som formidlar.

Han tok examen artium 1924 og starta på teologistudiet. Men etter kort tid fann han at det var andre fag som engasjerte meir – kunsthistorie, historie og litteratur. Hans teologiske bakgrunn er likevel merkande livet igjennom. Han skriv om Den hellige natt i kunsten og får fram “den enkle menneskelige stemningen [som] får tone fritt i den stille natten”, og eit kåseri frå 1975 om Dorothe Engelbretsdatter er forma som “en husandakt i gamle Dorthes regi”. 1934 tok han magistergraden i kunsthistorie og gjekk inn i ei stilling som amanuensis ved Norsk Folkemuseum. Her vart han verande livet igjennom; han vart konservator 1937 og nestleiar 1940. Då gamledirektøren, den legendariske Hans Aall, døydde 1946, vart Kjellberg direktør frå 1947 til utgangen av 1974.

Som si første oppgåve fekk den unge amanuensen monteringsarbeid i dei nye magasin- og utstillingsbygningane som nett var reiste. Her kom hans sikre stilsans og innlevingsevne til nytte, kanskje aller klårast demonstrert i kyrkjesamlinga, som i hovudsak har vorte ståande uendra fram til vår eiga tid. Hans namn er også knytt til den redningsaksjonen Folkemuseet gjennomførde under krigen, då store mengder gamalt sølv som var innlevert til gullsmedar i byte mot nytt, vart berga frå å bli smelta om.

Kjellbergs tid på Folkemuseet vart nyskapande. To heilt nye felt vart dregne inn: 1950 vart det sett i gang ei systematisk gransking av arbeidsfolks levekår, fire år seinare utvida med husmannsminne, og same år – 1950 – tok Folkemuseet mot dei samiske samlingane frå Etnografisk museum ved Universitetet i Oslo. Spennet mellom ytterpunkta vart vidt: På eine sida Bogstad herregard, som museet fekk det museale ansvaret for 1955, og på motsett side dei fem små husa frå arbeidarstroket Enerhaugen i Oslo, som vart attreiste i museets gamleby (ferdig innreidde 1969). 1952 fekk museet også attreist ein husmannsplass frå Trøndelag.

Kjellberg var eit ja-menneske, noko både einskildmenneske og institusjonar fekk nyte godt av. I ei årrekkje var han styremedlem og formann i Museumsforbundet, han hadde ei formannstid i Oslo kunstforening, i Kringkastingsrådet og Gyldendals styre, var medlem av Statens Folkeopplysningsråd, Nasjonalgalleriets råd og Statens representant i Norges Kunstnerråd. Lista, som ikkje er fullstendig, vitnar om tillit og fortel om den sterke ansvarskjensla han hadde. Den ligg også bak hans innsats som kulturformidlar. I sine populære radiokåseri og sine mange artiklar i Folkemuseets årbok By og Bygd og andre publikasjonar dreiv han ei fin form for folkeopplysning.

Fordjupande forsking vart det naturleg nok lite tid til, dessutan stilte han så strenge krav til seg sjølv at det måtte bremse forfattarskapet. Men det var nyskapande forsking som kom frå hans hand: Fra senmiddelalder til enevelde i bd. 2 av Det norske håndverks historie, to bidrag i Norsk kulturhistorie og 1400-årene i Verdens kunsthistorie. Men hans mange mindre arbeid vitnar alle om ei vitskapleg grunnhaldning. Som få andre makta han kunsten “at gavne og fornøie” – ein tittel som vart sett på eit utval av Kjellbergs artiklar og kåseri, som kom ut etter hans død.

1957 vart Kjellberg innvald som medlem av Den svenske Kungl. Gustav Adolfs Akademien. 1962 vart han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, og her var han også styremedlem 1964–68. 1973 fekk han Oslo bys kulturpris.

Ved sin avgang vart Kjellberg spurd om kva han var mest glad for når han såg tilbake på tida si på Folkemuseet. Svaret kom raskt: Enerhaugen. Det fortel mykje om Kjellberg – museumsmannen og mennesket. Med Enerhaugen på plass hadde han teke ansvar for ein ny sektor av norsk sosial- og kulturhistorie, og samstundes hadde han vist respekt for – og takk til – sin eigen ættebakgrunn.

Verker

    Eit utval

  • Fra senmiddelalderen til enevelde, i H. Grevenor (red.): Det norske håndsverks historie, bd. 2, 1936
  • Håndverkeren og kjøpmannen, i Norsk kulturhistorie, bd. 2, 1938, s. 94–158
  • Blant laugsbrødre, ibid., bd. 3, 1939, s. 254–291
  • Et halvt århundre. Norsk Folkemuseum 1894–1944, 1945
  • 1400-årene, i E. Lexow m.fl. (red.): Verdens kunsthistorie, bd. 3, 1951
  • Hugo Lous Mohr's takmalerier i Oslo domkirke, 1952
  • Thorbjørn Lie-Jørgensen, 1961
  • Den store stasjon og andre kåserier, 1965
  • At gavne og fornøie, utval ved G. Hølmebakk, (posthumt) 1984
  • artiklar i Norsk Folkemuseums årbok By og Bygd, ulike fagtidsskrift og dagspresse

Kilder og litteratur

  • Kjellbergs eigne arbeid (sjå ovanfor)
  • Stud. 1924, 1952
  • HEH 1973
  • M. Hoffmann: minnetale i DNVA Årbok 1978, s. 191–198
  • T. Gjerdi: “Reidar Kjellberg 19. mai 1904–22. februar 1978”, i By og Bygd, bd. 28, 1981, s. 151–153
  • G. Hølmebakk: føreord i R. Kjellberg: At gavne og fornøie, 1984
  • samtalar med Kjellbergs son Halvor Kjellberg
  • forfattarens personlege kjennskap til og samtalar med Kjellberg

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Teikning (hovud) av Erik Egeland, 1959; trykt i Mgbl. 2.5.1959
  • Byste (bronse) av Anne Raknes, avduka 1974; Norsk Folkemuseum
  • Teikning (karikatur) av Randi Monsen, u.å.; NG
  • Teikning av Pedro, u.å.; p.e.; trykt i By og Bygd1981 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder)