Filolog, språkforskar. Foreldre: Snikkarmeister Anton Christian Iversen (1852–1930) og Emilie Odine Jacobsen (1856–1946). Gift 1) 31.7.1915 med Clara Grace Brodersen (16.3.1878–7.7.1921), dotter til skipsreiar Abraham Brodersen (1836–etter 1900) og Elisabeth Alison Grieve (1839–før 1900); 2) 29.10.1932 med Torborg Tjernström (21.1.1909–2.7.2001), dotter til lærar Johan Tjernström (f. 1871) og Hulda Sofie Forsberg (1879–1914).

Ragnvald Iversen var professor i nordisk språkvitskap. Det vitskaplege arbeidet hans dekkjer mange og ueinsarta språkvitskaplege disiplinar, frå nordnorske dialektar til hemmelege språk i Noreg. Han var òg aktiv i språkpolitikken og formann i rettskrivingskomiteen av 1934.

Iversen tok examen artium ved Tromsø offentlige høiere almenskole 1899. Han blei cand.philol. 1910 og dr.philos. 1921. Gjennom heile studietida livnærte Iversen seg som lærar, først og fremst i Kristiania. Etter embetseksamen var han først adjunkt i Arendal (1910–13), deretter overlærar (lektor) i Hønefoss (1913–20). Frå 1918 var han dessutan universitetsstipendiat i norsk. 1922 blei han professor i norsk ved Noregs Lærarhøgskole i Trondheim. I denne stillinga sat han til han nådde pensjonsalderen 1952.

Iversen starta sin faglege karriere som dialektolog. Hovudfagsavhandlinga hans, Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag, kom ut som bok 1913. 1917 fekk han Kongens gullmedalje for avhandlinga Syntaksen i Tromsø bymål. Såleis er han ein av dei aller første som på vitskapleg grunnlag beskriv og analyserer nordnorske dialektar. Det er òg verdt å merke seg at han i prisavhandlinga skriv om talemålesyntaks i eit bymål, noko som var eit svært uvanleg studieobjekt i nordistikken i samtida.

Iversen var slett ikkje berre dialektolog. For fleire generasjonar norskstudentar var “Iversen” identisk med læreboka Norrøn grammatik. Dette var standardverket i norrøn grammatikk over ei svært lang tid. Doktoravhandlinga hans er språkhistorisk, Bokmål og talemål i Norge 1560–1630. Ho kom ut 1921 som det første bandet i eit tobandsverk.

Også til stilistikken har Iversen bidratt. Norsk stillære i grunndrag (1929) er eksempel på det. Alliterasjon i Henrik Ibsens Digte frå 1941 viser interesse for litterær språkbruk. Ibsen-interessa kjem òg til uttrykk gjennom utgjeving av ei Ibsen-ordbok 1958.

Dei faglege interessene til Iversen femnde vidt. Han interesserte seg m.a. for hemmelege språk, “skjulespråk” som han kalla dei. I Lånord og lønnord hos folk og fant. Første samling (1939) kom han inn på sigøynarspråk i Noreg. Denne interessa følgjer han opp i trebandsverket Secret Languages in Norway (The Romani Language in Norway, 1944, The Rodi (Rotwelch) in Norway, 1945 og The Månsing in Norway, 1950). Det siste store forskingsarbeidet hans dreidde seg om finsk på Finnskogene (Finsk på norsk grunn). I samband med arbeidet med desse verka samla han eit stort og verdifullt leksikografisk materiale som har vore av stor interesse for forskarar i ettertida.

Iversen var svært produktiv. I tillegg til alle bøkene han gav ut, skreiv han ei rekkje artiklar i tidskrift og festskrift. Ein del av desse artiklane er samla i festskriftet Med munn og penn (1957).

Som dei fleste av dei samtidige fagkollegaene var Iversen aktiv språkpolitisk. Han var formann for rettskrivingskomiteen av 1934 som leverte “Tilråding” 1934 (og “Tilleggstilråding” 1936) som låg til grunn for rettskrivingsreforma av 1938.

Iversen var preses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1932; han var rektor ved Noregs lærarhøgskole, leiar av det norske litterære ordboksverk frå 1921, styremedlem i Det videnskapelige forskningsfond, medlem i Norges almenvitenskapelige forskningsråd, formann i skriftstyret for Norsk pedagogisk Årbok og Norsk pedagogisk Tidsskrift og æresmedlem i Norsk pedagogisk Landslag. Han blei medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi 1922, Det Kongelige Norske Videnskapers Selskab 1926, Kgl. Gustav Adolfs Akademien i Uppsala 1923, Kgl. Humanistiska Vetenskaps-Samfundet i Uppsala 1959 og Språkvetenskapliga Sällskapet i Uppsala 1952, og han blei æresdoktor ved Uppsala universitet 1954. På fritida arbeidde han også for speidarsaken og var norsk visespeidarsjef 1920–45.

  • Senjen-maalet. Lydverk i hoveddrag, 1913
  • Syntaksen i Tromsø bymål, 1918
  • Norrøn grammatik, 1923 (7. utg. revidert ved E. F. Halvorsen, 1973)
  • Bokmål og talemål i Norge 1560–1630 bd. 1, dr.avh., 1921, bd. 2, 1932
  • Norsk stillære i grunddrag, 1929
  • Lånord og lønnord hos folk og fant. Første samling, Trondheim 1939
  • Alliterasjon i Henrik Ibsens Digte, Trondheim 1941
  • Secret Languages in Norway, 1944–50
  • Med munn og penn. Forelesninger og studier, Trondheim, 1957
  • Ibsen-ordbok. Ordforrådet i Henrik Ibsens samlede verker, 1958
  • Finsk på norsk grunn. Reliktstudier, bd. 1, Trondheim 1958
  • Stud. 1899, 1924
  • H. Meyer: biografi i NBL1,bd. 6, 1934
  • HEH 1959
  • SNL,bd. 8, 1997
  • E. Hovdhaugen m.fl. (red.): The History of Linguistics in the Nordic Countries,Helsinki 2000
  • Måleri (halvfigur) av Odd Mølleskog, 1952; NTNU