Faktaboks

Ragnvald Indrebø
Ragnvald Andreas Indrebø
Fødd
22. november 1891, Os, Hordaland
Død
26. juni 1984, Bergen
Verke
Biskop
Familie
Foreldre: Overlærar Ludvig Johannes Indrebø (1864–1921) og Severine Malene Frøysland (1861–1943). Gift 25.6.1922 med Eva Foss (9.11.1903–26.2.1982), dotter til stasjonsmeister Kristoffer Foss (1878–1935) og Helga Larsen (1878–1951). Bror til Gustav Indrebø (1889–1942).

Ragnvald Indrebø var biskop i Bjørgvin 1948–61. Han var òg aktiv i kristeleg organisasjonsarbeid, og i 1930-åra stod han for ei ny omsetjing av Bibelen til nynorsk.

Indrebø hadde dei fyrste barneåra sine i Jølster og seinare i Gaular, før familien flytta til Vestre Aker 1901. Faren var lærar og kyrkjesongar og engasjerte seg i det kristne ungdomsarbeidet. I heimen fekk Indrebø ei kristen oppseding som vart avgjerande for heile livsinnstillinga hans.

Etter examen artium som privatist 1911 tok Indrebø til å studere teologi ved Menighetsfakultetet, og han vart cand.theol. 1918. Hausten same året tok han den praktisk-teologiske prøva. Striden mellom den liberale og den konservative teologien prega studietida hans. Han kom inn i ei personleg truskrise, men vann fram til eit konservativt teologisk standpunkt som han seinare heldt fast på.

Indrebø var lærar i den høgre skulen og lærarskulen i nokre år. 1921 vart han ordinert til vikarprest i Bjørgvin bispedøme og året etter utnemnd til sokneprest i Jølster. 1927 gjekk han igjen ut i skulen som styrar ved Sunnfjord ungdomsskule. 1929 vart han kalla til generalsekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund, men sjukdom gjorde at han vart i denne stillinga berre eit års tid. Han var konstituert sokneprest i Matteus kyrkjelyd i Oslo 1930–34, residerande kapellan i Jakob kyrkjelyd 1934–46 og sokneprest i Vestre Aker 1946–48. Han vart vigsla til biskop i Bjørgvin 1948 og sat i dette embetet til han gjekk av med pensjon 1961.

Ragnvald Indrebø hadde mange verv i Den norske kyrkja og i det kristne organisasjonslivet. Han var m.a. formann i Norges Kristelige Ungdomsforbund 1936–52 og redaktør for Luthersk Kirketidende 1938–48. Under den andre verdskrigen var han aktiv i motstanden mot dei tyske okkupantane og det norske NS-regimet. Han var medlem av Kirkens samråd, som organiserte “kyrkjefronten” mot NS-styresmaktene, og av Den midlertidige kirkeledelse frå hausten 1942.

I åra 1934–38 gjorde Indrebø eit viktig arbeid med å revidere den nynorske Bibelen etter dei same prinsippa som bokmålsbibelen frå 1930. Den bibelutgåva Indrebø stod for, var einerådande som nynorskbibel i 40 år. I 1970-åra var han konsulent i samband med ny omsetjing av Det gamle testamentet på nynorsk. Han tok del i arbeidet med ei felles kyrkjesalmebok og var med i tre salmeboknemnder.

Indrebø vart tidleg på tale som biskop. Alt ved bispevalet i Bjørgvin 1931 samla han mange røyster, og i fleire bispedøme var han seinare blant dei fremste i røystetal. Då Bjørgvin bispestol vart ledig igjen 1948, oppnådde han eit solid fleirtal og vart utnemnd. Med si breie kyrkjelege røynsle hadde Indrebø dei naudsynte kvalifikasjonar for bispegjerninga. I bispekollegiet representerte han den lågkyrkjelege, teologisk konservative retninga i kyrkjefolket.

I striden om helvete og kvinnelege prestar i 1950-åra var Indrebø ein talsmann for det konservative teologiske synet. Han var ein av dei mest kritiske til biskop Kristian Schjelderup, som offentleg hadde kritisert Ole Hallesbys namngjetne “helvetestale” og avvist læra om evig helvetsstraff. Indrebø uttalte at Schjelderup ikkje berre braut med kyrkja si vedkjenning og Bibelen, men også med ordinasjonslovnaden sin, og at han i dette spørsmålet derfor ikkje talte på vegne av kyrkja. Indrebø gjekk også sterkt imot ordinasjonen av den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja, fordi han meinte at kvinnelege prestar var i strid med Bibelen og den kyrkjelege tradisjonen.

Indrebø vart buande i Bergen etter at han gjekk av som biskop, og han døydde der 1984.

Verker

  • Evangeliet i forkynning og sjelesorg (sm.m. B. Rolness og J. Kvistad), 1933
  • oms. Bibelen eller den heilage skrifti, 1938
  • utg. K. Andersen-Høntorp: Kyrkjesoge, 1941 (og seinare utg.)
  • Kulturkrisa i dag, 1949
  • Mot sentrum. 25 brev tiI konfirmanter og all ungdom (sm.m. O. Valen-Sendstad og O. Bjelland), Bergen 1951
  • Dei fyrste biskopane i Bjørgvin bispedøme, Førde 1971
  • ei rekkje artiklar i ymse populærteologiske publikasjonar, kyrkjelege blad og den kristelege dagspressa

Kilder og litteratur

  • Stud. 1911, 1936, 1961
  • HEH, fleire utg.
  • “Biskop Ragnvald Indrebøs vita”, i TTK 1948, s. 209–212
  • De evige helvetesstraffer og bekjennelsen, 1954
  • C. F. Wisløff: Norsk kirkehistorie, bd. 3, 1971
  • biografi i Prester i Den norske kirke, 7. utg. 1974
  • K. Norderval: Mot strømmen. Kvinnelige teologer i Norge før og nå, 1982
  • J. Bondevik: “Femti år etter. Ragnvald Indrebø sitt arbeid med 1938-bibelen”, i Bjørgvin 1988, s. 33–40

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Knut Glambek, 1961; Bergen domkyrkje