Faktaboks

Ragnvald Vaage
Fødd
29. april 1889, Husnes i Kvinnherad, Hordaland
Død
27. juni 1966, Haugesund, Rogaland
Verke
Diktar og bonde
Familie
Foreldre: Gardbrukar Ola Larsson Vaage (1844–97) og Ragnhild Larsdotter Opsanger (1855–89). Gift 20.4.1916 i Bergen med Dorothea Raunehaug (4.5.1892–4.2.1973), dotter til lærar og klokkar Erling Raunehaug (f. 1859) og Gunnhild Hystad (f. 1865).

Ragnvald Vaage såg seg som bonde, men vert hugsa for dei 20 bøkene han gav ut mellom 1912 og 1965 – sju diktsamlingar, resten barnebøker, romanar, forteljingar og noveller. Gardsarbeidet tok i periodar energien frå forfattargjerninga, men Vaage skreiv artiklar og reiste som folketalar. Han kjempa mellom anna for folkeretten, bondekulturen og nynorsken.

Vaage mista båe foreldra i ung alder, men hadde likevel ein god og fri oppvekst. 16 år gammal drog han til Bergen og fekk seg arbeid. Etter ei tid reiste han heim att og var mellom anna med på sildefiske. Hausten 1906 starta han på folkehøgskulen på Voss, og der blei han i to år. Deretter var han eit års tid på Jæren og lærte jord- og hagebruk. 1912 arbeidde han som gartnar på ein stor gard i Tyskland, samstundes som han utdanna seg på Askov Højskole i Danmark. Utdanninga og reisene la grunnlaget for det som skulle bli den samfunnsengasjerte og idealistiske folketalaren med røter i Hordaland Ungdomslag.

Ragnvald Vaage tok over farsgarden på Kjørve på Sunde i Sunnhordland 1926. Han kjende seg dregen mellom skrivinga og plikt mot slekt og gard, noko han skriv om i diktet Jordson:

Den som vart fødd til Jordson,

Han fektar kje med stilett,

Våpna mine er plogjarn

Og mineborestål og spett.

Vaage hadde lese mykje, særleg tyske klassikarar, og han var svært oppteken av Garborg. Han blei god ven med den samtidige diktaren Olav Nygard.

Dei fyrste tekstene Vaage gav ut, var dikt. 1912 kom samlinga Liv som strir, året etter Bylgja og 1914 Strengspel. Samlingane blei godt mottekne, særleg for klokskap og sikker formevne. 1915 kom teksten Gullbergland, der Vaage var inspirert av Garborgs Haugtussa. Kritikken var ikkje like god, og det gjekk lang tid før Vaage gav ut fleire bøker.

Verdskrigane påverka forfattaren. Vaage hadde ein son som flykta til Storbritannia etter den tyske okkupasjonen av Noreg 1940; han støtta heimefronten og sleit hardt som husmann for tyskarane. I samband med rettsoppgjeret etter 1945 gjekk han hardt ut mot dødsstraff.

Etter krigen skreiv Vaage mest for barn, og mykje om Gud. Barnebøkene er gode og blir stadig lesne. Gutane på Tedneholmen (1923) var den fyrste, deretter kom Den forunderlege vegen, Den gode sumaren og Stivnakkane. Innhaldet er ofte sjølvbiografisk; bestemora som er med fleire stader, har trekk av bestemora hans. For Stivnakkane fekk han Noregs Mållags barnebokpris.

1948 gav Vaage garden frå seg, og det hadde han gledd seg til. No fekk han betre tid til skrivinga, og 1953 kom romanen Den vonde draumen, som han fekk Sunnmørsprisen for. Teksta har eit mørkt, alvorleg tema og er blant dei beste han skreiv.

Ragnvald Vaage gjekk for å vere ein stor talar. Han engasjerte seg i mykje og skreiv artiklar i aviser, blad, tidsskrifter og årbøker. Han tok opp store tema, men var kjend som ein humoristisk talar. Sonesonen, forfattaren Lars Amund Vaage, seier at bestefaren var “ein stillferdig og smilande mann som skreiv triste bøker”.

Vaage døydde på Haugesund sjukehus 1966. Ved brua på Sunde står eit minnesmerke over han, laga av Ståle Kyllingstad.

Verker

  • Verkliste finst i Dale og Nerhus 1959 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), s. 237–243

    Diktsamlingar

  • Liv som strir, 1912
  • Bylgja, 1913
  • Strengspel, 1914
  • Ættarjord, 1929
  • Dikt i utval, 1959
  • Heim frå havet, 1965

    Barnebøker

  • Gutane paa Tedneholmen, 1923 (3. utg. 1977)
  • Den forunderlege vegen, 1949
  • Den gode sumaren, 1955
  • Stivnakkane, 1957
  • Ola og Borken, 1960

    Anna

  • Gullbergland, diktforteljing, 1915
  • Isløysing, roman, 1924
  • Paa botnen, roman, 1925 (2. utg. Bergen 1989)
  • Bø-karane, roman, Bergen 1928
  • Porsvikfola, roman, 1930
  • Mot stupe, roman, 1933
  • Mannsemne, forteljingar, 1936 (2. utg. Bergen 1974)
  • Av jord er du komen, noveller, 1941
  • Den vonde draumen, roman, 1953

Kilder og litteratur

  • J. A. Dale og H. Nerhus (red.): Festskrift til Ragnvald Vaage på 70-årsdagen 29. april 1959, 1959
  • Ragnvaldskvæde. Minnehefte til Ragnvald Vaage 29. april 1964, Bergen 1974
  • J. A. Dale: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • S. Hagemann: Klassisk barnelitteratur før oss, 1977
  • O. Olderkjær: “Sunnhordlandbølgja sin bestefar”, i BTid. 2.3.2004

Portretter m.m.

  • Minnesmerke av Ståle Kyllingstad, 1972; ved Sunde bru, Kvinnherad