Faktaboks

Preben von Ahnen
Fødd
18. september 1606, Rügen, Tyskland
Død
15. november 1675
Verke
Lensherre, amtmann og godseigar
Familie
Foreldre: Faren var den pommerske adelsmannen Staffen von Ahnen; mora ukjend. Gift 1) med Else Urne, dotter til lensmann Knud Axelsen Urne (1564–1622) til Årsmarke og Margrethe Eilersdotter Grubbe (1568–1654); 2) 8.3.1657 med Karen Vind (1626 (døypt 25.6.)–22.11.1705), dotter til Iver Vind (1590–1658) til Klarupgård og Helvig Skinkel (1602–77). Far til Iver von Ahnen (ca. 1659–1722; sjå NBL1, bd. 1).

Preben von Ahnen var lensmann, seinare amtmann og ein av landets største godseigarar med interesser i fleire jarnverk.

Han var som ung tysk adelsmann i 1629 komen til Noreg i samband med arveoppgjer etter farbroren Claus von Ahnen. Dette gav han truleg kontroll med noko jordegods. Han vart verande i landet, og frå 1640 fungerte han som rittmeister for eit ryttarkompani sønnafjells. Under Hannibalsfeiden hadde han funksjon som krigskommissær på Akershus, og frå 1646 hadde han Nordlanda i len. Futedøma Salten, Andenes, Senja og Tromsø heldt han i eige namn. Helgeland, Lofoten og Vesterålen vart ofte nytta til å løna tenarar ved hoffet, så her administrerte han ei tid for danske herrar. Ved overgang til amtsordninga først i 1660-åra vart han sitjande med Nordlanda utan at vi kjenner noko utnemning i den nye stillinga. Han avslutta sin karriere som amtmann i Bratsberg 1669–75.

Som lensmann i Nordlanda skal Preben von Ahnen på konkret vis ha synt engasjement og interesse for fleire næringsvegar, for fiskeria, for kvalfangst lang kysten, og for å få i gang gruvedrift. Han meinte fiskerogn kunne utnyttast betre, og skaffa seg monopol på eksport, men dette var ingen stor suksess. Heller ikkje det kvalfangstselskapet han skipa vart særleg vellykka. For å betre postgangen i Nord-Noreg fekk han utverka kongeleg forordning av 20. mars 1663, som organiserte postføring i lange etappar frå Trøndelag til Finnmark.

Han spela ein rolle under krigane 1657–60. Vinteren og våren 1657 var han i Danmark, vart 9. mars oppnemnd som generalkommissær nordafjells, først saman med Ove Bjelke og dernest saman med Jørgen Bjelke, vart konsultert om sjansane for innfall frå Nordlanda mot Sverige under den planlagde krigen, og fekk kongelege instruksar med tanke på krigsinnsats. Eit krigsmål som han truleg gjorde kongen merksom på, var det vesle sølvverket på Nasafjell like sør for polarsirkelen. Det var starta av svenskane 1635, men frå dansk-norsk side vart det hevda at det låg på norsk side av grensa. Sommaren 1657 vart Helgelands, Saltens og Senjas kompani oppsette, skjærbåtar vart sette istand og vakthald etablert, alt under leiing av lensmannen. På svensk side var ein klar over fåren for åtak, og landshøvdingen heldt troppar tilbake til forsvar. Yngvar Nielsen har hevda at Preben von Ahnen stod for ei militær bragd ved å herja Nasafjell sølvgruve i februar 1658. Sølvgruva og den vesle staden Silbojokk vart herja, men som Arne Odd Johnsen har vist, skjedde det først i august 1659 under den neste krigen, då von Ahnen også var med på å vinna Jämtland tilbake.

Gjennom dei meir enn 20 åra som kongeleg lensmann og amtmann i Nordlanda viste han stor aktivitet i embetet. Aktiviteten var mindre etter at han som 63-åring kom til Bratsberg som amtmann. Han hadde i si embetstid også bygd seg opp til å bli ein av dei store godseigarane i landet. Alt i 1651 hadde han kjøpt det sentrale Dønnagodset på Helgeland. Han slo seg likevel ikkje ned der, men heldt fram med å bu på Bodøgård. Like før han døydde, selde han det meste av godset sitt i Nordlanda, i alt om lag 130 gardar, til tollkommissær, seinare amtmann i Nordlanda, Peder Tønder. Gjennom sitt andre ekteskap hadde han fått hand om Kaupanger og Stedje i Sogn. Sonen Iver von Ahnen, som var stiftamtmann i Trondheim 1700–1722, overtok dette godset. Ved giftarmål i 1680-åra knytta han det saman med Losnagodset, og dernest selde han det kring 1710 til lagmann Nils Knag (seinare adla Knagenhjelm).

Ein god del av godset sitt hadde von Ahnen i nærleiken av sitt siste embetssete. Han disponerte setegardane Fossnes og Herre-Skjelbred i Tønsberg len, Eid i Sandsvær og Ulefoss i Holla. Ei tid eigde han Fossum jarnverk i Gjerpen og deler av Hollen verk. Godset hans vart ikkje halde samla etter hans død, og sonen døydde dessutan barnlaus.

Kilder og litteratur

  • J. K. Bergwitz: Fra adelsstyre til enevelde i Norge, 1918
  • S. H. Finne-Grønn: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • A. O. Johnsen: Krabbekrigen og gjenerobringen av Jämtland 1657–58, 1967
  • A. Coldevin: Dønna bygdehistorie, Mosjøen 1980