Faktaboks

Pierre Flor
Pierre Poumeau Flor Peter Flor
Fødd
25. september 1775, garden Lilleaker i Aker (nå Oslo)
Død
8. april 1848, Drammen, Buskerud
Verke
Politikar, redaktør og offiser
Familie
Foreldre: Auditør og regimentskvartermeister, titulær generalkrigskommissær Jens Lorentz Flor (1730–1806) og Maren Bolette Heegaard. Ugift.
Pierre Flor

Portrett

Pierre Flor
Av /※.

Peter Flor, som han vart kalla i samtida, vart under dei politiske brytingane i åra etter 1814 ein av dei mest omstridde personane i landet. Som stortingsmann og publisist var han sterkt radikal og førte nye synsmåtar inn i politikken.

Flor vart fenrik 1789 og sekondløytnant 1790, tok dansk juridisk eksamen 1792 og auditøreksamen året etter. Han gjorde teneste som offiser fram til 1800, då han grunna sjukdom fekk avskil med pensjon. Under krigen med Storbritannia sa han frå seg pensjonen att, og gjorde teneste som divisjonssjef i kystvernet. Som takk for innsatsen fekk han tittelen krigsråd 1812, men denne sa han frå seg att 1833. Han var gardbrukar 1806–11, og i åra 1810–12 skreiv han artiklar om jordbruksreformer. 1816 grunnla han, saman med Søren Tybring, avisa Drammens Tidende, der han òg var redaktør ei tid. Hans opposisjonelle agitasjon i avisa var truleg medverkande til at han vart vald som stortingsmann 1818.

Flor var stortingsrepresentant frå Drammen 1818 og 1821, og på det overordentlige Stortinget 1822. Han var president i Lagtinget i to korte periodar 1821, og var den einaste ikkje-embetsmann i presidentskapet før 1874. På desse stortingssamlingane vart Flor ein av dei fremste talsmennene for opposisjonen, som retta seg mot regjeringa og mot det embetsmannsdominerte stortingsfleirtalet. På Stortinget 1821 vart opposisjonen kalla det “Flor-Hoelske parti” etter frontfigurane Flor og Jacob Hoel frå Hedmark. “Partiet” talde i overkant av 20 tingmenn, og var ein koalisjon av borgarar og bønder. Utgangspunktet var ynsket om å unngå ein deflatorisk politikk, men grupperinga hadde eit breitt nasjonalt, økonomisk og konstitusjonelt program.

Det var i unionspolitikken Flor markerte seg sterkast, og her gjekk han offensivt ut og spelte for fullt på patriotisme og nasjonalkjensle. Han ville fjerna alle symbol på at Noreg var underordna Sverige, og kom med framlegg om avskaffing av statthaldarposten, kravde eige norsk flagg og norskproduserte kroningsregalia, og at Noreg måtte nemnast før Sverige når kongen sin tittel vart brukt i Noreg. Flor kjempa hardt for å redusera embetsmennene si makt, både i og utanfor Stortinget. Han foreslo oppheving av ei rekkje av dei høgaste embeta, og uttalte seg så skarpt om embetsstanden at det vart gjort framlegg om å stilla han for riksrett.

1821 kom regjeringa med framlegg til ei ny maktfordeling mellom statsmaktene, og Flor ville straks stilla heile regjeringa for riksrett. 1823 gav han ut eit skrift der han med grunnlag i Jeremy Bentham sine politiske teoriar påviste at regjeringa sitt framlegg ville undergrava både grunnlova og Stortinget. Flor ville tappa både Storting og regjering for makt til fordel for primærforsamlingar i kommunane, som sjølv skulle velja sine embetsmenn. Seinare gjekk han òg inn for allmenn røysterett.

Flor vart kontroversiell ikkje berre for sine radikale idear, men òg for si temperamentsfulle og uredde framferd. Ein medrepresentant uttalte at Flor “var ikke redd for Satan selv”. Tilhengjarane såg han som ei “Kæmpe af den gode, gamle ægte norske Skole”, medan motstandarar meinte “ansiktet var galde sykt, munnen utspydde edder” og at han var “næsten gal af raseri i almindelighed”.

Etter mykje uro kring stortingsvalet i Drammen 1824 vart Flor avvist som representant av Stortinget sin fullmaktskomité, m.a. av di han som valmann hadde røysta på seg sjølv. I åra etterpå var han ein aktiv og omstridd skribent. Han skreiv i ei rekkje blad og aviser, m.a. Patrouillen, Statsborgeren, Folkebladet (som han gav ut saman med Henrik Wergeland 1831–33), og Drammens Adresse, der han var redaktør 1840–42.

Flor kom inn att på Stortinget som fast møtande suppleant 1842, men var då berre ein skugge av den gamle hissige agitatoren. 1845 heidra Stortinget hans “Retsind og Fædrelandskjærlighed” med ein årleg pensjon på 150 spesidalar.

Verker

  • Oeconomisk Reise til Lister og Jæderen, foretagen i Efteraaret 1810, i Topographisk-statistiske Samlinger, bd. 1, 1811, s. 1–158
  • Motion i Norges Storthing den 17de Marts 1818, med dertilhørende Deduction m.m., 1818
  • Forslag om en Deel unødvendige Embeders Afskaffelse, 1821
  • Bemærkninger over de paa det tredie ordentlige Storthing 1821 fremsatte Constitutions-Forslag, Drammen 1823
  • Critisk Bedømmelse over “Udkast til en Lov angaaende Formænd, eller de elegerede Mænd i Kjøbstæderne og Ladepladserne, affattet i Committeen for Norges Lovgivning”, Drammen 1826

Kilder og litteratur

  • Biografi i NFL, bd. 2, 1888
  • do. i Lindstøl, bd. 1, 1914
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • R. Laache: Nordmenn og svensker efter 1814. Spredte trekk som bidrag til unionens historie, 1941
  • S. Steen: På fallittens rand, 1953
  • d.s.: Krise og avspenning, 1954
  • J. A. Seip: Utsikt over Norges historie, bd. 1, 1974
  • Y. Skjæveland: Nasjonal retorikk i Det norske Nationalblad 1815–1821, 1996

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (halvfigur) av Mathias Stoltenberg, 1842; Stortinget, Oslo