Lege, universitetsrektor. Foreldre: Høgsterettsadvokat Johan Bernhard Hjort (1895–1969) og Anna Cathrine Holst (1895–1992). Gift 1948 med adjunkt Tone Seip (9.2.1926–7.4.2001), dotter til professor Didrik Arup Seip (1884–1963) og Johanne Karoline Louise Remmer (1892–1966). Bror til Wanda Heger (1921–) og Johan Hjort (1922–2001).

Peter Hjort var internasjonalt kjend som medisinar, særleg innanfor samfunnsmedisinsk forsking, men namnet hans er først og fremst knytt til oppbygginga av Universitetet i Tromsø, der han som formann for interimsstyret og universitetets første rektor spela ei stor rolle for etableringa av det nye universitetet.

Hjort tok examen artium 1942 og blei cand.med. 1950, dr.med. 1957 og spesialist i indremedisin 1959. I 1950-åra hadde han fleire ulike stipendiat- og legestillingar til han blei assistentlege/reservelege på Ullevål sykehus 1960, visiting professor ved University of Southern California 1963, dosent i hematologi ved Universitetet i Oslo 1964 og professor same staden 1969. Same året blei han oppnemnd som formann for interimsstyret for Universitetet i Tromsø.

Det stod strid om stortingsvedtaket i mars 1968 om etableringa av Universitetet i Tromsø; ikkje minst gjekk det akademiske etablissementet imot. Striden var særleg krass når det galdt spørsmålet om å leggje medisinarutdanning til Tromsø. Departementet var derfor oppteke av å finne ein person som leiar av interimsstyret som kunne klare å lose oppbygginga av ein medisinsk skole i hamn. Valet fall altså på Peter Hjort. Det var eit lykkeleg val.

I dei kritiske åra mellom 1969 og 1973 sette Hjort sitt sterke preg på eit arbeid av stor regional og nasjonal betydning. Han såg det først og fremst som ei rettferdssak at Nord-Noreg skulle få sitt eige universitet. Å reise eit universitetet i Tromsø var “ei nasjonal æressak”. Hjort var ein av svært få i det akademiske miljøet i Oslo som på eit tidleg tidspunkt stødde tankane om eit universitet i Tromsø. I tillegg var han høgt fagleg respektert og kunne såleis stå som garantist for at det nye universitetet heldt faglege mål. Det gjorde han m.a. ved å setje klare vilkår for å ta på seg oppdraget, vilkår som førte til at dei økonomiske rammene blei monaleg betre enn dei opphavlege kalkylene frå departementet hadde lagt opp til. I tillegg var Hjort overtydd om at universiteta generelt trong reformer, og at endringar var lettare å setje ut i livet ved eit nytt universitet enn ved dei gamle.

Denne kombinasjonen av reformvilje, analytisk evne, politisk klarsyn og personlege eigenskapar som praktisk sans, gode sosiale antenner og ein ukueleg vilje til å løyse vanskelege oppgåver, gjorde at Hjort var rette personen til denne store oppgåva. Han blei vald til universitetets første rektor 12. oktober 1972. Same året blei universitetet offisielt opna. Hjort trekte seg som rektor 1973 etter ein tilspissa strid med studentane. Da han forlet Tromsø for å gå attende til professoratet på Rikshospitalet, var det lagt eit solid fundament for det fjerde i rekkja av norske universitet.

Hjort kom aldri til å tiltrå i den gamle stillinga si ved Rikshospitalet. I staden blei han 1975 leiar for “Gruppe for helsetjenesteforsking under NAVF”; prosjektet blei seinare knytt til Statens institutt for folkehelse. Han sat i denne stillinga til han gjekk av ved pensjonsalder 1994. I tillegg var han mellom 1977 og 1994 tilsynslege ved Ullern alders- og sykehjem. Om dette sa han sjølv: “Arbeidet opptok meg, og jeg føler at sykehjemmet er det arbeidsstedet der jeg har lært mest i mitt liv.”

Frå 1998 til ho døydde 2001 var Hjort pleiar for kona si, som fekk ein hjerneskade som følgje av operasjon. Dei erfaringane han fekk i denne rolla, delte han generøst med lesarar av ymse aviser og tidsskrift. Han var ei innsiktsfull og kritisk stemme når det galdt norsk helse- og sosialpolitikk.

Trass i at Hjort forlet Tromsø tidleg i historia til universitetet, er namnet hans uløyseleg knytt til denne institusjonen. Banda til Tromsø var alltid sterke, og 1994–2000 var dei formaliserte gjennom ymse oppdrag og ei professorstilling som blei brukt til å utvikle fagområdet geriatri.

Hjort hadde ein stor fagleg produksjon bak seg. Han publiserte artiklar innafor spesialfeltet sitt, hematologi, men etter kvart også innanfor geriatri og gerontologi. Han hadde eit internasjonalt namn på det samfunnsmedisinske forskingsfeltet med fokus på mål, midlar, metodar og kvalitet i helsetenesta. Han skreiv dessutan ikkje lite om dødspleie og etikk. I tillegg skreiv han ei rekkje artiklar om universitetspolitikk og undervisning i åra mellom 1969 og 1974.

Kommandør av St. Olavs Orden frå 1974. Han blei medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi 1969 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1979. Han er æresdoktor ved Universitetet i Tromsø (1982), ved Uppsala universitet (1992) og Norges idretthøgskole (1998). Han fekk Karl Evangs pris for fortjenstfullt helseopplysningsarbeid 1984 og Nordiska Folkhälsopriset 1989. Han blei utnemnd til æresmedlem av Norsk geriatrisk forening 1995 og fekk Offentlige legers landsforenings hedersbevis same året.

  • Ei rekkje faglege arbeid
  • Universitetet i samfunnet. Artikler og foredrag om Universitetet i Tromsø, 1976
  • Helse for alle! Foredrag og artikler 1974–93, 1994
  • Helseleksikon for eldre (sm.m. E. Kåss), 1997
  • Stud. 1942, 1967
  • P. F. Hjort: Universitetet i samfunnet, 1976 (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • N. Fulsås: Universitetet i Tromsø 25 år, Tromsø 1993
  • HEH 1994
  • biografi i NL, bd. 2, 1996