Eventyrsamlar, forfattar, zoolog og forstmann. Foreldre: Glasmeister Anders Asbjørnsen (1776–1849) og Thurine Elisabeth Bruun (1789–1845). Ugift.

Saman med Jørgen Moe spela P. Chr. Asbjørnsen ei viktig rolle for den norske sjølvkjensla på 1800-talet. Arbeidet med å samla, fortelja og gjendikta norske folkesegner og eventyr var med på å gi det norske folket røter og ein nasjonal identitet.

Asbjørnsens far ætta frå Gudbrandsdalen, mora var lensmannsdotter frå Sunnmøre. Det er ofte blitt hevda at tradisjon høyrer saman med bondekulturen, men for ein framtidig eventyrutgjevar gav også handverksmiljøet i hovudstaden eit godt grunnlag. Glasmeister Asbjørnsen hadde sitt eige hus med verkstad i Dronningens gate, og her levde læregutar og handverkssveinar saman med meisterens familie i ein patriarkalsk husorden. Mange av dei kom frå landsbygda og kunne ha lange vandringsår i inn- og utland bak seg. Forteljing og song var ein naturleg del av arbeid og fritid, og kundene var både interesserte tilhøyrarar og bidragsytarar.

Den einaste konkrete opplysning om oppvekstmiljøet til Asbjørnsen finn vi i merknaden til eventyret Kjærester i skogen, der det heiter at han ofte har høyrt det av læregutar i farens verkstad. Han kom aldri til å skildra tradisjonsmiljøet i farens verkstad, kanskje fordi det gjekk ut for faren, og dei måtte 1831 flytta ut av byen til Grønlandsleret, noko som gjekk hardt inn på 19-åringen. I En Aften i Nabogaarden har han gitt ei levande skildring av barndomsgata. Ola gardsgut og bakekona Kari Gusdal er kanskje ikkje verkelege personar, men det var av slike han i sin barndom høyrde segner og eventyr.

Interesse for naturen og dermed lange turar til Ekeberg og andre stader, vide leseinteresser og langvarig sjukdom gjorde at faren tok han ut av katedralskulen 1826 og 1827 og sende han til eit artiumskurs eller ein “studentfabrikk” som presten Christopher Støren og premierløytnant Peter Johan Støren dreiv i Norderhov. Her møtte han Jørgen Moe og Andreas Wulfsberg Grøtting som han knytta nære venskap med. Særleg store framsteg gjorde han ikkje her heller, han kom tilbake til katedralskulen, og først etter kontinuasjonseksamen 1835 vart han student. Også nå hadde han lange sjukefråver, og i dei siste åra måtte han sjølv tena til livets opphald og til å betala manuduktørane sine, dei seinare kjende professorane P. A. Munch og A. M. Schweigaard. I tre år var han huslærar på Romerike, først på Børke, deretter hos O. J. Grinder på Fjeldstad i Gjerdrum. Etter studenteksamen las han naturvitskap og skreiv seg i juni 1837 inn som medisinsk student.

Opphaldet på Romerike vart viktig for Asbjørnsen på fleire måtar. Han forlova seg hemmeleg med dotter til proprietær Grinder, Caroline Mathilde. Men glasmeistersonen var ikkje noko godt parti, og ei tid etter at han hadde flytta tilbake til byen, vart ho gift med ein annan. – Det er blitt skrive mykje om denne kjærleikssoga og kva den hadde å seia for Asbjørnsen. Anders Krogvig (NBL1) meiner at han kom seg fort over det, “at sukke aar efter aar for en fjern og uopnaaelig tilbedt var en rolle som passet daarlig for Asbjørnsen”. Knut Liestøl, som står på den mest solide kjeldegrunn, hevda at Caroline var “ei rik glede, ei sæl von, ei maning til å samla seg om eit framtidsmål, – og så gjennom år eit sårt minne. Men likevel: ho var berre ein episode”. Asbjørnsen har skildra Caroline med stor sympati i Huldreæt, mens han gjer far hennar til lått i En Aftenstund i et Proprietair-Kjøkken.

I desse åra la han grunnlaget for den store litterære produksjonen sin. Men først og fremst var det her han begynte å samla folkedikting. Tilskuven til å skriva ned folkedikting synest å ha kome frå Andreas Fayes Norske Sagn, den første norske tradisjonssamlinga, som kom ut 1833. Då det vart kjent at Faye tenkte på ei ny utgåve, sende Bernt Moe, som var assistent i Riksarkivet, ei samling til han i februar 1835, inkludert tre segner frå Asbjørnsen. I eit takkebrev til Asbjørnsen utnemnde Faye han til “Overordentlig Sagn-Ambassadør”. Asbjørnsen kvitterte med 12 segner og ei folkevise som han hadde samla mellom slektningar og vener. Ei tredje samling vart aldri sent, for i mellomtida hadde han samla så mykje nytt stoff at han meinte han kunne gje det ut sjølv.

Nå ser vi Asbjørnsens arbeidskraft og energi; same året som han kom tilbake frå Gjerdrum, utkom Nor, en Billedbog for den norske Ungdom med både eventyr og segner. Men diverre meinte forleggjaren, C. A. Guldberg, at det måtte vera meir variasjon i boka. Bernt Moe påtok seg å skriva eit stykke som vart eit dårleg hastverksarbeid, og boka fekk ikkje den mottaking ho truleg ville ha fått om Asbjørnsen hadde vore åleine om henne. – Moltke Moe går ut frå at Jørgen Moe hadde vore Asbjørnsens medarbeidar, og at Nor var ein prøveballong for ei større utgåve. Det er truleg feil, men sikkert er det at dei hadde brevskiftast ganske intenst sidan opphaldet på Norderhov. Asbjørnsens brev frå før 1838 er bortkomne, mens J. Moes brev er utgitte av Krogvig. Dei diskuterte ikkje minst diktardraumar og gjendiktingar av eventyr i stil med den tyske diktaren Ludwig Tieck.

Det er blitt diskutert og skrive mykje om kven av dei to som først begynte å skriva ned folkedikting; Asbjørnsens første nedteikningar stammar frå Romerike-opphaldet i eit skrivehefte datert 8. februar 1833 (som må vera feil for 1836). Kjennskapen til Jacob og Wilhelm Grimms eventyr- og segnutgåver snudde heilt om på planane deira. Nå vart den vitskaplege verdien av eventyra klar for dei, dei las den nye internasjonale folkloristiske litteraturen og inngjekk 1837 samarbeidsavtale om ei eventyrutgåve. Same sommaren drog dei på innsamling i Ådalen og i Sør-Aurdal i Valdres. Men Moes embetseksamen og problem med å finna ein forleggjar gjorde at første hefte av Norske Folkeventyr kom først 29. desember 1841. Det fekk rosande omtale av P. A. Munch og J. S. Welhaven. Det sette mot i utgjevarane, og dei drog ut på lengre innsamlingsreiser, Asbjørnsen til Gudbrandsdalen. Første bandet var ferdig 1844; då første heftet av band 2 kom i oktober 1844, var første heftet av band 1 utselt, første utgåva vart derfor avslutta.

For å overbevisa den kulturelle elite om eventyrets kulturelle og vitskaplege verdiar, måtte dei skapa eventyret om til ein litterær genre. Derfor oppfatta dei seg sjølv som siste ledd i rekka av forteljarar, med plikt til å fortelja eventyret så godt som mulig. Den ideelle utgjevar måtte “stå over, men samtidig ha en inderlig forbindelse med folket”. Derfor varierer også oppskriftene frå ganske utførlege til stikkord. Enkelte eventyr byggjer på ei hovudoppskrift, andre er samansette av fleire. Hovudsaka var å fortelja ei god historie. Intuitivt følgde dei same arbeidsmåte som brørne Grimm. Fordi dei såg på seg sjølv som ledd i forteljarrekkja, kunne dei hevda at dei var trufaste mot tradisjonen, den einskilde forteljar spela mindre rolle. Dei gjorde den munnlege stilen rikare og fyldigare for å kompensera for det som gjekk tapt av den munnlege framføringa når eventyret skulle skriftfestast. Forteljinga vart gjort meir logisk, språket meir konkret. Særleg Asbjørnsen tykte om å leggja inn faste talemåtar og ordspråk. Ordvalet vart norskare. Det fekk dei kritikk for i samtida, men fornorskinga deira viste seg å vera framtidsretta. Andre utgåva av Norske folkeeventyr, som kom 1852, var den einaste utgåva med vitskapleg apparat.

Jørgen Moe gjekk over i presteteneste, mens Asbjørnsen heldt fram med innsamling og nye utgåver og tente nå godt på mindre samlingar, som f.eks. Juletræet for 1850, som selde i 23 000 eksemplar – eit utruleg sal for norske tilhøve den gong – og gav Asbjørnsen eit rekordhonorar på 500 spesidalar for 78 sider. 1865 overgav Moe sine upubliserte samlingar og det vidare arbeidet med eventyr til Asbjørnsen. 1871 kom Norske Folke-Eventyr. Ny Samling. Med den var eventyrutgåva fullført.

Asbjørnsen hadde lenge hatt planar om å gje ut ei segnsamling. Tidlegare publiserte og nyskrivne segner fekk tittelen Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Første samling kom sommaren 1845, andre samling til jul 1847, ei samla utgåve 1870. Han seier at han sjølv har høyrt minst 80 av dei 90 segnene, andre har han fått av m.a. Camilla Collett og Ivar Aasen eller gjenfortalt dei frå Fayes samling. Første samlinga inneheld berre tradisjon frå Austlandet, mest frå Oslo, Nordmarka og Romerike, andre samlinga har innslag frå Gudbrandsdalen. I andre utgåva er perspektivet utvida til Vestlandet og Nord-Norge, men hovudmengden av segner og forteljemåten er likevel austlandsk. Asbjørnsen gjekk fram på same måten med segnene som med eventyra. Først skreiv han opp ganske heilslege tekster, seinare når han var meir fortruleg med segntradisjon og -forteljemåte, skreiv han berre stikkord, replikkar og karakteristiske vendingar. Når han møtte særleg gode forteljarar, prøvde han å få med så mykje som mulig, som for eksempel etter Tor Øygarden i Sel i Gudbrandsdalen.

Det geniale med denne samlinga er at segnene er sette inn i rammeforteljingar. Dei er ikkje autentiske, men byggjer på eigne opplevingar og reiseinntrykk. Nokre av forteljarane er verkelege som Mattias Skytter, Per Sandaker og Berthe Tuppenhaugen, somme er karikerte som Hans Hansen Pillarviken i En Søndagskveld til Sæters. Av dagbøker og oppteikningar går det fram at Asbjørnsen ofte legg segner som andre har fortalt, i munnen på personane sine. Han teiknar personane tydeleg og legg vekt på særdrag, situasjonane er typiske forteljesituasjonar som segntekstene føyer seg naturleg inn i. Asbjørnsen var ein skarp observatør ikkje berre av menneske, i rammeforteljingane når han sine største høgder som naturskildrar. Samtida sette dei høgt som litteratur, Vinje var ein av dei få som oppmoda Asbjørnsen om å stryka dei. Moltke Moe har karakterisert boka som den mest karakteristiske i nasjonalromantikken, samstundes har den klare realistiske drag, rammeforteljingane er i seg sjølv eit realistisk hjelpemiddel.

Det er lagt ned mykje arbeid i å finna litterære førebilete for rammeforteljingane. Frå Crofton Crokers Fairy Legends and Traditions of the South of Ireland (1825), som Asbjørnsen i alle fall kjende gjennom Grimms omsetjing Irische Elfenmärchen (1826), kan han ha fått ideen til å leggja segnene i munnen på ein forteljar. Elles har han vore påvirka av Steen Steensen Blicher og Berthold Auerbach. Han hadde også vener som Grøtting og Camilla Collett som konsulentar. Like klart er det at Asbjørnsen her har skapt noko nytt, og at han her når sitt litterære høgdepunkt. — Asbjørnsens skilje mellom huldreeventyr og folkesegner har skapt ein del forvirring, for det finst ikkje eventyr om huldra. Truleg har han det frå Crofton Croker. Men det viktige er at han som den første såg at segntradisjonen innheld to ulike sjangrar, segner og forteljingar om sjølvopplevde møte med det overnaturlege. Asbjørnsen makta ikkje å teoretisera dette skiljet, det gjorde først von Sydow på 1920-talet med termene segn og memorat.

Som språkleg og litterært bearbeidde tekster stettar korkje segnene eller eventyra dei krav vitskapen i dag stiller. Det kan vi heller ikkje forlanga, hadde dei utgitt eventyra og segnene på dialekt, ville utgåvene ikkje spela nokon rolle i norsk kulturliv. Nå vart dei presenterte i ei form som dei fleste kunne godta. Den borgarlege og intellektuelle elite vart overtydde om at folkediktinga representerte ein nasjonal skatt med røter i sagalitteraturen. Dermed kom dei til å spela ein viktig rolle i oppbygginga av ein norsk nasjonal identitet.

Asbjørnsen forstod tidleg verdien av illustrasjonar. Men det var liten tradisjon for illustrerte bøker i Norge på det tidspunkt, og liten teknisk kunnskap. Dei første illustrasjonane var heller ikkje særleg vellukka. Gjennombrotet kom først med kunstnarutgåva 1879. Asbjørnsens sikre kunstnarlege sans kom tydeleg fram då han engasjerte dei unge kunstnarane Erik Werenskiold og seinare Theodor Kittelsen, som kom til å prega eventyrillustrasjonane i Norge for lang tid. Asbjørnsen slo saman eventyr- og segnutgåvene til det som i dag er den klassiske utgåva. Han fornorska heile tida språket med hjelp av filologane J. E. Thaasen og J. Løkke. Då han ikkje lenger makta arbeidet, overlet han det til Moltke Moe slik at utgåvene alltid skulle ha ein moderne språkdrakt.

I 1840-åra gav Asbjørnsen opp medisinstudiane og konsentrerte seg om naturvitskap, særleg zoologi. Han spesialiserte seg på dyrelivet i havet og hadde fleire stipend i perioden 1846–53 for å studera område langs norskekysten, særleg Oslofjorden og Hardangerfjorden. På djupt vatn i Hardangerfjorden fann han ein ny art sjøstjerne som han kalla Brisinga endecacnemos etter Brísingamen, Frøyas halssmykke. Funnet fekk stor vitskapleg betydning, men Asbjørnsen fekk ikkje den rettmessige æra. 1849/50 var han med korvetten Ørnen på tokt i Middelhavet og kom tilbake med store samlingar. Han skreiv tre vitskaplege arbeid. Men det meste er av populær og opplysande art, der også hans interesse for folkleg tradisjon kjem tydeleg fram og gjer framstillinga levande. På den andre sida kunne hans naturvitskaplege interesser bli tyngjande detaljar i hans folkloristiske arbeid. Godt vitskapleg omdøme viste han når han introduserte Darwins utviklingslære for det norske publikum i Budstikken 1861. Ikkje minst interessant er det at Asbjørnsen såg kor viktig evolusjonslæra ville bli for humanistisk forsking.

I stipendmeldingane til universitetet legg Asbjørnsen fram mykje av sitt syn på folkeleg tradisjon. Han lova ei innleiing om folketru i Norge og jamførande merknader til segnene, seinare ei eiga bok. Men det vart med mindre artiklar og framstillingar som viser at han gjekk vegen frå mytologiske og natursymbolske til historisk-psykologiske tydingar. Han er på same tid fengsla av rådande teoriar og original i sin tankegang, men kom ikkje fram til eit gjennomtenkt standpunkt.

1851 søkte han ein stipendiatpost i zoologi og hadde godt håp om å bli tilsett. Men stillinga gjekk til ein stipendiat i astronomi, endå zoologien sårt kunne ha behøvd den. Asbjørnsen visste at det ville gå år før eit nytt stipend vart ledig, og at dette var punktum for ein universitetskarriere. Asbjørnsen var heller ingen utprega teoretikar, noko som også gjeld hans folkloristiske granskingar. Men det kan heller ikkje vera tvil om at han var ein av dei fremste på sitt felt i samtida.

Han ytra seg aldri direkte om livssyn og religiøse spørsmål, men Liestøl meiner ut frå eit studium av heile Asbjørnsens livsverk at han nærmast har vore ein fredsam agnostikar. På den andre sida har hans naturvitskaplege studiar utan tvil vore med på å forma livssynet hans.

1850-åra vart eit vendepunkt for Asbjørnsen. Eventyr- og segnutgåvene var fullførde. Sjansen til å skriva ein sjøroman brukte han opp i den litterært sett lite vellukka skildringa av toktet med Ørnen i Ydale. Et Vinterskrift 1851. Dermed bleikna også diktardraumane. Suksessen med Juletræet varde heller ikkje, tredje året gav det berre 40 dalar.

Asbjørnsen vende seg nå meir mot nasjonaløkonomiske spørsmål som var framme i tida. Regjeringa lyste ut stipend til studier i forstvitskap i utlandet. Det høvde godt for Asbjørnsen, som i ventetida skreiv artiklar, ei stor bok om skogbruk og ei mindre om myrdyrking, for det meste baserte på utanlandsk litteratur. 1856–58 studerte han med stor framgang ved forstakademiet i Tharandt i Sachsen, ikkje langt frå Dresden. Han avla eksamen med beste karakter i alle fag, og direktøren anbefalte han i brev til Indredepartementet. Han fekk også tid til å dyrka sine folkloristiske interesser og møtte både Jacob og Wilhelm Grimm og knytta venskap med polyhistorikaren J. G. Th. Grässe i Dresden. Saman med Grässe gav han 1858 ut eventyrsamlinga Nord und Süd, som kom på norsk 1860 under tittelen Eventyr fra fremmede Lande.

1859 fekk Asbjørnsen eit konsulentoppdrag frå Indredepartementet om å granska skogstilhøva på Vestlandet. Neste år vart han utnemd til forstmeister i Trøndelag. Det var vanskelege år med mange problem omkring eigedomsretten i skogsallmenningane. 1864 gav Indredepartementet han eit stipend for å studera torvdrift i Danmark, Tyskland og Holland. Då han kom tilbake, var han stadig forstmeister, men også leiar av Statens torvdriftsundersøkelser fram til han gjekk av med pensjon 1876. Som torvmeister reiste han landet rundt i sommarhalvåret, særleg langs kysten heilt til Varanger. Han arbeidde for rasjonell bruk av torvmyrane og gav både teoretisk og praktisk rettleiing. Han skreiv ei rekkje artiklar og boka Torv og Torvdrift1868. Han var framgangsrik, og på hans eige framlegg vart det tilsett fylkestorvmeistrar i staden for ein rikstorvmeister då han gjekk av.

I tillegg skreiv han i Budstikken og i Norsk Landmandsbog, som han redigerte 1868–70, om mange landbrukssaker som hønsehald, turnipsdyrking, om hesten skal få vatn før eller etter den har fått havre, og lindyrking. Når Asbjørnsen frå 1860 også skreiv om mat og matlaging, vart det ikkje først og fremst fordi han var ein matmons, men fordi mat og matlaging er eit viktig aspekt i nasjonaløkonomien. Han ville at folk skulle vera rasjonelle også i sine matvanar. Derfor skreiv han om hermetisering, isskap, salting og røyking og kaffe, inkludert eit polemisk skrift om skadeleg bruk av kaffe. Han omsette kokebøker og utgav kokeboka Fornuftigt Madstel 1864 under pseudonymet Clemens Bonifacius. For Asbjørnsen låg det ein vesentleg appell i “Fornuftigt”, men det var nettopp på dette punktet boka skapte strid. I føreordet hevdar han at bondekonene sløsa med mjølet når dei stampa rått mjøl ned i grauten etter at gryta var tatt av elden. Han rekna ut at mjøl for ein halv million dalar gjekk tapt årleg. Dette utløyste den berømte “grautstriden”, der Eilert Sundt forsvarte bondekonene. Sundt tapte striden og måtte slutta som redaktør av Folkevennen, men ettertida har gitt han rett.

67 år gamal søkte Asbjørnsen avskjed og fekk full gasje i pensjon. Han var sukkersjuk og revmatisk, og det vart lite av dei litterære planane. Han vart heidra på ulike måtar både heime og ute; 1848 hadde han fått gullmedaljen Memoriæ pignus av kong Oscar 1, og 1871 ville Karl 15 gje han riddarkrossen av Vasaorden, men Asbjørnsen takka nei. Han var medlem av Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab i Trondheim og fleire utanlandske vitskaplege selskap og heiderlagsmedlem i norske organisasjonar, og han vart heidra av Studentersamfundet og Kunstnerforeningen. Sankthansdagen 1891 vart Brynjulf Bergsliens statue av han avduka på Sankthanshaugen i Kristiania. 1966 gav Noregs Bank ut ein 50 kr-setel med portrettet til Asbjørnsen.

P. Chr. Asbjørnsen gjorde ein stor innsats i norsk samfunnsliv, men han blir først og fremst ståande som eventyr- og segnforteljaren som var med på å konsolidera norsk kultur og norsk identitet.

    Publiserte verk

  • Bibliografi i biografien i NFL, bd. 1, s. 106–120
  • Nor, en Billedbog for den norske Ungdom (med eit bidrag av B. Moe), 1838 (3. utg. 1865)
  • Naturhistorie for Ungdommen 1–6, 1838–48
  • Norske Folkeeventyr1–2:1 (sm.m. J. Moe), 1841–44 (2. utg. 1852)
  • Norske Huldreeventyr og Folkesagn1–2, 1845–47
  • Hjemmet og Vandringen. En Aarbog for 1847, 1847
  • Ydale. Et Vinterskrift, 1851
  • Fornuftigt Madstel. En tidsmæssig Koge- og Husholdningsbog af Clemens Bonifacius, 1864 (opptr. 1993)
  • Norske Folke-Eventyr. Ny Samling, 1871
  • Norske Folke- og Huldreeventyr i Udvalg (med ill. av norske kunstnere), København 1879
  • Folke- og Huldreeventyr. Norske kunstneres billedudgave, 2 bd., Kristiania/København 1914

    Skriftleg ikkje-publisert materiale

  • Asbjørnsens folkloristiske manuskript finst i Norsk Folkeminnesamling ved Inst. for kulturstudier, Avd. for folkloristikk, UiO
  • E. Schmidt (utg.): Briefwechsel der Gebrüder Grimm mit nordischen Gelehrten, Berlin 1885
  • biografi i NFL, bd. 1, 1885
  • A. Krogvig (utg.): Fra det nationale gjennembruds tid. Breve fra Jørgen Moe til P. Chr. Asbjørnsen og andre, 1915
  • A. Krogvig/O. Nordgaard: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • H. Hansen: P. Chr. Asbjørnsen. Biografi og karakteristikk, 1932
  • H. J. Haffner: Asbjørnsen og Moes Norske Folkeeventyr,Småskrifter for bokvenner 16, 1942
  • G. Raabe: Asbjørnsen og Moes eventyr og sagn. Bibliografi, 1942
  • K. Liestøl: P. Chr. Asbjørnsen. Mannen og livsverket, 1947
  • O. Bø: Peter Christen Asbjørnsen, 1966
  • L. Østby: “Asbjørnsen og Moes eventyr i billedkunsten”, i Asbjørnsen og Moe: Det var engang. Eventyr og sagn, 1981, s. 286–298
  • H. Müller: Stimme und Feder – Mündliche Tradition norwegischer Volksmärchen und ihre Verschriftlichung durch Asbjørnsen und Moe, Essen 1998
  • M. Rudvin: The Role of Norms in Text Production: A Case Study of a Nineteenth-Century Norwegian Folktale Collection and its Role in the Shaping of National Identity (Ph.D.avh.), Warwick (Storbr.) 1996

    Kunstnarlege portrett

  • Teikning (brystbilete) av David Arnesen, 1842; gjengitt i Liestøl (1947), s. 73
  • Statuett (gips, heilfigur) av Hans Hansen, 1845; Oslo Bymuseum
  • Teikning (hoftebilete) av Jonas N. Prahm, 1847; gjengitt i Liestøl (1947), s. 105
  • Akvarell (brystbilete) av H. J. F. Berg, 1862; NF, Oslo; gjengitt i Liestøl (1947), s. 179
  • Måleri (brystbilete) av Knut Bergslien, 1870; Restaurant Blom, Oslo
  • Måleri (halvfigur) av Knut Bergslien, 1872; DKNVS, Trondheim
  • Statue (bronse, heilfigur) av Brynjulf Bergslien, 1891; Sankthanshaugen, Oslo

    Fotografiske portrett

  • Fleire fotografi av ukjende fotografar gjengitt i Liestøl (1947), s. 4, 198 og 245