Faktaboks

Per Bø
Fødd
6. oktober 1830, Østre Gausdal (nå Gausdal kommune), Oppland
Død
16. mai 1878, Ringebu, Oppland
Verke
Bonde
Familie

Foreldre: Bonde Ivar Pedersen Bø (1801–60) og Mathea Iversdotter Glømmen (1809–97).

Gift 2.7.1868 med Nikoline Engebretsdotter Kraabøl (22.7.1844–10.3.1930), dotter til bonde Engebret Nicolaisen Kraabøl (1803–71) og Marte Pedersdotter Evenvold (1813–86).

Verbror til Ingvar Bøhn (1838–1924).

Per Bø var ein norsk bonde og folkeopplysar. Bø var pioner i arbeidet for moderne drift i jordbruket. Han var blant dei som ivra for å få folkehøgskole i Gausdal. Bø var også ein ivrig målforkjempar og låg lenge i strid med embetsmenn som nekta å svare på breva hans på landsmål. Striden var eit viktig steg fram mot Stortingets jamstillingsvedtak av dei to målformene i 1885.

Bakgrunn

Bø var født og oppvaksen på Bø i Gausdal, grannegarden til Aulestad. Han hadde ikkje nokon formell skolegang utover folkeskolen, men faren hadde råd til å halde huslærar, så Per lærte nok meir enn vanlege bondegutar, og han skaffa seg etter kvart sjølv mykje kunnskap.

Da Per Bø var 30 år gamal, drukna faren i vårflaumen, og han måtte ta over garden. Faren hadde vore ein føregangsmann på ymse område, og sette i gang fleire industritiltak på garden, mellom anna sagbruk, mølle og papirfabrikk. Per fylgde opp interessa for industriell produksjon, og tok som 25-åring initiativet til ein småspiker- og nuddfabrikk. Seinare bygde han teglverk, og han fekk i gang eit skiferbrot på garden. I det heile var det eit uvanleg rikt industrielt miljø i Gausdal, som Per Bø stod sentralt i.

Jordbruk

I jordbruksdrifta var Per Bø den første som prøvde seg med telemarkskyr i Gausdal, og han tok til å så grasfrø for å dyrke kunsteng. Han var i mange år den einaste som hadde slåmaskin i bygda, og det var på Bø dei første gongen i Gausdal brukte eit damptreskeverk til å treske kornet. Her var også eit av dei første meieria i bygda.

Politikar og kommunale verv

Han vart ordførar i bygda 1864, berre 34 år gamal. Da han slutta 1867, vart han formann i styret for Gausdal Vestfjells statsallmenning, eit verv han hadde til han døydde. Han hadde elles mange kommunale verv. 1876 vart han av Bjørnson foreslått som stortingsmann, men han nådde ikkje opp. Det var i den samanhengen at Bjørnson skreiv om Per Bø i eit brev til Johan Sverdrup: «Han er den mest dannede bonde, som jeg i Norge har lært at kænne; – og jeg kænner mange.»

Organisasjonsperson

Per Bø var ein aktiv organisasjonsmann. Han starta t.d. eit handelslag i bygda, og han organiserte fesjå. Den viktigaste organisasjonen var Gausdal Samlag, som var stifta 1869 som ein reaksjon mot ein pietistisk prest i bygda, og her vart Bø formann. Samlaget tok opp mange samfunnsspørsmål til diskusjon, og stod som arrangør av ei rekke store folkemøte i Gausdal og på Lillehammer i 1870-åra, der t.d. Christopher Bruun, Bjørnson, Johan Sverdrup og Ludvig Daa tala. På mange måtar var denne organisasjonen ein forløpar for dei politiske partia som kom i 1880-åra.

Folkehøgskole

Ei hovudsak for Samlaget var å få starta ein folkehøgskole i bygda. Bø tok kontakt med Christopher Bruun, som 1867 hadde starta skolen sin på Romundgard i Sel, for å be han flytte skolen til Gausdal. Bruun hadde motførestellingar mot dette, han oppfatta Gausdal som ei aristokratisk bygd. Men Bø overtala han, og alt 1871 vart Bruuns folkehøgskole etablert på Fyksen i Gausdal. Seinare flytta skolen til Bø, der den var ein vinter, før det nye skolehuset Vonheim stod ferdig 1875, bygd av tømmer gitt av Per Bø. I åra fram til Bø døydde, deltok han mykje i livet rundt folkehøgskolen.

Målsaka

Den viktigaste saka for Per Bø var målsaka. Han lærte seg Ivar Aasens mål, og brukte det skriftleg i ei form nær Gausdals-dialekta, også når han skreiv med embetsmennene. 1875 skreiv han til stiftsdireksjonen om eit skolespørsmål, men prosten i Øyer sendte brevet attende og ba om å få det på «et forståeligt og brugeligt mål». Bø gav seg ikkje, og saka gjekk til stiftsdireksjonen, som godkjende den utan å bry seg om klaga frå prosten. Større oppsikt vakte ei sak Bø som formann i allmenningsstyret sendte til amtmann Meinich 1875. Meinich nekta å behandle saka fordi den var på landsmål, og han fekk medhald frå Justisdepartementet. Resten av allmenningsstyret støtta Bø. På same tid nekta også Kyrkjedepartementet å svare på brev på landsmål som Bø sendte på vegne av likningskommisjonen. Desse sakene medverka til at Stortinget 1885 vedtok likestilling mellom dei to målformene.

Våren 1878 fekk Per Bø hjerneslag som følgje av ei tidlegare skade. Han var på veg heim att frå Lillehammer da han fekk slag, og hesten heldt fram med å gå heilt til Ringebu før folk kom til. Her døydde Per Bø.

Portretter m.m.

  • Fotografisk portrett av ukjend fotograf, u.å; p.e. (Ivar Bø jr.)
  • En minnestein over Bø er reist på Vonheim folkehøyskole i Gausdal.

Litteratur

  • Opplysingar frå Bø sitt tippoldebarn Ivar Bø jr.
  • M. Landheim: Bøsætta og andre greiner, utr. manuskript frå 1920-åra, p.e. (Ivar Bø jr.)
  • B. Bjørnson i Oplandenes Avis nr. 41 og 44/1876
  • d.s.(?) i Oplandenes Avis nr. 56/1876
  • K. Janson i Fedraheimen nr. 28/1878
  • M. Utheim i Fedraheimen nr. 29/1878
  • artiklar i Bonden nr. 12 og 13/1917, nr. 1, 2, 5, 7 8 og 17/1918 og nr. 29/1921
  • S. Frich: Fraa arbeidslive mitt, 1922 s. 96–110
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 2, 1925
  • M. Høgåsen: «Den merkelegaste bonden i Gudbrandsdalen. Per Bø» i Årbok for Gudbrandsdalen 1948, s. 151ff.
  • A. Engen: Bygdebok for Gausdal, bd. 4, Gausdal 1983, s. 192ff

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

Per Bø
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052094001020

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg