Faktaboks

Paul Borgedal
Fødd
30. august 1888, Ringebu, Oppland
Levetidskommentar
Død 1971
Verke
Landbruksøkonom
Familie
Gardbrukar Simen Borgedal og Mari Spangrud. Gift 1927 med Astrid Marie Strand (23.9.1899–?), dotter av amtsskulestyrar Helge Strand (1846–1926) og Anna Emilie Erichsen.

Professor Paul Borgedal stod sentralt i utviklinga av faget landbruksøkonomi, og utarbeidde den første prisindeksen for jordbruket.

Paul Borgedal var frå Ringebu og tok ein vanleg utdaningsveg for evnerike bondegutar – underoffisersskule, landbruksskule og landbrukshøgskule. Det uvanlege var at han valde å gå vidare innan jordbruksvitskap og med vekt på den økonomiske sida. Han var stipendiat i driftslære eit år etter eksamen, styrde landbruksavdelinga i Rasjoneringsdirektoratet 1917–19, studerte landbruksøkonomi med statsstipend i Tyskland 1920–21 og med Rockefellerstipend i USA 1927. 1921 blei han utnemnd til eit nytt embete som dosent i driftslære ved Norges landbrukshøgskole (NLH), omgjort til professorat 1930. Ved sida styrde han Norges Vels driftsgranskingar 1922–26. Og 1927 tok han doktorgraden, som den første ved NLH.

Borgedal var eit arbeidsjarn. Ved sida av undervising og administrasjon ved NLH hadde han ei lang rekkje oppgåver som økonomisk ekspert i samband med dei mange problem som reiste seg kring jordbruket i mellomkrigstida. Det kom eit stort tal publikasjonar frå hans hand. Det meste var av deskriptiv-analytisk karakter – målet var å skaffe fram kunnskap om dei ulike økonomiske element i jordbruket. Dette var sers aktuelt ved den sentrale rolla som jordbruket hadde i samtidig politikk. Men sjølv var Borgedal varsam med å ta standpunkt til ulike politiske løysingar på dei økonomiske problema.

Vitskapleg sett var det fremste arbeidet doktoravhandlinga Intensitetsproblemet i norsk jordbruk frå 1927. Med utgangspunkt i tyske arbeid blir dette ein produksjonsteoretisk analyse, nært knytt til norsk empiri. Men på den tid vende han seg mot konjunkturproblema for jordbruket. Serleg er det å nemne Fleskeprisene og deres fremtidsvurdering. Historisk analyse og prognose er gjort etter inspirasjon frå amerikansk forsking, med etter måten avansert bruk av statistisk metode.

Forsking og politikk i USA låg likeins til grunn for arbeidet med å skape ein prisindeks for jordbruket. Denne innsatsen var det som spela størst rolle i samtida. Frå 1925 var Borgedal den sentrale personen i nordisk fagleg samarbeid for å utvikle metodane. 1931 kom den første Prisindeks for jordbrukets produkter og behovsartikler. Hans institutt ved NLH heldt fram med dette til lenge etter krigen. Prisindeksen var eit sentralt element i den samtidige jordbrukspolitikken. Etter amerikansk mønster gjekk Bondelaget/Bondepartiet inn for “prispolitisk jamstelling” – samhøvet mellom prisane på jordbruksvarer og industrivarer skulle vere det same som i åra like før krigen. Emnet var eit kjernepunkt i kriseforlika mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet 1935–36.

Under eitt kan vi seie at Borgedal hadde hovudæra for innføring av økonomiske problemstillingar i studiet av norsk jordbruk, serleg ved utviklinga av faget landbruksøkonomi. Dette blei gjort i nært samband med internasjonal forsking. Men ressursane var knappe, og så kom okkupasjonen og sette bom for arbeidet. Av politiske grunnar fekk Borgedal avskil som professor etter frigjeringa. Tida etterpå blei nytta til oppdragsforsking, stort sett innan jordbrukshistoria. Hovudresultatet var trebandsverket Norges jordbruk i nyere tid. For det meste er dette ei systematisering av kjent stoff, utan serleg mykje problemdrøfting.

Verker

    Publikasjoner (et utvalg)

  • Intensitetsproblemet i norsk jordbruk, dr. avh., Fredrikshald 1927
  • Prisindeks for jordbrukets produkter og behovsartikler, 1931
  • Fleskeprisene og deres fremtidsvurdering, 1934
  • Norske gardsbruk (red. sm.m. L. Berg), 9 bd., 1941–57
  • Norges jordbruk i nyere tid, 1966–68