Faktaboks

P.I. Langlo
Peter Iverson Langlo
Fødd
6. januar 1892, Stranda, Møre og Romsdal
Død
15. april 1940, Stranda
Verke
Møbelprodusent
Familie
Foreldre: Gardbrukar Iver Bastian Pettersen Langlo (1861–1937) og husmor Helene Julianne Iversdotter Drege (1865–1958). Gift 10.7.1921 med Johanne Olsdotter Kjølås (10.1.1899–7.7.1985), dotter til husmann Ole Andreas Kjølås (1866–1949) og husmor Susanne Marie Kjølås (1871–1924).

P. I. Langlo gjorde heimbygda Stranda til tyngdepunktet i ei utvikling som skulle revolusjonere møbelproduksjonen i landet. Då ein på Sunnmøre ved overgangen til år 2000 skulle kåre den personen som hadde prega hundreåret sterkast, var det Langlo som merka seg mest ut.

Som eldste gut i ein syskenflokk på 9 var Peter Iverson Langlo odelsgut på Pålgarden på Langlo. Foreldra var driftige folk med både handlag og praktisk sans, og dei var ikkje redde for å satse på nye ting. Med ein slik bakgrunn hadde Peter full støtte då han som 16-åring gjekk på eit kurs i korgfletting som vart arrangert i bygda av Norsk Husflids Venner. Foreldra stilte også garden til disposisjon då han etter endt kurs ville starte produksjon av korger. Dette var 1908, og starten på det som seinare er blitt kalla det sunnmørske møbeleventyret.

Alt han tente gjekk til nytt materiale. Eit par av dei første vintrane arbeidde han i tranproduksjonen ute ved kysten – og fletta korger kvar gong han hadde ei ledig stund. Fram til fyrste verdskrigen hadde den unge bedriftsleiaren seks–sju læregutar i arbeid. I tillegg til korgene produserte han m.a. bord og stolar etter eigne modellar. Parallelt med dette eksperimenterte han med ulike andre materiale og tok det første steget i retning av stoppa tremøblar. 1914 var han med på Norsk Husflids Venners avdeling på jubileumsutstillinga i Kristiania og kom heim med både medalje og heiderleg omtale.

Så tidleg som 1920 innførte han spesialisering i arbeidsstokken. Saman med akkordløn førte det til høgare tempo og auka produksjon. Tidleg i 1920-åra var han den største produsenten av korgmøblar i landet, og 1927 den største i Skandinavia. Han reiste sjølv mykje rundt i landet for å selje varene sine. No hadde han for lengst vokse seg for stor for kjellaren heime, og han hadde skrive frå seg odelsretten og kjøpt fabrikklokale i Stranda sentrum. 1921 gifte han seg med Johanne Kjølås, og dei fekk tre døtre.

Mange av dei som hadde gått i lære hos Langlo, slutta i verksemda og starta for seg sjølve, både i Stranda og i bygdene omkring. Denne knoppskytinga utvikla seg til eit livskraftig og utadretta fagmiljø som ikkje berre skapte velstand i isolerte fjordbygder, men også gjorde møbelindustrien til ei av dei store eksportnæringene på Sunnmøre.

1929 var Langlo komen så langt at han kunne tilby stoppa tremøblar som var industrielt framstilt og dermed mykje billegare enn det handverkarane i byane kunne levere. Lanseringa vekte oppsikt både i fagmiljøet og hos forbrukarane. Handverksbedriftene følte seg truga og slo tilbake med at desse møblane var av dårleg kvalitet. Kvalitet hadde vore ein kjepphest for P. I. Langlo, så han svarte med å skrive brev til møbelhandlarane og tilbakevise alle skuldingar.

Han såg tidleg at han også kunne tene pengar på fordelaktige innkjøp. Materiala vart kjøpt direkte frå grossistar i Tyskland og Nederland. Han forstod kor viktig markedsføring var, og fekk laga påkosta katalogar med bilete, pris og produktopplysningar, og fletta også inn forbrukartips.

Stoppamøblane overtok etter kvart marknaden, og 1932 skifta P. I. Langlo's Kurvmøbelfabrikk namn til P. I. Langlo's Fabrikker.

Det som vart igjen av tid etter at fabrikken hadde fått sitt, brukte P. I. Langlo på familien og Indremisjonen, der han hadde ei rekkje tillitsverv. Livsstilen var enkel og smålåten, og i det stille var han raus med pengar når nokon trong hjelp. Han døydde brått og uventa av hjartesvikt i april 1940, berre 48 år gammal.

Fabrikken vart driven vidare av kona og brødrene, som allereie tidleg var komne med i verksemda. P. I. Langlo's Fabrikker vart slått saman med J. E. Ekornes AS 1979.

Kilder og litteratur

  • Stranda Bygdebok III, Bind A, 1996
  • A. Gjærde: Stranda – Industri og Samfunn, Stranda 1999
  • Artiklar i Sunnmørsposten: 9.10.82 og 24.12.99

Portretter m.m.

  • Relieff på bauta i Stranda sentrum, laga av Olav Stavseng, Stordal, 1982