Faktaboks

Pål Vågaskalm
Død
1245, Dønnes kyrkje, Nordland
Levetidskommentar
Nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjende; nemnd 1218/19–1245
Verke
Lendmann
Familie
Foreldre: Ukjende. Gift, men vi kjenner ikkje namnet til kona.

Pål Vågaskalm vart utnemnd til lendmann vinteren 1218/19, og han hadde truleg alt da gard på Dønnes. Han var i 1220- og 1230-åra den fremste lendmannen i Hålogaland, med framskotne militære og administrative posisjonar hos både kong Håkon 4 Håkonsson og jarlen Skule Bårdsson. Dette gjorde han til meklar og forsonar mellom dei to høvdingane.

Straks etter utnemninga til lendmann vart Pål trekt med i drøftingane om truloving mellom kong Håkon og Margrete Skulesdotter. Ein så viktig rådgivingsfunksjon vitnar om tillit og autoritet hos både konge og jarl. Samtidig er det klart at hans lojalitet først og fremst låg hos Skule Bårdsson, eit forhold som også speglar den politiske realiteten at Skule etter riksdelingsavtalen av 1223 rådde over Nord-Norge. I denne landsdelen hadde ikkje jarlen sterkare politisk-militær støtte enn den Pål kunne mobilisere.

I tida fram til ribbungane var nedkjempa 1226, deltok Pål som sveithøvding i fleire aksjonar mot dei, gjerne saman med Skule jarl. Utover i 1230-åra kom det opp fleire tvistemål mellom kongen og jarlen, og hausten 1233 møttest dei til dramatisk konfrontasjon i Bergen. Her retta kongens lendmenn harde skuldingar mot Pål Vågaskalm fordi han var “med jarlen og mot kongen”, og han vart sett under press for å skifte side. Pål svara med stor byrgskap, og kjernen i hans tale er at ein kan tene begge høvdingane med truskap. Soga understrekar da også at forholdet mellom kongen og Pål var godt. Kan hende er det på denne tida han opptrer som vitne i eit brev der kong Håkon fornyar Magnus Erlingssons gåve av Stavanger by til Stavanger bispestol.

Da Skule på ny vart stemna til møte med kongen 1235, var Pål blant dei som sterkast rådde han til å etterkomme ordren. Skule følgde ikkje dette rådet. Med stor energi opptrer Pål i denne situasjonen som skytteldiplomat mellom kongen og jarlen, utan å lykkast i å finne eit møtepunkt mellom dei. Men både dei oppdrag han får, og måten han prøver å løyse dei, vitnar om kløkt, autoritet og personleg integritet.

Etter 1235 er det taust om Pål Vågaskalm i kjeldematerialet, bortsett frå at dei islandske annalane noterer han som død 1245. Truleg har han forlate rikspolitikken, kan hende fordi Skule Bårdssons meir sjølvrådige aksjonslinje ikkje gav det handlingsrommet han ønskte.

Tilnamnet “vågaskalm” (skalm med tydinga sverd) syner at Pål kom frå Vågan, enten i Lofoten eller i Salten. Ein enkelt gong blir han kalla Pål bonde. Det har vore vanleg å rekne han som syslemann i sørsysla på Hålogaland, sjølv om kjeldebelegg for dette manglar.

Pål Vågaskalm var far til Ivar Grette (landsforvist 1227) og lendmannen Nikolas Pålsson (død 1239). Mannslinja etter Pål døydde ut med sonesonen Andres Nikolasson 1273, og garden på Dønnes gjekk truleg over til Bjarkøyætta.

Kilder og litteratur

  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bd. 4, 1979
  • Isl.Ann.
  • RN, bd. 1 nr. 628
  • NFH, del 3, 1857
  • G. Storm: “Om Lendermandsklassens Talrighed i 12. og 13. Aarhundrede”, i HT, rk. 2, bd. 4, 1884, s. 129–188
  • E. H. Lind: Norsk-isländska personbinamn från medeltiden, Uppsala 1920–21
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • A. Coldevin: Dønnesgodset, Trondheim 1980