Ottar Svarte, islandsk skald. Foreldra er ukjende, men ifølgje Heimskringla var han systerson til Sigvat Tordarson (Sigvat skald). Vi veit ikkje om han var gift.

Ottar Svarte er nemnd i Skáldatal som skald hjå danskekongen Svend Tveskæg, hjå svenskekongen Olof Skötkonung, hjå den norske kong Olav Haraldsson og hjå Knud den store. Skáldatal nemner også at Ottar dikta om Dale-Gudbrand. Den eine av dei to versjonane av Skáldatal nemner også eit dikt til den svenske kongssonen Anund Jakob.

Snorre siterer fleire strofer av Ottar Svarte i si Edda. Kjeldene til det vi elles veit om Ottar er ulike kongesoger: Eldste Saga, Legendariske saga, Fagrskinna, Knýtlinga saga, Snorres særskilde Olavssoge og Heimskringla. Dei fleste strofer som er overleverte etter Ottar, er siterte som kjelder i kongesogene, og her får vi også høyre om nokre episodar i skaldens liv, m.a. at han dikta ein mansǫngr (kjærleiksdikt) til den svenske kongsdottera Astrid, noko som heldt på å koste han livet då han kom til kong Olav Haraldsson, som i mellomtida hadde gift seg med Astrid.

Vi har ikkje bevart kvad som Ottar dikta til kong Svend, heller ikkje noko av kvadet til Anund Jakob, av diktet om Dale-Gudbrand eller av kjærleiksdiktet til Astrid. Det eldste vi har bevart av Ottars dikting, er seks halvstrofer av eit kvad han dikta til Olof Skötkonung. Dette diktet, Óláfsdrápa sœnska, er berre overlevert i Snorres Edda. Diktet er det eldste vi kjenner i versemålet hálfhnept. (Eigentleg er diktet i ein kombinasjon av hálfhnept og det versemålet som i Snorres Edda er kalla alhnept.) Det iøyrefallande versemålet med trykktung utgang og innrim (hending) i første og siste staving i verslina (i alhnept har andre og siste staving fullrim) skil seg klart frå det vanlegaste skaldeversemålet, dróttkvætt. Det har vore diskutert om dette versemålet kan vere påverka av irsk dikting. I alle fall kan versemålet vere ein innovasjon hjå Ottar, og skalden bed også i første strofa kongen leggje merke til versemålet.

Eldste saga, Legendariske saga og Styrmes tapte soge om Olav den heilage (tekst frå Styrme finst i Flateyjarbók og andre interpolerte handskrift av den særskilde Olavssoga) fortel at då Ottar kom til Noreg etter Olof Skötkonungs død 1022, førte gjetordet om kvadet til Astrid til at han vart kjøleg motteken av Olav Haraldsson (i nokre versjonar av anekdoten vil kongen drepe han). Sigvat skald bad om å få høyre kvadet og rådde Ottar til å dempe innhaldet og ta ut nokre strofer, og så kvede det omdikta kvadet om Astrid for kongen og deretter kvede eit lovkvad om kongen. Ottar så gjorde og vart forlikt med kongen. Lovkvadet om Olav Haraldsson kallast Hǫfuðlausn, 'hofudløysinga', fordi Ottar kjøpte seg livet med dette kvadet.

Det ser ut for at Ottar tidleg gjekk over til kong Knud. Til han dikta Ottar lovkvadet Knútsdrápa. Dei fleste av dei bevarte strofene er overleverte berre i Knýtlinga saga. Diktet fortel om Knuds kampar i England i perioden 1015–1016 og om slaget ved Helgeå, som fann stad mellom 1025 og 1027. Legendariske saga fortel at kong Knud som skaldeløn gav Ottar ein hjelm fylt med sølvpengar, men seier rett nok ikkje at det var Knútsdrápa som vart løna slik, og episoden er her også plassert før Ottars opphald hjå kong Olav Haraldsson. Knútsdrápa har ein enklare stil enn Hǫfuðlausn. Som forklaring på den enkle stilen har det vore foreslått at Ottar her kanskje vender seg til eit blanda engelsk-skandinavisk publikum i England.

  • Dikta til Ottar er trykte i Finnur Jónsson: Den norsk-islandske skjaldedigtning, København 1912–15, tekst etter handskrifta i 1A, s. 289–299; retta tekst i 1B, s. 267–275
  • Finnur Jónsson: Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie, 2. utg., København 1920–24
  • J. d. Vries: Altnordische Literaturgeschichte, Berlin 1941–42
  • A. W. Brøgger: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • O. Nordland: Hǫfuðlausn i Egils saga, ein tradisjonskritisk studie, 1956
  • Einar Ól. Sveinsson: “An Old Irish Verse Form Wandering in the North”, i Proceedings of the Seventh Viking Congress, Dublin 1973
  • B. Fidjestøl: Det norrøne fyrstediktet, Øvre Ervik 1982
  • R. Poole: “Scaldic Verse and Anglo-Saxon History. Some Aspects of the Period 1009–1016”, i Speculum nr. 62, 1987
  • d.s.: “Óttarr svarti”, i Ph. Pulsiano (red.): Medieval Scandinavia. An encyclopedia, New York 1993