Samfunnsvitar og politikar. Foreldre: Skulestyrar, ordførar og lokalhistorikar Arthur Angel Brox (1901–73) og lærar Hjørdis Johansen (1901–86). Gift 1) 1958 med lærar Bjørg Kristoffersen (5.9.1936–), dotter av kontorsjef Middelthon Kristoffersen og Marie Hammervold, ekteskapet oppløyst 1969; 2) 1970 med Inger-Lise Wangsmo (1949–), ekteskapet oppløyst 1971; 3) 1976 med forskar Kirsten Danielsen (6.7.1944–), dotter av lektor Aksel Johan Danielsen (1911–) og Signy Narvestad (1902–69).

Ottar Brox er ein allsidig samfunnsforskar. Han har ambisjon om å vera folkeopplysar og er ein ihuga talar og debattant, både i faglege og politiske samanhengar over eit breitt felt. Mens det er stadig vanlegare for samfunnsforskarar å halda seg til sitt fagfelt, har han brukt sitt faglege arbeid i den allmenne samfunnsdebatten. Han har engasjert seg politisk for å skapa offentleg interesse for det han har funne ut gjennom forsking, men også brukt sine erfaringar som politikar og debattant som inspirasjon til nye forskingstema.

Ottar Brox vaks opp i ein samfunnsengasjert lærarfamilie i utkant-Noreg i ei tid med store forskjellar mellom sentrum og periferi – både økonomisk, sosialt og kulturelt. Det har sett sterke spor både i hans faglege interessefelt og hans politiske aktivitet. Han har tatt vare på sine band til bygde-Noreg og vore engasjert for folk som lever marginalt.

Bygdeopphavet i ein norsk utkant rundt andre verdskrigen sette også sitt preg på utdanninga hans. Brox har ikkje gått ein strak veg til å bli ein leiande samfunnsforskar i Noreg. Han gjekk landbruksskole i Troms og arbeidde som kontrollassistent i landbruket. Sidan tok han kurs som kvalifiserte til opptak ved Norges Landbrukshøgskole, og han tok examen artium som privatist då han var 24 år. Etter eksamen som sivilagronom 1957 underviste Brox på framhaldskulen i heimbygda på Senja. Der blei han slått av at lokale hushald valde heilt andre tilpassingar enn det som låg til grunn for statleg planlegging og makro-økonomisk rasjonalitet, og slike motsetningar har prega mye av hans faglege arbeid seinare. Etter at han hadde improvisert eksamenar i historie og sosiologi, blei han 1960 knytta til Tromsø Museum og drog tilbake til Senja med forskingsmidlar. Han var også stipendiat ved Norges landbrukshøgskole der han blei dr.scient. i bygdesosiologi i 1970. Då var han amanuensis i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen. Frå 1972 til 1984 var han professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø. Etter det har han vore forskingsleiar og seniorforskar ved Norsk institutt for by- og regionforskning i Oslo. Ei kort tid var han også leiar av prosjektet Alternativ Framtid.

Ottar Brox er for mykje av ein generalist til å la seg binda av grenser innan og mellom samfunnsfaga. Han har lånt litt frå dei fleste. Det tverrfaglege miljøet ved Universitetet i Tromsø som han var sentral i frå starten, heitte då også Institutt for samfunnsvitenskap. Det var interessa for nordnorske lokalsamfunn som skulle vera styrande, ikkje faglege spesialitetar.

Brox er medlem av Norsk sosiologforening, men hans viktigaste referansar er til sosialantropologien, sjøl om han har stått på sida av det strenge fagmiljøet. Han har gjort korte feltarbeid på Newfoundland og i Chile, men det er antropologi på heimleg grunn som er hans styrke. Han lar seg også involvera sterkare enn det som er vanleg i situasjonen til dei som er objekt for forskinga. Han meiner at ein lærer mye om samfunnet ved å delta aktivt. Å avstå frå deltaking er å avskjera seg frå innsikt i sosiale prosessar.

Ottar Brox har skrive eit snes bøker, men ingen har vekt slik oppsikt som Hva skjer i Nord-Norge (1966). Boka var ein kritisk analyse av samanhengen mellom nasjonale strategiar og livsvilkåra i nordnorske lokalsamfunn, men han la også fram eit alternativ til den rådande, teknokratiske politikken.

Brox var aktiv i Sosialistisk Folkeparti, der han var sentral i utforminga av partiets distriktspolitikk. Etter EF-striden 1972 var han stortingsrepresentant frå Troms for Sosialistisk Venstreparti i perioden 1973–77. Han sat i fiskerikomiteen og kommunalkomiteen, men fann seg ikkje til rette i Stortingets arbeidsmåte og debattform.

Erfaringane frå “feltarbeidet” på Stortinget gjorde at Brox fekk større interesse for dei symbolske sidene ved meiningsdanning og politiske prosessar. Han har vendt fokus frå hushaldsøkonomi til regional organisering, og frå planlegging til politisk kommunikasjon. Han har henta teoretisk tilfang frå klassisk retorikk og Gregory Batesons analyse av skismogenese. Både fagleg og politisk kasta han seg inn i innvandringsdebatten for å skapa eit rom for praktiske tiltak på tvers av tendensen til opptrapping av konfliktane gjennom sterke symbolske markeringar. I 1990-åra var han også opptatt av å syna kordan sentraliseringspolitikken fjerna arbeidsmuligheiter i utkantane og skapte problem i storbyane – med marginalisering av store grupper og framveksten av ein ny underklasse som resultat.

Det særprega ved Ottar Brox sin innsats i norsk samfunnsliv er at han har klart å sameina fagleg og samfunnsmessig engasjement. Han har kombinert og veksla mellom rollene som deltakar og tilskodar, analytikar, polemikar og aktør, og han har overført innsikt og anvendeleg kunnskap mellom felta. Som akademisk forskar er han nytenkande og original, og som praktisk samfunnsvitar har han eit mangesidig tilfang av kunnskap og erfaring. Som politikar har han sett nye tema på dagsorden og hatt som ambisjon å peika på praktiske løysingar. Som frittståande offentleg debattant har han gått til felts mot ufornuften i konvensjonell visdom og demonstrert alternative forståelsesmåtar. Hans sosiologiske fantasi er basert på at han er fagleg nyfiken, og at han trekker både på sitt bygdeopphav, sitt urbane liv og breidden av sine akademiske og sosiale erfaringar i sitt samfunnsengasjement.

    Eit utval

  • Centralbyråkraterna och glesbygden: En socialantropologisk intensivstudie, 1969
  • Newfoundland Fishermen in the Age of Industry: A Sociology of Economic Dualism, St. John's 1972
  • Politikk. Bidrag til en populistisk argumentasjon, 1972
  • Jordreform og middelklasseutvikling i Chile, i D. Hareide (red.): Chile: På veg til sosialismen,1973
  • Nord-Norge. Fra allmenning til koloni, 1984
  • Ta vare på Norge. Sosialdemokratiet under høyrebølgen, 1988
  • Jeg er ikke rasist, men ... Hvordan får vi våre meninger og innvandrere og innvandring, 1991
  • Norge mot tusenårsskiftet. Arbeid for alle – eller flere rike og ny fattigdom?, 1994
  • Praktisk samfunnsvitenskap, 1995
  • Dit vi ikke vil. Ikke-utopisk planlegging for neste århundre, Halden 1995
  • F. Barth: “Key Informants on the History of Anthropology: Ottar Brox”, i Ethnos 61, hf. 1–2, 1966
  • O. Brox: Hva skjer i Nord-Norge? En studie i norsk utkantpolitikk, 1966
  • O. Brox: “My Life as an Anthropologist”, i Ethnos 61, hf. 1–2, 1966
  • N. Aarsæter, R. Nilsen og J. E. Reiersen (red.): Folkemakt og regional utvikling. Til Ottar Brox' 50-års dag, 1982
  • O. Grepstad: “Pamflettforskaren Ottar Brox”, i O. Grepstad: Det litterære skattkammer. Sakprosaens teori og retorikk, 1997