Ottar Birting

Faktaboks

Ottar Birting
Død
1146, Nidaros
Levetid - kommentar
Truleg fødd kring 1100; nøyaktig fødselsår og fødestad er ikkje kjent; el. 1147.0.0
Virke
Lendmann
Familie
Foreldre: Ukjende. Gift ca. 1142 med Ingerid Ragnvaldsdotter (ca. 1105–ca. 1170). Fosterfar til Sigurd 2 Haraldsson Munn (1133–55); stefar til kong Inge 1 Haraldsson Krokrygg (1134 el. 1135–1161).

Ottar Birting var ein av dei leiande stormenn i Noreg i fyrste halvdel av 1100-talet. Han spelte ei særskilt aktiv rolle medan kong Harald Gilles søner, Inge Krokrygg og Sigurd Munn, var born. Ottar var Sigurd sin fosterfar, og gjennom sitt ekteskap med enkedronning Ingerid vart han Inges stefar. Denne dobbelte rolla har nok verka samlande på stormennene sine interesser den fyrste tida etter Harald Gilles død. Ottar blir skildra som kortvokst, mandig og mørk – tilnamnet Birting ('den ljose') blir vanlegvis tolka ironisk.

Ottar er nemnd fyrste gongen i Morkinskinna, i ein episode frå 1120-åra. I eit anfall av raseri kasta kong Sigurd Jorsalfare ei svært kostbar bok i elden, og Ottar, som var Sigurds kjertesvein, utsette seg for kongens vreide ved å redde boka og tale kongen til rette. Men kong Sigurd utviste storsinn, rosa Ottar for hans omtanke og mot og utnemnde han til lendmann, trass i at han berre var “ein kotkarl av lågaste ætt”.

Etter Harald Gilles død 1136 var Ottar ein av fleire namngjevne trøndarar som stod bak kongehyllinga av Harald sin son, Sigurd. Sigurd hadde vakse opp hos Såda-Gyrd Bårdsson i Trøndelag, men det er Ottar som står fram som leiar for gruppa av stormenn kring den unge kongen. I ei brevveksling mellom dei unge kongssønene blir Ottar nemnd særskilt mellom kong Sigurd sine rådgjevarar, og det var Ottar som førte ordet på Sigurd sine vegner.

I løpet av denne tida (historikaren P. A. Munch tidfester det til 1142) vart Ottar også gift med dronning Ingerid Ragnvaldsdotter, enka etter kong Harald. Dette var Ingerids tredje ekteskap. Ottar hadde ein son frå før, Alv Rode, men vi kjenner ikkje til om Ottar og mor til Alv hadde vore gifte. Alv vart seinare lendmann og hærførar for kong Håkon Herdebrei og vart drepen av Erling Skakke og hans menn i Nidaros 1165. Ingerid og Ottar fekk, så vidt vi veit, ingen born saman.

Ekteskapet med Ingerid medførte at Ottar også vart stefar for kong Inge, og han var, ifølgje kongesagaene, til stor hjelp for stesonen. Dette mislikte kong Sigurd, og det er tydeleg både i Heimskringla og Morkinskinna at det var Sigurds sjalusi som førte til drapet på Ottar. 1146 eller 1147 vart Ottar overfallen og drepen i Nidaros, med sonen Alv som augevitne. Sigurd vart skulda for drapet, men kom seg unna med lovnad om jernbyrd. Ottars død var nok ein viktig medverkande årsak til den åpne striden som braut ut mellom Haraldssønene kort tid etter.

Kilder og litteratur

  • Fagrskinna, utg. ved Finnur Jónsson, København 1932
  • HKr., oms. av F. Hødnebø og H. Magerøy, Noregs kongesoger, bd. 2, 1979
  • Morkinskinna, utg. ved Finnur Jónsson, København 1902–03
  • Ágrip, utg. og oms. av G. Indrebø, 1936
  • A. W. Brøgger: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • K. Helle: Norge blir en stat, 2. utg., 1974
  • E. Gunnes: Rikssamling og kristning 800–1177, bd. 2 i CNH, 3. utg., 1995
  • B. Opheim: Med stønad frå frender og vener. Slektskap og venskap som partidannande faktorar i den norske innbyrdesstriden 1130–1208, h.oppg. UiB, 1996