Gardbrukar og politikar. Foreldre: Kaptein, gardbrukar og stortingsmann Ole Rømer Sandberg (1865–1925) og Hanna Krag (1870–1963). Gift 1926 med Oddlaug Moen (opphavleg Oterholm) (4.10.1903–10.2.1985), pleiedotter til professor Olav Moen (1875–1960; sjå NBL1, bd. 9) og Marit Vold (1877–1960). Soneson til Ole Rømer Sandberg (1831–99); dotterson til Hans Hagerup Krag (1829–1907); morbror til Joachim Rønneberg (1919–).

Ole Rømer Sandberg var gardbrukar på Hedemarken og ein framståande tillitsvald i Norges Bondelag. Han var stortingsrepresentant for Hedmark 1957–65 og formann for den komiteen som førebudde overgangen til merverdiavgift og omlegginga av skattesystemet.

Etter examen artium på Hamar offentlege skule 1919 fullførde Sandberg Vinterlandbruksskulen 1921 og jordbrukslina ved Noregs Landbrukshøgskule 1925. Frå 1925 var han styrar og forpaktar, frå 1935 gardbrukar på Hol, seinare òg på Kåtorp, i Furnes nord for Hamar.

Som faren og farfaren før han var Sandberg aktiv i bondesamvirket og i fleire av landbruksorganisasjonane. Han var formann i Furnes Bondelag 1927–29, i Hedmark Bondelag 1951–53 og i Norges Bondelag 1951–55. Han var òg styremedlem for Gartnerhallen 1941–45 og styremedlem for Felleskjøpet Oslo 1946–49. Som medlem av Bondepartiet (frå 1959 Senterpartiet) hadde han òg kommunalpolitiske verv i Furnes. Han vart medlem i kommunestyret 1934, og 1945–51 var han formannskapsmedlem. Han gjekk ut or kommunepolitkken 1959. 1955–61 sat han i fylkesstyret i Hedmark.

Arne Rostad, Einar Frogner og Ole Rømer Sandberg var dei sentrale personane bak moderniseringa av Bondelaget i åra før den andre verdskrigen. Mot slutten av krigen vart Sandberg teken opp som medlem i sentralleiinga i Heimefronten, som “representant” for landbruket. Einar Gerhardsen ynskte at han òg skulle vera målsmann for Bondepartiet i samlingsregjeringa 1945, men Bondepartileiinga gjekk ikkje med på å rekna Sandberg som representant for partiet, truleg på grunn av otte for klikkvesen kring Heimefrontleiinga.

Ved reorganiseringa av Bondelaget 1945 og 1949–50 var Sandberg aktuell som kandidat til leiarvervet, men Arne Rostad vart vald og sat til 1951, då Sandberg tok over. Sandberg var sterk tilhengjar av forhandling og samarbeid som hovudstrategi for Bondelaget. Som leiar hadde han sterk nok posisjon til å styra Bondelaget unna bruk av aksjonar i pris- eller avtalespørsmål, men han såg aksjonsvåpenet som naudsynleg ris bak spegelen.

Sandberg vart vald som stortingsrepresentant for Hedmark Bondeparti 1957 og for Hedmark Senterparti 1961. Framom valet 1965 skal han ha fråsagt seg nominasjon med tilvising til Jon Leirfalls arbeidsmetodar. Bak dette låg truleg gamalt agg frå Bondelaget, der Leirfall lenge hadde ynskt å verta formann. Sandberg var den einaste senterpartirepresentanten som braut med partiets assosiert medlemsskapsline då EEC-spørsmålet var oppe i april 1962. Han røysta også subsidiært for å søkja medlemsskap.

I tida som stortingsrepresentant var Sandberg medlem av Odelstinget, av Finans- og tollkomiteen og sekretær for valkomiteen. Han hadde òg ei lang rekkje offentlege verv og sat m.a. som formann for Finansdepartementets komité for analyse av skattar, avgifter, premiar, subsidiar og stønader 1966–67. Han var medlem i styret for Erstatningsdirektoratet 1945, i Økonomisk Samordningsråd 1945, i Noregs Landbruksvitskaplege Forskingsråd 1949–55 og i Arbeidsdirektoratets styre 1955–64 (nestformann frå 1959).

Ole Rømer Sandberg hadde eit vake auga for liner og tendensar i samfunnsutviklinga, m.a. da han 1950 meinte at framtida ville rekna den norske samfunnsordninga som ei tillemping av den korporative staten.

  • Stud. 1919, 1950, 1969
  • HEH 1979
  • Nordby, bd. 1, 1985
  • O. Rovde og B. Gjerdåker: Hundre år for bygd og bonde 1896–1996, 2 bd., 1995
  • M.-B. Ohman Nielsen og R. Madsen: Senterpartiets historie 1920–2000, 2 bd., 2001