Offiser, bonde og politikar. Foreldre: Bonde Ole Rømer Sandberg (1831–99) og Ingerine Susanne (“Rina”) Peterson (1835–1921). Gift 7.6.1893 med Hanna Krag (25.9.1870–16.9.1963), dotter til vegdirektør Hans Hagerup Krag (1829–1907) og Anna Marie Petersen (1843–1919). Far til Ole Rømer Sandberg (1900–85); morfar til Joachim Rønneberg (1919–); tremenning til Einar Sandberg (1876–1947).

Ole Rømer Sandberg var offiser og seinare bonde og eigar av fleire gardar på Hedemarken, men mest kjend var han som agrarpolitikar.

Faren var bonde og gardeigar på Hedemarken. Sjølv tok Sandberg militær utdanning og gjekk ut av Den militære Høiskole 1888. Han tenestegjorde fleire år som løytnant før han vart kaptein 1898. 1902 tok han avskil på grunn av dårleg helse og vart bonde. Gjennom arv og gardkjøp eigde han fleire store gardar. Han budde sjølv på Hol i Furnes, som han kjøpte 1898 og som faren hadde eigd tidlegare. Her spesialiserte han seg særleg på mjølkeproduksjon. Han eksperimenterte med å utvide beitemarka og vart rekna som foregangsmann når det galdt opparbeiding av kulturbeiter. Gjennom enkle tiltak auka han avkastinga i hamnehagar og opparbeidde produktiv beitemark på store tidlegare myrstrekningar; på denne måten kunne han redusere inneforinga av mjølkedyra.

Sandberg vart tidleg engasjert i den offentlege debatten om jordbrukets stilling i samfunnet. Frå 1892 redigerte han landbrukstidende i Aftenposten, og han sat sentralt i ei rekkje landbruksorganisasjonar og offentlege utval. Han var ein konservativ agrarpolitikar. Av så vel kulturelle som sosiale, økonomiske og politiske grunnar ville han byggje det norske samfunnet kring landbruket og bøndene. Han meinte at bonde- og bygdekulturen hadde forrang framfor bykulturen, han var motstandar av den storindustrielle utviklinga og arbeidde for å styrke landbruket som hovudnæring i Noreg. Han var talsmann for dei store og sterke bruk. Men samstundes var han oppteken av å knyte flest mulig til jordbruket som arbeidarar og småbrukarar – til erstatning for den svinnande husmannsklassen. Han gjekk derfor inn for reformer som kommunal forkjøpsrett og ekspropriasjon av jord ved sida av offentleg støtte til nydyrking for å motverke avfolking og styrkje bygdene. Hovudmålet var likevel å ta vare på den sosiale strukturen knytt til heildagsbonden, og han var ein sterk forsvarar av eigedomsretten.

I politikken var Sandberg tilhengar av ei brei bondesamling. Han tilhøyrde dei som ynskte å gjere Norsk Landmandsforbund til politisk parti. Når dette i første omgang mislukkast, satsa han på andre arenaer. 1909 vart han valt inn på Stortinget for Kyrkjepartiet, som hadde eit konservativt teologisk program han sympatiserte med.

Sandberg hadde sterke teologiske interesser og var motstandar av den liberale teologien, men det var som landbrukspolitikar han markerte seg. Han melde seg inn i Høgres stortingsgruppe, og arbeidde dei neste fem åra for å vinne Høgre for agrarpolitikken. Han lukkast langt på veg. Han vart ikkje attvald til Stortinget 1912, men han sat i sentralstyret i partiet og fekk ei sterk stilling m.a. i programarbeidet. Programmet til partiet ved stortingsvalet 1915 var også ein siger for Sandberg. Men Høgre tapte valet, og den byliberale fløyen fekk deretter overtak i partiet. Sandberg drog seg då ut av politikken, og han sa også opp stillinga si i Aftenposten.

Som landbrukspolitikar engasjerte Sandberg seg m.a. i Kornmonopolkommisjonen, der han fronta mindretalet som var mot monopol og for toll. Etter partivedtaket i Landmandsforbundet 1920 melde han seg inn i det nye Bondepartiet.

I dei siste åra var Sandberg plaga av sjukdom. Han døydde likevel uventa sommaren 1925 etter ein operasjon for tarmslyng, vel 60 år gamal.

  • Beitedrift. Stel og bruk beiterne godt, 1918
  • Stud. 1881, 1906, 1931
  • O. Klokk: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • S. Sandberg og J. Sandberg: Slekten Sandberg, 1960
  • T. Hauge: Ole Rømer Sandberg – ein agrarpolitisk studie, h.oppg. UiB, 1980
  • A. Kaartvedt: Drømmen om borgerlig samling. 1884-1918, bd. 1 av Høyres historie, 1984
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling. 1896–1945, bd. 1 av Norges Bondelag 1896–1996, 1995
  • H. Riddervold: Familiebilder med mannens signatur, Ringvold 1998