Ole Kristian Furuseth

Faktaboks

Ole Kristian Furuseth
Født
7. januar 1967, Oslo
Virke
Alpinist
Familie
Foreldre: Kontorsjef Pål Furuseth (1939–) og rektor Marit Sundby (1944–). Gift 3.10.1992 med Linda Merete Thoresen (6.9.1967–), dotter til lærar Ivar Reidar Thoresen (1940–) og lærar Magda Thommasen (1938–).

Ole Kristian Furuseth var den som starta det som kan omtalast som det norske alpineventyret. Saman med utøvarar som Finn Christian Jagge, Atle Skårdal, Kjetil André Aamodt og Lasse Kjus var han med på å føre Noreg opp som ein leiande alpinnasjon på herresida i 1990-åra. Som den fyrste norske alpinisten vann han samanlagt ein verdscup i alpine skidisiplinar.

Furuseth var ikkje noka barnestjerne. Han fekk dei fyrste skia sine 7 år gamal og var i starten oppteken av langrenn, turgåing og leik på ski. Men det skulle ikkje gå lang tid før interessa for alpin tok overhand. Gjennom det gode treningsmiljøet, fyrst i nærområdet i Ullensaker Skiklubb, seinare på regionsnivå (Romeriksgruppa) og etter kvart på landslaget, fekk han god oppfølging.

Gjenombrotet fekk Furuseth med verdscup-sigrar både i slalåm og storslalåm 1989, og han kom på andreplass i verdscupen totalt i sesongen 1990. Ein litt uortodoks stil, med breiare skiføring enn konkurrentane, samt ein skitype med meir innsving enn tidlegare, var litt av bakgrunnen for suksessen. Det vart sagt at han køyrde effektivt, men ikkje stilfullt. Likevel er det fyrst og fremst gode treningsmetodar, særleg i oppkøyringa til sesongen, samt ein sterk eigendisiplin når det gjaldt å trena, som har vore årsaka til Furuseth sin suksess.

I verdsmeisterskapen har Furuseth ein tredjeplass i slalåm frå 1991 som beste resultat, og i olympiske leikar tok han sølv i slalåm 1998. I tillegg var han OL-deltakar 1992 og 1994. Furuseth har i alt 9 NM-sigrar i storslalåm (3), slalåm (5) og super G (1) i perioden 1989–2000, samt tre kongepokalar. 1989 vart han tildelt Morgenbladet sin gullmedalje og Sportsjournalistane sin statuett.

Som mange andre toppidrettsutøvarar har òg Ole Kristian Furuseth vore plaga med skadar. Etter OL-sesongen 1992 vart han operert i det eine kneet for skaden “jumper's knee”, seinare vart han òg operert i det andre kneet. Desse operasjonane sette han litt attende. Medan han hadde tre verdscup-sigrar i 1989, to i 1990 og ein i 1992, hadde han i heile perioden 1993–2000 berre tre sigrar til saman (1995, 1998 og 2000). Likevel vart 1997/98-sesongen god, med verdscup-siger i slalåm og andreplass i OL. 1998/99-sesongen vart derimot ein fiasko; for fyrste gong sidan 1987 klarte han ikkje å kvalifisera seg til verdsmeisterskapen. Då var det imponerande av han å koma attende og vinna sin niande verdscup-siger under avslutninga av 1999/2000-sesongen i Bormio.

Ole Kristian Furuseth er òg kjend for at han stod fram som ein kristen toppidrettsutøvar, ein kombinasjon som for mange har vore vanskeleg å få til. Fleire gonger har han peika på at den kristne trua har vore det viktigaste i livet, men at den ikkje har vore noko hinder for å driva toppidrett.

Kilder og litteratur

  • Opplysningar frå Ole Kristian Furuseth, Bjarne Li, skitrenaren Steve Skavik og Norges Skiforbund sin pressekontakt Lars Otto Bjørnland (2000)
  • Furuseths offisielle heimeside på Internett (http://www.kjentfolk.no/idrettutøvere/furuseth/)