Norskamerikansk forfattar. Foreldre: Fiskar Peder Benjamin Jakobsen (1846–1931) og Ellerine (Ella) Pedersdotter (1844–1915). Gift 9.7.1908 i South Dakota, USA med Jennie Marie Berdahl (1879–april 1970), dotter til farmar Andrew Berdahl (1848–1940) og Karen Otternes (1852–1915).

Ole Edvart Rølvaag utvandra til Amerika som 20-åring og vart seinare professor i norsk ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota, der han verka i 25 år. Gjennom dei litterære skildringane sine av nordmenn i Midtvesten formidla han erfaringa med busetjing på opne prærien på ein slik måte at bøkene hans blir sedde på som allmenngyldige for denne delen av amerikansk historie. Han arbeidde også ivrig for å bevare den norske kulturarven i det nye landet.

Rølvaag vart fødd på Helgeland i ein fiskarfamilie med mange barn. Det var små kår i heimen, men levande interesse for lesing og intellektuelle spørsmål, nørt av det lokale biblioteket. Etter dåtidas knappe skulegang med hovudvekt på katekisme og bibellesing segla han nokre år med fiskebåtar på Lofoten, men utvandra så til Nord-Amerika 1896. Han arbeidde først eit par år på farmar i South Dakota, gjekk så på Augustana Academy i same staten 1898–1901 (førebuingsskular til college for immigrantungdom) og deretter på St. Olaf College i Northfield, Minnesota 1901–05. Båe skulane var etablerte av norskamerikanske kyrkjesamfunn. Etter eit år på universitetet i Kristiania (1905–06), der han las og gjekk på forelesingar i norsk språk, litteratur og historie, returnerte han til USA og vart lærar, seinare professor i norsk ved St. Olaf College, ei stilling han hadde heilt fram til han døydde 1931.

Det er på grunn av den skjønnlitterære forfattarskapen sin at Rølvaag er kjend i dag. Han var del av ein norskspråkleg litterær tradisjon i Amerika som blomstra frå ca. 1870 til fram mot 1930. Dei to første bøkene hans, Amerika-breve og Paa glemte veie, kom ut under pseudonymet Paal Mørck. Den første handlar om ein ung manns møte med Amerika, truleg med fleire sjølvbiografiske trekk, den andre har ein religiøs tematikk, og båe utspelar seg innanfor det norske immigrantsamfunnet i Midtvesten. 1920 kom To tullinger under hans eige namn, revidert og omsett til engelsk som Pure Gold, som igjen kom på norsk som Rent gull. Det er ei krass skildring av materialisme og kritikk av mangel på åndelege interesser i immigrantsamfunnet. Længselens baat (på engelsk som The Boat of Longing) skildrar ein ung innvandrar som også er kunstnar, og lagnaden hans; handlinga er lagd til Helgeland og til bymiljø i Minneapolis.

Hovudverket til Rølvaag, som er det fremste innanfor den norske immigrantlitteraturen, er dei fire bøkene I de dage. Fortælling om norske nykommere i Amerika, Riket grundlægges, Peder Seier og Den signede dag. Til skilnad frå dei tidlegare bøkene hans, som alle kom ut på Augsburg, eit forlag knytt til eit norskamerikansk kyrkjesamfunn, kom desse ut i Noreg på Aschehoug forlag, noko som forfattaren kjende både som eit kvalitetsstempel og som eit prov på at det norske samfunnet synte interesse for utvandrarane og rekna dei som del av nasjonen. Dei to første banda kom på engelsk som Giants in the Earth (1927) og fekk status som den store amerikanske prærieromanen; dei to neste kom ut som Peder Victorious (1929) og Their Fathers' God (1931). Romanserien har på denne måten fått plass i tre litterære tradisjonar, den norske, den norskamerikanske og den amerikanske i den omsette versjonen, der særleg Giants in the Earth vart mykje lesen og var utvald lesnad på amerikanske high schools til langt inn i 1960-åra.

Dei to første bøkene skildrar ei gruppe menneske frå Helgeland som reiser vestover og slår seg ned i søraustre delen av South Dakota 1873. Dei bryt jord, byggjer hus, startar skule og stiftar kyrkjesamfunn; dei etablerer eit nytt tilvære på prærien. Band ein og to følgjer innvandrarane og livet deira gjennom 1870-åra fram til 1880/81. Band tre har så fokus på andre generasjon, den norskamerikanske ungdommen som veks opp i skjeringspunktet mellom det strenge norske immigrantmiljøet og det store amerikanske samfunnet med alt som lokkar der. Dei to siste banda gjev også bilete av relasjonen til andre etniske grupper, særleg dei irske innvandrarane, der norsk lutherdom blir kontrastert med irsk katolisisme. Gjennom heile verket er bevaringa av den norske kulturarven eit viktig tema.

Også utanom gjerninga som collegeprofessor og skjønnlitterær forfattar var Rølvaag ein svært sentral aktør i det norske immigrantsamfunnet. Han var aktiv i det norskamerikanske lutherske kyrkjelivet, og i alle samanhengar var han ein ivrig talsmann for bevaring av den norske kulturen, eller fedrearven, som han helst kalla det. Hit rekna han så vel historie som språk, litteratur og kunst. Han tala og skreiv om kor viktig det var for immigrantane å ta vare på kulturarven sin. Det var naudsynt, meinte han, for at det skulle bli ein kulturell og åndeleg vekst; utan eit slikt fundament i eigen kultur ville dei vera opne for det han kalla den amerikanske overflatekulturen. Rølvaags kultursyn er heller nasjonalistisk med den sterke vekta på kulturelle røter, samstundes som han er open for ein kulturell pluralisme, der den eigne kulturen skal gå inn som eit viktig element i det nye tilværet. I denne samanhengen framheva han kor viktig morsmålsundervisning er.

Dette kultursynet kan seiast å vera nedfelt i essaysamlinga Omkring fedrearven, der han samla talar og artiklar om kultur, religion og utdanning. Ein viktig del av verksemda hans var nettopp lærargjerninga. Han var medutgjevar av Norsk læsebok i tre band (1919–25), også det publisert av Augsburg. Særleg i siste bandet vart det lagt vekt på å finne tekstar som presenterte det norskamerikanske samfunnet. Rølvaag var også medstiftar av, og den første sekretæren i, Det norsk-amerikanske historielaget (The Norwegian-American Historical Association) 1925.

Først og fremst er det Rølvaags romanar om nordmennene på prærien i Midtvesten som gjer at han framleis er aktuell. Gjennom omsetjingane til engelsk fekk dei plass i litteraturhistoria til det nye landet og vart oppfatta som amerikansk litteratur. Han er heidra av St. Olaf College ved at biblioteket deira har fått namnet Rølvaag Memorial Library.

  • Amerikabreve (under pseud. Paal Mørck), 1912
  • Paa glemte veie (under pseud. Paal Mørck), 1914
  • To tullinger, 1920 (engelsk rev. utg. Pure Gold, 1920, norsk utg. av denne Rent gull, 1932)
  • Længselens baat, 1921 (engelsk utg. The Boat of Longing, 1933)
  • Omkring fedrearven (artiklar i samling), 1923
  • I de dage. Fortælling om norske nykommere i Amerika, 1924
  • Riket grundlægges, 1925 (engelsk utg. sm.m. foregåande Giants in the Earth, 1927)
  • Peder Seier, 1928 (engelsk utg. Peder Victorious, 1929)
  • Den signede dag, 1931 (engelsk utg. Their Fathers' God, 1931)
  • T. Jorgensen og N. O. Solum: Ole Edvart Rölvaag. A Biography, New York 1939
  • G. H. Gvåle: Ole Edvart Rølvaag. Nordmann og amerikanar, 1962
  • E. Haugen: Ole Edvart Rölvaag, Boston 1983
  • H. P. Simonson: Prairies Within. The Tragic Trilogy of Ole Rølvaag, Seattle 1987
  • O. Øverland: The Western Home. A Literary History of Norwegian America, Northfield 1996 (kap. 23 om Rølvaag)