Patolog. Foreldre: Lege Birger Lærum jr. (1906–91) og biletvevar Goro Lynne (1909–2003). Gift 1) 25.4.1964 med fysioterapeut Mari Norderud (25.11.1940–), dotter til aktuar Kåre Norderud (1907–98) og Signe Tronbøl (1907–79), ekteskapet oppløyst 1997; 2) 17.8.1999 med musikar Reidun Horvei (7.6.1958–), dotter til børsemakar Håkon Horvei (1931–) og avdelingsleiar Odlaug Haraldsen (1935–).

Ole Didrik Lærum er professor i patologi ved Universitetet i Bergen (UiB). I tillegg til omfattande vitskapleg verksemd innan kreftforsking har han utmerkt seg som universitetspolitikar, forskingsformidlar og kulturhistorikar.

Lærum vart fødd i Bærum. Faren ætta frå Voss, og trass i at Vossevangen låg i ruinar etter tysk bombing, flytta familien snart attende dit. Her hadde Lærum barne- og ungdomstida. Far, farfar og oldefar var alle legar, og slik sett låg det kanskje i korta at også unge Lærum skulle velje medisinstudiet etter examen artium på Voss offentlege landsgymnas 1959. Men medan dei tidlegare generasjonane hadde hatt ei pasientretta livsgjerning som tuberkulose- og distriktslegar, valde Lærum alt frå studietida i Oslo forsking som si oppgåve. Eit semester ved Pasteur-instituttet i Paris var med å fange interessa for vitskapleg verksemd.

Etter medisinsk embetseksamen 1965 vart Lærum forskingsstipendiat ved Institutt for patologi, Rikshospitalet, med Leiv Kreyberg og Olav Hilmar Iversen som inspiratorar. Her studerte han samanhengen mellom energistoffskifte, celledeling og kreftutvikling, med musehud som modell. Dette arbeidet vart forsvart for den medisinske doktorgraden ved Universitetet i Oslo 1969.

Etter dette tok Lærum spesialistutdanning i patologi ved Rikshospitalet og var gjesteforskar i Tübingen i Tyskland før han 1974 vart utnemnd til dosent i eksperimentell patologi og onkologi ved Avdeling for patologi, Gades institutt, UiB. Frå 1980 har han eit personleg professorat i same fagområde ved denne avdelinga.

Lærum er ein særs aktiv forskar, med ein produksjon som tel meir enn 350 artiklar og eit tjuetals bøker. Han har vore rettleiar ved nærare 40 doktorgradar. Forskinga har spent vidt, med mekanismar for kreftutvikling og regulering av celledeling som hovudtema. Heile tida har Lærum vore snar til å ta opp nye teknikkar. Han var såleis den første som nytta væskestrømcytometri i Noreg, ein metode for automatisk måling og sortering av celler. Eit anna felt der Lærum var tidleg ute, er studiet av kronobiologi (dei biologiske rytmane i kroppen). Han innsåg at slike rytmar kunne ha noko å seie for praktisk kreftbehandling og starta forsking på stamceller i beinmarg, der m.a. døgnvariasjonar og effekt av ulike cellegifter vart undersøkt.

Også når det gjeld studier av kreft i sentralnervesystemet har Lærum markert seg. I forskingsgruppa hans har ein fått fram modellsystem for trinnvis kreftutvikling i hjernen og for invasjon av hjernesvulstar i normalt vev. Dei seinare åra har Lærum ivra mykje for bruk av biobankar i kreftforsking ved å utnytte det patologiske arkivmaterialet som sidan 1930-talet er samla inn ved norske sjukehus.

Lærum har vore medlem i utval og komitear nedsett av universitet, departement og andre instansar. Han var m.a. styreleiar i Norges Forskningsråd under den store omstillinga 1992–94, då fem ulike forskingsråd vart slått saman til eitt. Lærum var prorektor ved Universitetet i Bergen 1984–89 og rektor 1990–95. Spesielt rektorperioden var ei omskifteleg tid for UiB, med ein nærast eksplosiv auke i studenttalet og nye utfordringar frå samfunnet rundt. Med Lærum som rektor vart grunnlaget lagt for Griegakademiet, nye studieretningar, utvida samarbeid med næringslivet og utbygging av dei internasjonale relasjonane ved UiB.

Lærum har alltid lagt vekt på popularisering av forsking. Han er ein skatta føredragshaldar i radio/fjernsyn og ved ulike møte og samkomer, og han har skrive fleire bøker med populærvitskapleg siktemål. Medisinsk humor er eit anna tema han har vore oppteken av. Sist, men ikkje minst, må interessa for kulturhistorie nemnast. Lærum har arbeidd med lokalhistoriske emne frå Voss som årestover, bygdekunstnaren Magnus Dagestad og spelemannen Sjur Helgeland. Vidare har han gjennom artiklar, føredrag, innsamlings- og utstillingsarbeid engasjert seg i norsk medisinsk historie og m.a. skrive to bøker om korleis det var å drive legepraksis i eldre tider. Lærum spelar alpehorn, lur, trompet og tuba.

Ole Didrik Lærum er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1991, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1981 og Academia Europaea frå 2001. Han er heidersdoktor ved Københavns universitet og Carol Davila-universitetet i Bucuresti, og han har motteke fleire prisar for si forsking og sitt virke elles, som t.d. Anders Jahres medisinske pris for yngre forskarar (1978) og NAVFs pris for populærvitskapleg innsats (1988). Lærum vart utnemnd til storriddar av Islands Falkeorden 1994 og kommandør av St. Olavs Orden 1996.

    Eit utval

  • Den forunderlige vitenskapen, 1980
  • Mennesket og biorytmene, 1983
  • Magnus Dagestad. Treskjerar, spelemann og livskunstnar, 1989
  • Røykstova. Bustad gjennom tusen år (sm.m. N. G. Brekke), 1990
  • Spelemannen Sjur Helgeland, 1991
  • Mennesket og tida, 1999
  • Gamledoktoren forteller, 2005
  • I ulveskinnspels. Legens historie i tre slektsledd, 2006
  • Ca. 400 artiklar om vitskapelege, universitetspolitiske og kultur- eller medisinskhistoriske emne
  • NL,bd. 3, 1996
  • HEH 1994
  • fleire avisintervju i samband med 60-årsdagen april 2000
  • samtale med Ole Didrik Lærum, mars 2002

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (heilfigur) av William Butt, 1990; p.e
  • Måleri (heilfigur) av Per Lundgren, 1996; Kollegiesalen, UiB
  • Måleri av Per Lundgren, 1996; p.e