Faktaboks

Ole Moene
Ole Olsen Moene
Fødd
10. september 1839, Lønset i Oppdal, Sør-Trøndelag
Død
27. mai 1908, Oppdal
Verke
Treskjerar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Ole Persson Lien (1803–83) og Ingeborg Johnsdotter Bøe (1809–80). Ugift.

Ole Moene var ein av dei aller fremste treskjerarane i si tid, spesielt kjent for sin nøyaktige og velforma miniatyrskurd, som oftast brukt i produksjonen av suvenir- og husflidsprodukt. Han utvikla ein eigen stil basert på akantusstilen, men med eit sterkt personleg preg.

Moene voks opp i Oppdal. Han kom tidleg ut på gardsarbeid, men tok som ganske ung til med treskjering. Han lærte seg også snikkararbeid og smikunst. Ein nabo, rosemålaren og treskjeraren Sjur Jamtsæter, vart læremeisteren hans. Saman laga dei altartavla og anna innreiing til Lønset kapell.

Helst arbeidde Moene i det vesle formatet, frå syskrin til små dåser, knivskaft, skeier og andre miniatyrsaker. Avsetning fekk han spesielt hos dei engelske laksefiskarane i Drivdalen og Sunndalen. Etter kvart fekk han kontakt med kjøpmenn i Christiania som handla med husflidssaker. Seinare omsette han gjennom husflidsorganisasjonane. 1872 fekk han tilbod om å kome til Christiania, og her fekk han oppdrag for kongefamilien og for andre framståande personar. Han fekk også ei bestilling frå keisar Wilhelm 2 på eit skrin. Men skrinet kom aldri i keisarens hender, truleg fordi det var for billig. Moene rekna seg ei krone dagen for arbeidet sitt. På dette skrinet brukte han 40 dagar, og da keisaren høyrde prisen, ville han ikkje kjøpe. Dette var for billig til at han ville vise det fram til gjestene sine!

Moene fekk tilbod om å bli lærar i treskjering og skulptur ved teikneskolen i Christiania. Men han avslo og reiste heim att til Lønset, der han bygde seg ein plass under garden Jamtsæter. Plassen heitte opphavleg Brennan, men vart seinare kalla Molund. Her dreiv han jordbruk ved sida av treskjeringa heilt til han døydde. Han gifta seg aldri. Han likte ikkje publisitet og let seg aldri fotografere. Han tok heller aldri imot elevar.

Gjennom åra var Moene representert på ei rekkje utstillingar i inn- og utland og fekk mange medaljar og diplom, m.a. på verdsutstillinga i Paris 1900. Produkta hans vart innkjøpte av mange av musea i landet, spesielt av Kunstindustrimuseet i Kristiania. Men også Norsk Folkemuseum og andre museum har gjenstandane hans i samlingane sine.

Moene heldt fast på akantusstilen gjennom det meste av sin produksjon. I ein stutt periode rundt 1880 prøvde han seg på dragestil. Men han kjende seg ikkje heime her og vende attende til den reine akantusen. Han utvikla ein personleg stil, kalla Ole Moene-stil, som er omtala som eit tett rankeverk av relativt smale, profilerte band som snor seg over og under kvarandre. Innimellom kjem utløparar av bladliknande former, men med klubbeaktig avslutning. Dette flettverket er så frodig at det er mest uråd å sjå kvar det tek til og kvar det sluttar. Men det verkar likevel ikkje overlessa. Dette er korkje akantus- eller dragestil, men kanskje litt av begge delar. Han var pinleg nøyaktig i alt arbeidet sitt, noko som også går att i snikkararbeidet og i dei fine låsane, gjerne i messing.

Sjølv om Ole Moene ikkje tok imot elevar, fekk han likevel stor innverknad på andre treskjerarar i si samtid. Spesielt må nemnast Lars Kinsarvik, som i si tidlege periode hadde Ole Moene som førebilete.

Verker

    Offentlege arbeid

  • Altertavle i Lønset kapell, Oppdal, ca. 1860

    Representert i

  • KIM, NF, NKM, Hadeland Folkemuseum og Oppdal Museum

Kilder og litteratur

  • I. Skou: biografi i NKL, bd. 2, 1983
  • d.s.: To norske treskjærere. Ole Olsen Moene. Lars Kinsarvik, 1991