Faktaboks

Olav Hansson
Levetidskommentar
Fødselsår og fødestad er ikkje kjende; truleg mellom 1750 og 1760 i Telemark; Dødsår og -stad er ikkje kjende; truleg mellom 1820 og 1843
Verke
Dekormålar
Familie
Foreldre: Ukjende.

Olav Hansson verka som dekormålar i Aust-Telemark i tiåra før og etter 1800. Han har etterlatt seg både figur- og folkelivsskildringar og fantasifulle ranke- og blomeframstellingar.

Lite er biografisk kjent om Olav Hansson, likt med dei fleste bygdekunstnarane frå den tida. Det er argumentert for både Hovin, Tinn, Lisleherad og Sauherad som fødebygda hans. Dei kjende verka hans er avgrensa til bygdene i Aust-Telemark, med dekoren i uppstova på ein av Rygi-gardane i Heddal som eldste kjende døme (1782). Det er hevda at han “gjorde eksis” (militærteneste) på Rygimoen dette året. Det kan tala imot eit fødeår så tidleg som rundt 1750 (slik Øystein Vesaas har hevda). Opplysninga om militærtenesta gjev ein sikrare peikepinn om fødselsår enn granskarane sine spekulasjonar kring dødsåret, som varierar frå ca. 1820 (Vesaas) til 1843 (Thor Engebretsen). Levekåra hans er òg noko forskjellig tolka, frå velstandsson til husmann. Båe syn kan jo vere rette, då mange yngre bondesøner “sokk ned i husmannskår” på denne tida. I alle fall må ein kunne seie at blømingstida hans som stovemålar fell mellom 1782 og ca. 1810.

Dekormålinga i Telemark er basert på arv frå antikkens akantusdekor, via mellomalderens, renessansens og barokkens treskurd og vegetative kyrkjemåling. Denne siste hadde truleg ein direkte innverknad på den kundetilpassa kunsten til Olav Hansson. Målingsdekoren i Uvdal stavkyrkje i Numedal er ofte trekt fram som ei mogleg idékjelde. Likskapar er slåande, men – som Johan Meyer fyrst peika på – stavkyrkjer med rik måling stod det mange av i Telemark på Olav Hanssons tid.

Olav Hanssons blomerankar er storslegne, og granskarane roser snart den eine stova som “best”, snart ei anna. “Uppstoga” var viktigaste stasromet på garden og arvtakaren etter loftet frå mellomalderen og tidleg nytid. Hansson og andre bygdekunstnarar utfalda seg særleg her. I denne ramma for høgtid og fest kjem ei anna side ved Olav Hansson fram: figurframstellingane. Dei kan grovt delast i to kategoriar: bibelske motiv og samtidig folkeliv.

Dei bibelske motiva er ikkje vanskelege å forstå. I desse andrehøgdsstovene blei livets merkedagar markerte, og desse hekk i hop med kristenreligiøst farga hendingar: fødsel, dåp, truloving, bryllaup og død. Motivvalet ymsar mykje mellom stovene og er vel dels styrt av tingarane. Vi ser testamentlege motiv tekne frå samtidas biletbiblar, motiv som er kjende i dag, og som var allkunne kring 1800. Folkelivsskildringane, derimot, opnar ei 200-årig dør for oss. Vi møter tømmermålarar, borgarar og handelsmenn, men fyrst og fremst bønder frå Aust-Telemark i autentiske samtidsklede. Ofte syner dørblada, som er dei einaste vertikalt plane flatene i stova, korleis dei dengjer einannan; eller bonden drikk kjøpskål med “fanten” (utanbygds kar).

Vi veit ikkje kor stor “kunstnarleg fridom” Olav Hansson og dei andre målarane kring år 1800 hadde. Variasjonen over tid kan ha hatt element av naturleg personlegdomsendring hjå kunstnaren, men vel så viktig var truleg uppdragsgjevaranes personlege ynskje. Motivval og moteendring ser vi mellom stovemålingar som er tidfeste til 1780-talet: Rygi- og Ramberg-gardane i Heddal, og den einaste skriftleg tidfeste, Kleppenstugo i Sauland, kor det er skrivi “Malet af Ole Hans Sen 1804”. På dei fyrstnemnde rår ein lokal variant av den europeiske rokokkostilen, som prega Sentral-Europa i fyrste helvta av 1700-talet, men seinare her i landet. Dørbladet i uppstova på Ramberg Neristog (no på Heddal bygdetun), måla 1784, er eit framifrå rokokkoeksempel, med det asymmetriske muslingidealet. I Kleppenstugo let ideala å vere på glid mot ein symmetrisk klassisisme, i tråd med europeisk motekjensle kring år 1800.

Olav Hansson har òg late etter seg månge døme på “smådekor”, som inventardetaljar, kistedekor og drikkekar, som i dag er høgt prisa, både som folkekunstytringar og samlarobjekt.

Kilder og litteratur

  • R. Berge: Olav Hansson. Ein rosemaalar fraa Telemarki, 1914
  • J. Meyer: Fortids kunst i Norges bygder, 1918
  • Ø. Vesaas: Rosemåling i Telemark, bd. 1, 1954
  • O. Urdal: Hovinbøle. Litt om garden og ætta, Vemork 1967
  • H. O. Waaraas: biografi i NKL, bd. 2, 1983
  • T. Engebretsen: “Ola Hansson – kunsten og mannen”, i Årbok for Telemark 1994