Faktaboks

Nils N. Finnøy
Nils Nilsen Finnøy
Fødd
28. november 1865, Sandøy, Møre og Romsdal
Død
23. juli 1939, Sandøy
Verke
Motorprodusent og fabrikkeigar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Nils Olsen Finnøy (f. 1822) og Oline Knudsdatter (f. 1828). Gift med Anna Olsdatter (1863–1938).

Ved sida av Haldor Haldorsen, grunnleggjaren av Wichmann Motorfabrikk på Bømlo, vert Nils N. Finnøy rekna som skaparen av den første norske båtmotoren. Begge bygde og sette motorane sine i drift i året 1903.

Finnøy sin bakgrunn er typisk for fleirtalet av dei som starta opp motorproduksjon og/eller mekanisk verkstad langs kysten i byrjinga av 1900-talet. Dei hadde lite av teoretisk kunnskap og var det praktiske livs menn. Dei voks opp i fiskarstrøk og hadde gjerne drive fiske sjølv i ungdommen. Dei gjekk i smedlære, og etterpå sette dei opp smie i heimetraktene og dreiv som bygdesmed nokre år. Herifrå gjekk vegen over i meir spesialisert produksjon til jordbruks- og/eller fiskerinæringa. Då dei utanlandske båtmotorane begynte å vinna innpass i fiskeflåten i åra straks etter 1900, fekk desse smedane, gjennom reparasjonsarbeid og interesse for mekanikk, snøgt kjennskap til korleis motoren verka, og herifrå var ikkje vegen lang til sjølv å byggja motor.

Finnøy trødde barneskoa sine på den vesle Finnøya ytst ute i Romsdalsfjorden. Som folk flest langs kysten i dei dagar, livnærte familien seg av fiske og jordbruk. Nils synte tidleg interesser som gjekk i anna lei og drog til Molde i smedlære. 1884 sette han seg til som smed heime, og sidan Finnøya ligg midt i eit godt fiskeristrøk, vart fiskarane ei viktig kundegruppe.

Tiåra før og etter 1900 var ei overgangstid i fiskerinæringa. Nye fiskefarkostar kom i bruk, som dekka seglfartøy og dampskip. På reidskapssida skjedde det også betydelege teknologiske framsteg, med drivgarn og snurpenot som dei viktigaste. Etter hundreårsskiftet begynte motoriseringa av fiskeflåten, og i åra framover skjedde det ein revolusjon på dette feltet.

1892 konstruerte Finnøy eit garnspel som han tok patent på og sette i produksjon. Spelet var eit framsteg i høve til dei skotske garnspela som var i handelen. Innhivingsspelet til Nils Finnøy vart godt motteke, og dette stimulerte til vidareutvikling. 1898 fekk han stipend for å delta på den internasjonale fiskeriutstillinga i Bergen. Her stilte han ut garnspela sine og fekk diplom med sølvmedalje for “fortjenstfullt arbeide med forbedring av garnspil”. Også på verdsutstillinga i Paris 1900 og på ei fiskeriutstilling i Trondheim 1902 fekk Finnøy sølvmedalje.

Då motoriseringa av fiskeflåten så smått tok til i dei første åra etter 1900, var det i hovudsak danske motorar som først fekk innpass. Danmark var tidleg ute; storparten av den danske fiskeflåten var motorisert alt før hundreårsskiftet. Her heime var det fiskarar på romsdalskysten som gjekk i brodden. Ein føregangsmann skal ha vore Rasmus Sandøy. Sommaren 1901 gjorde Rasmus ein tur til Danmark for å studere danske båtmotorar. Han tykte best om Rap-motoren, og kjøpte med seg heim ein slik maskin, som Nils Finnøy sette i dekksbåten hans. Utover våren og sommaren 1901 kom det fleire Rap-motorar til Sandøy, som truleg vart monterte av Nils Finnøy.

Desse motorane var ikkje særleg godt eigna for norske forhold. Dei hadde liggjande sylinder og vart starta opp med ein oppvarma tennstift. Kraftoverføringa til propellakslingen skjedde via ei kjede. Nils Finnøy såg fleire svake sider ved Rap-motoren og tok til å spekulere på om han ikkje kunne byggja ein betre motor. Men han hadde ikkje utstyr til slik produksjon og allierte seg difor med Aalesund Mekaniske Verksted om utforming og framstilling av maskina. Ein mekaniker ved verkstaden, Halfdan Nilsen, skal ha vore med på konstruksjonen av den første Finnøy-motoren. Motoren vart sett i ein dekksbåt som tilhøyrde Andreas Finnøy, og ser ut til å ha verka bra.

Dette gav meirsmak, og samstundes var etterspurnaden etter båtmotorar sterkt aukande. Nils Finnøy bestemte seg for å starta motorproduksjon heime på Finnøya, og den første maskina frå denne verkstaden stod ferdig 1905.

Dei første Finnøy-motorane var firetakts, einsylindra maskiner, baserte på glødekuleprinsippet. Dette innebar at motoren vart starta opp ved hjelp av ei oppvarma glødekule, eller glødehovud, plassert på toppen av sylinderen. Inntil motoren var varm nok til å gå sjølv, var det glødekula som gav den naudsynte varmen for å tenna den komprimerte blandinga av luft og petroleum i sylinderen. Glødekulemotoren gjennomgjekk stadige forbetringar og vart etter kvart nemnd som semidiesel-motor.

Etter få år gjekk Finnøy bort frå firetaktsprinsippet og begynte produksjon av totakts glødehodemotorar. Totaktsmotorane var enklare å byggja, lettare å vedlikehalda og billegare i drift. Totaktsprinsippet kom til å bli bortimot einerådande blant norske motorprodusentar.

Motorproduksjonen på Finnøya ekspanderte raskt. Firmaet Nils N. Finnøy Motorfabrik vart skipa, og 1912 flytta verksemda inn i nytt fabrikkbygg. Folkesetnaden på den vesle Finnøya var på langt nær stor nok til å dekkja etterspurnaden etter arbeidskraft, og dei fleste læregutane og arbeidarane laut hentast frå nærområdet. Arbeidarene budde på Finnøya i vekene, og Nils si kone, Anna, stod for matstellet.

Finnøy-motoren fekk etter kvart godt ry på seg. Fabrikken låg sentralt plassert i eit godt fiskeridistrikt, og Nils hadde god kontakt med brukarane og var lydhøyr overfor kundane. Motoren blei stadig forbetra og motoreffekten var stigande. 1918 vart den første firesylindra maskina levert, truleg den første i sitt slag i Noreg.

Det har vore hevda at Nils Finnøy og motorfabrikken på Finnøya er grunnlaget for det meste av den mekaniske industrien som voks fram på Sunnmøre. Fleire av dei som seinare starta opp motorproduksjon og mekanisk verkstad, hadde gått i lære hjå Finnøy. Sunnmørskysten vart i det heile eit senter for motorproduksjon og mekanisk industri – ein posisjon den har halde like til i dag.

Nils N. Finnøy døydde straks før krigen og fekk ikkje røyna dei store omskifta i norsk motorproduksjon i 1950- og 1960-åra. Konkurransen frå utlandet vart gradvis hardare, og dieselmotoren slo etter kvart ut semidieselen. Dette førte til at fleire av dei mindre fabrikantane av semidieselmotorar innstilte produksjonen. A/S Nils N. Finnøy Motorfabrikk skal ha vore den siste som produserte semidieselmotorar i Noreg; dei leverte den siste maskina så seint som 1975. Alt i alt vart det produsert nærare 700 motorar ved fabrikken på Finnøya.

Kilder og litteratur

  • E. Thorsvik: “Mekanisering av fiskeflåten”, i Volund 1972
  • B. Rabben: Folk ved havet. Fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal, bd. 1, Ålesund 1982
  • V. Steiro: Gammelmotoren, Stavanger 1991