Faktaboks

Nils Bæra
“Skule-Nils”
Levetidskommentar
Fødd 1785 (døypt 19.6) i Ål, Buskerud; Død 1873 på Rudningen under Sando, gravlagd 18.2 s.å. i Ål i Hallingdal
Verke
Rosemålar
Familie
Foreldre: Skolelærar, husmann og rosemålar Herbrand Engebretsen Sata (1753–1830) og Anne Samuelsdotter Bæra (1755–1844). Gift 23.2.1815 med Gunhild Knutsdotter søre Ulshagen (1786–7.9.1877), dotter av husmann Knut Aslesen (1751–1825) og Guri Olsdotter (1747–1825). Bror til Embrik Bæra (1788–1876).

Nils Bæra høyrer til våre fremste bygdekunstnarar på 1800-talet. Med rik fantasi og eminent penselteknikk førte han vidare den lokale hallingstilen som far hans, Herbrand Sata, hadde lagt grunnlaget til. Liksom faren verka Nils nokre år som omgangsskolelærar i heimbygda, og oppnamnet “Skule-Nils” fylgde han heile livet. Som læremeister og forbilde for yngre rosemålarar var han (saman med broren Embrik) skoledannande for Øvre Hallingdal. I bygdesoga har han blitt ståande som ein original og ekte kunstnarnatur med eksentriske drag.

Truleg kom Nils Bæra tidleg i målarlære hos faren, men det er få sikre arbeid av han før ca. 1820, då han stod fram som fullærd rosemålar. Dei første åra var han sterkt påverka av farens stil, utan den sirlege detaljrikdomen han etter kvart la seg til, men det personlege preget er likevel umiskjenneleg. Noko av det mest karakteristiske for Bæra-stilen er den stiliserte blomsterfloraen med svarte blad og “blekkjer”, tydelegvis ein arv frå blomsterbarokken.

I slutten av 1820-åra dyrka Nils Bæra rokokkostilen i si eiga, særmerkte form, men berre i ein kortare periode og nesten berre i interiørdekor. Med blått som hovudfarge ramma han inn vegg- og takbilder i store, flikete kartusjar. Dette skjedde 20–30 år etter at faren hadde lagt rokokkoen til side for godt, og om lag 40 år etter at stilen gjekk av mote i norske byar. Rokokkoelement kjem også seinare til syne, men då i sterkt omdikta former, symmetrisk komponerte kring ein vertikal akse. Det som ein gong var eit rokokkoskjell, blir til eit merkeleg planteornament som vi ikkje finn i andre distrikt.

Frå slutten av 1830-åra får rosemålinga til Bæra nokre innslag av Louis-seize- og empirestil, helst som palmettborder kring veggbilder med bibelske og allegoriske motiv, t.d. Bakkestugu (1855). Elles er det lite å merke til nyklassisismen hos Bæra og hans elevar. Hallingstilen – eller Sata-stilen, som han like gjerne kunne kallast – hadde hovudsakleg funne si form i 1820- og 1830-åra og mottok seinare få impulsar utanfrå. Men det var spelerom for uendeleg mange variasjonar innanfor stilramma. Av meir enn 200 dekorative arbeid – kister, skåp og ølbollar – som er bevart, finst det knapt to som kan seiast å vera like. Han må ha lagt si sjel i kvar minste ting.

Som skriftkunstnar og penselvirtuos var han makelaus, og det kalligrafiske linespelet, med skiftande trykk på penselen, er ein viktig del av ornamentikken. I seinare år tok teknikken nesten overhand, noko av spenninga og spontaniteten vart borte.

I romutsmykkinga måla han ofte figurar, helst bibelske scener etter forbilder i bøker og grafiske trykk. Figurane er sikrare teikna enn hos rosemålarar flest, men likevel sterkt prega av folkekunstens naivisme. Det var i “rosene” han hadde sin styrke, ikkje minst som kolorist. Fargeskjemaet er karakteristisk for Hallingdal, klare, klingande kontrastfargar sett djervt og sikkert mot kvarandre, utan modellering og plastisk verknad, men ofte med kresen bruk av valører. Han meistra også meir fornemme og sjeldsynte fargekombinasjonar.

Av elevane kan nemnast Torstein Sand og Pål Grøt i Hol og Ola Feten i Ål. Den siste førte tradisjonen vidare til Ola O. Bjella.

Bæra er representert på Norsk Folkemuseum, Drammen Museum, Hallingdal Folkemuseum og Ål Bygdemuseum.

Kilder og litteratur

  • N. O. Moen: “Dei gamle rosemålarane”, i Dølaminne 3, Kongsberg 1925
  • K. Visted: “Nyere folkekunst”, i Norsk kunsthistorie, bd. 2, 1927
  • R. Asker: “En rosemalt hallingstue”, i Bygd og by nr. 1, 1943
  • Norsk Allkunnebok, bd. 2, 1948
  • H. Fonnum og K. Svarteberg: Aal Bygdesoge, bd. 1, 1952, s. 399
  • R. Asker: “Rosemaling”, i Norsk folkekunst, 1953
  • d.s.: “Rosemaling i Hallingdal”, i DNT Årbok 1957
  • d.s.: Rosemaling i Norge, 1970
  • P. Anker: Folkekunst i Norge, 1975
  • N. Ellingsgard: Rosemåling i Hallingdal, 1978, s. 140
  • d.s.: Norsk rosemåling, 1981, s. 128
  • d.s.: biografi i NKL, bd. 1, 1982
  • d.s.: Dekorativ måling i folkekunsten, 1999