Jurist, embetsmann og forfattar. Foreldre: Grosserar, seinare skulestyrar Michael Østgaard (1779–1853) og Maren Magdalene Ramm (1784–1874). Gift 12.8.1851 i Øyer med Anna Gunhilda (eig. Gunelia) Neergaard (4.10.1828–20.2.1910), dotter til urmakar Anders Johnsen Neergaard (f. 1796) og Hanna Olava Bjerck (1809–45). Grandnevø (brordotters son) til Eilert Waldemar Preben Ramm (1769–1837; sjå NBL1, bd. 11); farfar til Nikolai Ramm Østgaard (1885–1958).

Nikolai Ramm Østgaard var departementsfunksjonær og seinare fut i Østerdalen, men i dag vert han helst hugsa som heimstaddiktar og ein pioner i å nytte dialekt til seriøs dikting. Han var òg ein forlaupar for bondeforteljingane gjennom boka En Fjeldbygd, som var med på å varsle “det nasjonale gjennombrotet” her til lands, og han var ein nybrotsmann i fornorsking av skriftspråket.

Østgaard levde dei første barneåra i Trondheim. Foreldra vart skilde 1819, og mora flytta med borna til foreldra sine på Tynset; morfaren Nicolai Hersleb Ramm, som Nikolai hadde namn etter, var skoginspektør ved Røros koparverk. I den tradisjonsrike fjellbygda lærte guten bondelivet å kjenne. 11 år gammal vart han send til Elverum for å bli fostra hos sorenskrivar Randulff, og etter nokre år på prost P. V. Deinbolls privatskule i Løten vart han dimittert til examen artium 1831. Deretter studerte han jus ved universitetet i Christiania og vart cand.jur. 1840. Ved sida av studia arbeidde han som kopist i Revisjonsdepartementet; 1845 vart han utnemnd til kongeleg fullmektig der. Mora og søstera hadde no flytta inn saman med han på Sagene rett utanfor byen, i området der Østgaards gate ligg i dag.

I Christiania vart Østgaard med i krinsen “Tollekniven”, som interesserte seg for “norsk natur og folkeliv”. Til denne krinsen høyrde m.a. forfattarane P. Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Bernt Lund og Aa. O. Vinje. På eit møte las Østgaard ei regle på tynsetmål. Venene kravde meir, og Østgaard skreiv då novella Ulveskredet, som han seinare tok med i En Fjeldbygd; forteljinga fann òg plass i lesebøkene etter kvart. For første gong vart eit norsk målføre brukt i ei forteljing.

Elles får fjellbondens ulike høgtider den største plassen i boka. En Fjeldbygd, med undertittelen Billeder fra Østerdalen, kom i desember 1851 (på tittelbladet står 1852). Kapitlet Min sidste Sommer i Hjemmet er ikkje berre ei folkelivsskildring omkring ei kjærleikshistorie, men i høg grad også norsk kulturhistorie. Boka kan ha inspirert Bjørnstjerne Bjørnson til hans bondeforteljingar; delar av handlinga i Synnøve Solbakken liknar til forveksling på kjærleikshistoria i En Fjeldbygd, noko som Vinje aldri vart lei av å peike på. Boka vart raskt utseld; allereie fem månader etter kom eit nytt opplag. Til eit seinare opplag (etter forfattarens død) vart boka utstyrt med illustrasjonar av Gerhard Munthe.

Østgaard skreiv for “storfolk”. Derfor tok han med ei ordliste. Den smålåtne forfattaren venta heller ikkje at folk flest skulle ta boka i famn. Men det vanta ikkje på lovord. Komponisten Halfdan Kjerulf fortel m.a. om “stormande applaus”.

Også språket vekte interesse. Om vi kjenner att kansellistilen, var det ikkje det stilistiske som lesarane merkte seg. Det var særnorske ord på reiskapar, matrettar, tradisjonar, kultur m.m., og eventyrsamlaren og grammatikaren Jacob Grimm i Tyskland syntest å kjenne att urgermanske drag i både ord og omgrep. Å bruke målføre i replikkar vart seinare meir regel enn unntak i norsk dikting.

Østgaard var også interessert i den norske språkdebatten. I Christianiaposten drøfta han språk med P. A. Munch og Knud Knudsen. Østgaard meinte at oppnorsking var best, og han gjekk til felts mot rektor Ludvig Vibe ved katedralskulen i Christiania, som klandra den omsetjinga av Homers Iliaden som rektorkollegaen F. M. Bugge i Trondheim hadde gitt ut. “Gud hjelpe oss for dannelsen i Norge!” sukka Østgaard.

Østgaard vart invitert med Knudsen og filosofiprofessor M. J. Monrad til å slå fast uttalereglar på Den norske dramatiske Skole, som frå 1853 vart Christiania Norske Theater. Han vart sjølvskriven medlem av teaterstyret, som ville setje opp lette stykkje for å lokke folk. Derfor var det viktig med norsk uttale, i motsetnad til Christiania Theater, der dansk var scenespråket. Men Østgaard var redd for at teatermålet skulle bli for “piperviksk”: “Sjø” måtte ein seie i staden for “sø”, men slett ikkje “er'u gæl'n”!

Han prøvde seg også sjølv på dei skrå breidder. 1854 vart skodespelet En Husjomfru framført seks gonger, med den anonyme forfattaren i ei av rollene. Kritikken var lite nådig. Et Fiskerhjem, likeeins anonymt, vart teke av plakaten etter to framsyningar 1855. Betre mottaking fekk Østerdølen hemkømmen fraa Amerika, eit propagandadikt mot utvandringa skrive på tynsetmål, som vart framført på teatret under marknadsveka i februar 1853; diktet vart 1857 omskrive til vågåmål og framført som forspel til C. P. Riis' skodespel Til Sæters. Populær var også Axvallavisa om den dansk-tyske krigen.

1854 leverte Østgaard ei skisse, Liv paa Sæteren, til Christian Tønsbergs Norske Folkelivsbilleder, og 1858 gav han ut reiseskildringa Fra Skov og Fjeld, under inntrykk frå ei reise i den tyske forfattaren Berthold Auerbachs heimtrakter i Schwarzwald og eit besøk i fjellheimen i Lom. Han gjorde òg ei norsk omsetjing av Auerbachs forteljing Der Lehnhold.

Nikolai Ramm Østgaard gifte seg 1851, og 1859 vart han utnemnd til fut i Søre Østerdalen og busette seg i Elverum. Der døydde han 1873.

  • Verkliste finst i NFL, bd. 6, 1908, s. 730–731

    Eit utval

  • En Fjeldbygd. Billeder fra Østerdalen, 1851 (5. illustrerte opplag 1883, 6. opplag 1903, ny utg. 1937; svensk utg. Stockholm 1890)
  • Østerdølen hemkømmen fraa Amerika, 1853
  • En Husjomfru, utrykt, 1854
  • Et Fiskerhjem, utrykt, 1855
  • Fra Skov og Fjeld, 1858
  • Storbonden og hans Sønner, fritt etter Auerbachs Der Lehnhold, 1858
  • O. Røst: Minder fra Hjembygden, 1883, s. 245–302
  • NFL, bd. 6, 1908
  • S. H. Finne-Grønn: Elverum, bd. 1, 1909, s. 60 og 118
  • A. O. Vinje: Skrifter i Samling, bd. 1, 1916, s. 75–77
  • I. Østgaard: “Østgaard som målstrevar”, i Årbok for Glåmdalen, Elverum 1952, s. 33–40
  • d.s.: “Bestefars gård i Østgaards diktning”, i Fjell-Ljom Røros 3.9.1952
  • NLH/Bull, bd. 3, 1966, s. 519–521
  • O. Røst: Bygdehistorier fra Tønset. Et skriftstykke frå 1880-åra. Gjenfortalt 100 år etter av Bjarne Grandum, Tynset 1981, s. 82–94
  • Ø. Anker: biografi i NBL1, bd. 19, 1983
  • Miniatyr (brystbilete, på elfenbein) av ukjend kunstnar, u.å.; Oslo Bymuseum
  • Måleri (brystbilete, etter tresnitt) av ukjend kunstnar, u.å.; p.e
  • Portrettrelieff (brystbilete, bronse) av Maja Refsum, 1952; på minnestøtte på Rammsmoen, Tynset