Politimeister og bygdemålsdiktar. Foreldre: Gardmann og smeltar Jonas Monsen Storli (1715–91) og Karen (Kari) Svendsdotter Aspaas (f. 1717). Gift 1) 6.2.1777 med Doret (Dorothea) Jonsdotter Wollan (f. 1746), ekteskapet oppløyst; 2) 17.10.1793 med Elisabeth Sofie Müller (15.2.1772–29.5.1810), dotter til kaptein Brostrup Müller (1731–82) og Elisabeth Klingenberg (1735–1811); 3) 3.3.1811 med Anna Margrethe Hagerup (1768 (døypt 29.8.)–8.2.1840), dotter til stiftsprost Christian Frederik Hagerup (1731–97) og Anne Margrethe Cathrine Westermann (1736–1819). Farfars far til Jonas Lie (1833–1908) og Erika Nissen (1845–1903); fillenevø (kusines son) til Svend Halvorsen Aspaas (1736–1816).

Mons Lie var ein sentral og omstridd person i Trondheim på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet. Ei av visene han skreiv på bygdemål, er overlevert i skriftleg form.

Lie voks opp på garden Storli i Ålen like nord for Røros. Faren arbeidde som smeltar ved Dragås smeltehytte ved sida av gardsdrifta. Mons skadde eine armen som gut og eigna seg etter det dårleg til tungt arbeid. Han lærte å lese heime og hadde inga formell utdanning ut over nokre månaders “skriveskole” på Røros. Ei tid var han visargut hos direktøren for Røros koparverk, Peder Hjort, og som 17-åring drog han til Trondheim, der han fekk arbeid som skrivar hos regimentskvartermeister og generalauditør Andreas Klingenberg, som òg var forstandar for De Angellske Stiftelser.

Lie avanserte raskt, vart sagfut for stiftelsenes skogeigedomar og fekk etter kvart leiinga av Klingenbergs kontorforretninger. Han må ha vist uvanleg dugleik i arbeidet, ettersom han 1793 fekk stiftamtmannens løyve til å praktisere som prokurator i Søndre og Nordre Trondhjems amt og byane i Trondhjems stift. 1800 vart han brannsjef (frå 1804 med tittelen branndirektør) i Trondheim og 1808 rådmann; prokuratorpraksisen avvikla han 1811. 60 år gammal vart han utnemnd til politimeister i Trondheim, ei stilling han hadde til han døydde.

Mons Lie var sjølvsagt ein sentral person i det offentlege livet i byen, men i politiske saker kom han ofte på kollisjonskurs med fleirtalet. Han var aktiv då trønderane sende si “adresse” til prins Christian Frederik då prinsen vitja byen i februar 1814, der dei tok til orde for å kalle saman ei grunnlovgjevande forsamling. Men Lie sjølv gjekk inn for union med Sverige, fordi han meinte at Noreg ikkje hadde styrke nok til å vere sjølvstendig stat. Same året tok han til orde for å opprette ein kjøpstad i Levanger, sjølv om det ville føre til konkurranse for kjøpmennene i Trondheim. For tilslutnaden til “svenskepartiet” måtte han tole å bli uglesedd i byen i sine seinare år.

Lie dreiv ein viss litterær aktivitet som viseforfattar. Tidleg på 1800-talet skreiv han ein del viser på trøndsk bygdemål. Berre ei av desse er overlevert skriftleg og er tilgjengeleg i to versjonar, som varierer litt språkleg; ein er gjengjeven av Ole Stuevold-Hansen 1873 og ein i Syn og Segn 1902. Første strofa er òg prenta i Ivar Aasens Prøver af Landsmaalet i Norge.

Visa er ikkje skriven på rein dialekt. Aasen knyter språket i den varianten han siterer, til Fosen-området, medan oppskrifta til Stuevold-Hansen “samsvarar med målføret i Ålen”, dvs. det målføret Lie voks opp med. At ho finst i fleire variantar tyder på at visa har vore kjend og sungen rundt om i Trøndelag til langt ut på 1800-talet.

Det er ei ganske frisk vise, der helten er den norske soldaten og meir spesifikt “De norafjells Gutan” (Stuevold-Hansen) mot Storbritannia og Sverige under Napoleonskrigane. Fienden er i første omgang britane, som er herrar på havet, men “Kjem Kjeltringen ind paa Landjola her, / Me døgtugt skal slaa aa flaa aa klaa / Den lumske Fanten”. Sverige stod òg mot Danmark-Noreg i Napoleonskrigane, og visa vender snart frå sjøen mot fienden i aust; den svenske kongen blir ynkeleg omtala, og dei norske skal stride for “Konge og Mø” og “Odel”: “Me skal vel aa paa karavis slaa, // Tart Svensken ligg dau, i Haug bli flaug / Aa vende oss Nakkin.”

Ein viss nasjonalstolt og ikkje minst folkeleg vri kjem inn i eit omkvede: “Hei, Norge staar end tusind Aar, / Aa Gutan og Jentaan i kvar en Gaard / Døm raakes saa glali om Laurdagskvællan / Aa tek i Fang!”

Den sjølvsikre haldninga andsynes svensk krigsmakt som kjem til syne i visa, samsvarar ikkje godt med at Mons Lie gjekk inn for union med Sverige i 1814. Men til saman kan det vitne om ein nasjonalt medviten borgar som realpolitisk arbeidde for å skaffe landet ei fri forfatning til grunnlag for relativt sjølvstende innanfor unionen.

  • Sang for de trondhjemske Soldater, i SogS 1902, s. 109–111
  • Tekst nr. 25, i Dalen og Hagland 1985 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder)
  • I. Aasen: Prøver af Landsmaalet i Norge, 1853
  • O. Stuevold-Hansen: Bygdefortælling. Optegnelser fra Tydalen, Annex til Sælbu, Tromsø 1873
  • J. A. Schneider: “Gamall bygdemaals-diktning”, i SogS 1902
  • O. Schmidt: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • A. Dalen og J. R. Hagland (red.): “I det meest upolerede Bondesprog”. Tekster på trøndermål 1706–1856,Trondheim 1985