Faktaboks

Mette Newth
Mette Cecilie Newth
Fødd
31. januar 1942, Oslo
Verke
Forfattar, teiknar og illustratør
Familie
Foreldre: Journalist og forfattar Fridtjof Knutsen (1894–1961) og forfattar Alfhild (“Lalli”) Gundersen (pseud. Lalli Løvland) (1905–81). Gift 11.5.1963 med forfattar Philip Newth (20.1.1939), son til skodespelar William Newth (1900–57) og skodespelar Constance Tayler (1902–99).

Mette Newth er mest kjend som barnebokforfattar, teiknar og illustratør. Ho har også markert seg som kulturpolitikar gjennom sine verv i ulike kunstnarorganisasjonar, gjennom deltaking i råd og utval og som rektor ved kunsthøgskolane i Bergen og Oslo. Ho er stadig ein engasjert debattant og foredragshaldar.

Mette Newth utdanna seg til keramikar ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1957–60 og studerte seinare skulptur ved Statens Kunstakademi 1960–62. 1969 debuterte ho med biletboka Den lille vikingen, ei forteljing om den vesle vikinggutten Eirik som ikkje ønskjer å krige, men heller vil reise ut for å finne ei vakker gåve til mor. Biletboka Lille Skrekk (1975) vart gjennombrotet som biletbokkunstnar. Den vart gitt ut i fleire land samstundes og fekk Kulturdepartementets pris for beste biletbok. Seinare har ho laga fleire biletbøker i samarbeid med mannen, forfattaren Philip Newth, m.a. Mammaen min er så høy som stjernene, som fekk første pris i ein konkurranse om beste bok med tema frå norsk arbeidsliv. Som illustratør har ho også samarbeidd nært med forfattaren Paal-Helge Haugen, og saman har dei gitt ut tre biletbøker, Vårfuglen, Gjennom steinen og Eldsalamanderen.

Mette Newth har også vore opptatt av å framskaffe god litteratur for barn med handikapp og har m.a. utgitt to biletbøker med teiknspråk for døve, Nora og ordene (1979) og Kom ut og se (1982). Ballsprett (1980) er ei biletbok utan ord, laga i samarbeid med Philip Newth. Boka er spesielt tilrettelagd med tanke på barn med ulike lesevanskar. Den enkelte lesaren kan sjølv lage si historie på grunnlag av det forløpet som ligg i bileta.

I ungdomsromanane sine tar Mette Newth ofte opp kontroversielle tema. Ho er særleg oppteken av møtet mellom ulike kulturar og konsekvensane det får for enkeltmenneske. Oppdagelsen skildrar i fabelens form møtet mellom det moderne mennesket og eit folk som lever i pakt med naturen, eit møte som er nær ved å ende i katastrofe. Romanen er den første av fire som hentar stoffet sitt frå Grønlands historie og som skildrar inuittanes tru og førestellingar i deira nære samliv med naturen. I Bortførelsen er handlinga lagd til 1700-talet, då Grønland vart kolonisert. Hendingane er heile tida sett frå to ulike synsvinklar, frå inuittjenta Osuquos side og frå tenestejenta Christines. Boka vart ein stor internasjonal suksess. Den vart følgd opp av Erobringen, ein framtidsvisjon der bakgrunnen for handlinga er det militære nærveret på Grønland og den aktuelle atomtrusselen. Innvevd i forteljinga er gamle grønlandske mytar som viser ein alternativ måte å leve i naturen på. Boka er ein kraftig kritikk av vår sivilisasjon og av majoritetsfolkets overgrep mot minoritetane. I romanen Forandringen frå 1997 blir møtet mellom kulturane skildra som fruktbart.

Makt og avmakt er tema i Det mørke lyset, som fortel om situasjonen til dei spedalske i Noreg på 1800-talet, framstilt gjennom unggjenta Toras skjebne på spedalsksjukehuset i Bergen. I Under huden tar forfattaren igjen fatt i majoritetsfolkets undertrykking av minoritetane. Boka er ei krass skildring av kyrkja og misjonens groteske overgrep mot aboriginarane i Australia.

Mette Newth har (per 2006) gitt ut i alt 22 bøker for barn, åleine eller i nært samarbeid med andre forfattarar. I tillegg har ho laga teikneseriar og omsett bøker for ungdom. Fleire av bøkene hennar er omsette, og i alt har ho vorte publisert på 17 språk. Ho har fått ei rekkje prisar for bøkene sine, både i Noreg og internasjonalt, m.a. Kulturdepartementets biletbokpris 1975, Kulturdepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur 1988, Kritikarprisen for barne- og ungdomslitteratur 1985 og 1995, den internasjonale Vergerio-prisen 1989 og fleire amerikanske prisar. Dei tre bøkene Bortførelsen, Det mørke lyset og Forandringen er i USA blitt valde ut blant årets beste ungdomsbøker av fleire nasjonale tidsskrift og biblioteksorganisasjonar.

Heile tida har Mette Newth vore aktiv og hatt leiarverv innafor norsk kultur- og samfunnsliv. 1977–79 og 1981–82 var ho formann i Ungdomslitteraturens Forfattarlag (ULF). Ho var dagleg leiar, seinare formann i Norges kunstnerråd 1982–85 og har dessutan vore forhandlingsleiar overfor Kulturdepartementet for ei samanslutning av norske kunstnarorganisasjonar. Ho har også vore leiar for Rådet for skriftkultur. 1989–93 var ho rektor ved Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen. Ho var leiar for Norsk forum for ytringsfrihet 1995–98 og rektor for Kunsthøgskolen i Oslo 1999–2002.

Verker

    Eit utval

  • Den lille vikingen, 1969
  • Lille Skrekk, 1975
  • Nora og ordene, 1979
  • Mammaen min er så høy som stjernene (sm.m. P. Newth), 1980
  • Ballsprett (sm.m. P. Newth), 1980
  • Kom ut og se, 1982
  • Oppdagelsen, 1984
  • Soldreperen (sm.m. P. Newth), 1985
  • Bortførelsen, 1987
  • Erobringen, 1988
  • Vårfuglen (sm.m. P.-H. Haugen), 1989
  • Gjennom steinen (sm.m. P.-H. Haugen), 1990
  • Eldsalamanderen (sm.m. P.-H. Haugen), 1994
  • Det mørke lyset, 1995
  • Forandringen, 1997
  • Under huden, 1999

Kilder og litteratur

  • E. Flatekval m.fl.: Forankring og fornying. Nordiske ungdomsromaner fram mot år 2000, 1999
  • samtale med forfattaren, mai 2002
  • T. Birkeland, G. Risa og K. B. Vold: Norsk barnelitteraturhistorie, 2. utg., 2005