Margrete Eriksdotter gifte seg med kong Sverre året etter han hadde vunne kongemakta i Noreg. Særleg den lengre versjonen av Bǫglunga sǫgur skildrar henne som vondskapsfull og intrigant, og meir enn antydar at ho forgifta stesonen Håkon Sverresson jula 1203.
I Sverre Sigurdssons kamp for kongedømet frå 1177 var den støtta han fekk frå vestsvenske stormenn og frå den svenske kongen Knut Eriksson særs viktig. Det er i dette perspektivet ein må sjå ekteskapet mellom kong Sverre og Margrete, søster til svenskekongen. Ho er berre sporadisk omtala i Sverris saga, mest utførleg i samband med eit angiveleg forsøk frå Nikolas Arnesson på å bli biskop i Stavanger. Alt her har omtalen av dronninga eit mistankens skjær over seg.
Etter kong Sverres død mars 1202 reiste Margrete attende til Sverige. Da hadde sveithøvdingen Peter Støype lurt frå henne dottera Kristin, som han overgav til stebroren Håkon Sverresson som nå var blitt konge i Noreg. Denne hendinga er dramatisk utpensla i Bǫglunga sǫgur, og Margretes forbanning over barnerøvarane fungerer som litterært varsel om Håkon Sverressons brå død halvtanna år seinare. Gjennomgåande i den lengre versjonen av soga er Margrete skildra med mørk pensel: eit utakknemleg menneske, med vond vilje og vond hug.
Denne karakterteikninga toppar seg i skildringa av Håkon Sverressons julegilde i Bergen 1203. Etter innbyding frå kongen kom Margrete attende til Noreg hausten 1203, og frå Austlandet følgde ho Håkon til Bergen. Soga skildrar detaljert korleis kongen prøver å vise enkedronninga ære og oppvarting; ho på si side svarar med å vere fåmælt, tverr og uvennleg. Det er tydeleg konstellasjonen den gode mot den vonde som her blir personifisert. Som kasteball i striden mellom dei to står barnet Kristin Sverresdotter.
Håkon Sverresson vart sjuk i julehelga og døydde natt til nyårsdag 1204. Mistanken om at han var forgifta av enkedronninga kom opp straks etter. Jernbyrden som skulle fri henne og medarbeidarane hennar frå mistanken, var mislykka. Med hjelp frå jarlen Håkon Galen kom ho seg til slutt attende til Sverige, etter ei strevsam ferd over Sogn og Valdres. Dottera Kristin må ha blitt igjen i Noreg.
Da Kristin Sverresdotter 1209 gifte seg med baglarkongen Filippus Simonsson i Oslo, kom Margrete tilbake frå Sverige og deltok i bryllaupet. Straks etter vart ho sjuk, og døydde få veker etter. Saman med meldinga om dødsfallet vert det opplyst at Margrete hadde mykje gods, eigedom og formue i Värmland og Västergötland. Versonen Filippus drog straks austover og sikra desse verdiane for arvingen, Kristin Sverresdotter.