Margrete Eiriksdotter

Faktaboks

Margrete Eiriksdotter
I Skottland Kalla “The Maid Of Norway”
Født
9. april 1283, Bergen
Død
1290, Orknøyane, gravlagd i Kristkyrkja på Holmen i Bergen
Virke
Norsk prinsesse, dronning av Skottland
Familie
Foreldre: Kong Eirik 2 Magnusson (1268–99) og dronning Margrete Aleksandersdotter (1261–83). Trulova 18.7.1290 med prins Edvard (den seinare kong Edvard 2) av England (1284–1327), son til kong Edvard 1 (1239–1307) og Eleonore av Castilla (død 1290).

Margrete Eiriksdotter vart november 1289 godkjend som Skottlands dronning og arving. Sommaren året etter vart det inngått traktat om ekteskap mellom henne og den engelske tronarvingen prins Edvard, men Margrete døydde før ekteskapet kom i stand. Hennar tragiske lagnad som brikke i eit storpolitisk spel har gitt “the Maid” ein heilt unik plass i skotsk og norsk folkeleg tradisjon.

Margretes mor døydde truleg i barselseng, og barnet vart derfor frå fødselen arving til restansane av moras medgift, i samsvar med foreldras ekteskapskontrakt. Bevarte kjelder syner at denne delen av traktaten vart følgd opp så lenge Margrete levde. Etter at morfaren, den skotske kongen Aleksander 3, døydde mars 1286, var Margrete også næraste arving til Skottlands trone. Den formelle skotske godkjenninga av arveretten trekte noko ut i tid, bl.a. fordi ein ville avvente om kong Aleksanders nye dronning var gravid. Seinare skulle denne utsetjinga føre til store erstatningskrav frå kong Eirik Magnusson.

Det eldste kjende vitnemålet om Margretes faktiske posisjon som skotsk dronning er eit pavebrev frå april 1288. Eitt år seinare sende kong Eirik sin første delegasjon til kong Edvard 1 av England for å drøfte Margretes stilling, og straks etter utferda Edvard ein petisjon til paven om dispensasjon for giftarmål mellom Margrete og den engelske tronarvingen Edvard (seinare kong Edvard 2). Slik dispensasjon var nødvendig fordi prins Edvard var søskenbarn til Margretes avlidne mor.

6. november 1289 vart det i Salisbury inngått ein norsk-skotsk-engelsk traktat om godkjenning av Margrete som Skottlands dronning og arving, og kort tid etter kom pavens dispensasjon for hennar engelske ekteskap. Etter Salisbury-avtalen skulle Margrete komme til Skottland innan 1. november 1290, og mars 1290 godkjende ei skotsk stormannsforsamling at ho gifte seg med prins Edvard. Ekteskapstraktaten vart inngått i Birgham 18. juli same år. Her vart det bestemt at Margrete skulle få inntekter av engelske jordegods som morgongåve, og kong Edvard lova henne 400 pund sterling årleg inntil fylte 15 år.

Det har vore vanleg å rekne med at kong Edvard var sjølve drivkafta for å få i stand det norsk-engelske ekteskapet, og det er rimeleg å sjå hans disposisjonar som del av ein langsiktig politikk for engelsk kontroll med Skottland. Kong Edvard ønskte at Margrete skulle sendast frå Noreg til England, noko verken skottar eller nordmenn aksepterte. Kring månadsskiftet september-oktober 1290 vart så Margrete Eiriksdotter send frå Bergen med kurs for Skottland. Dei fremste i følgjet hennar var biskop Narve av Bergen, baron Tore Håkonsson og Tores kone, Ingebjørg Erlingsdotter.

Straks etter ankomsten til Orknøyane spreidde det seg rykte om at Margrete var død, og eit seinare brev opplyser at ho døydde “i biskop Narves hender”. Liket vart ført tilbake til Bergen, identifisert av faren og gravlagt i Kristkyrkja på Holmen, ved sida av mora. Dødsdagen er ikkje kjend, men det er rimeleg å datere den til sist i september eller byrjinga av oktober. Dersom ho ikkje døydde om bord i skipet, er bispegarden i Kirkwall sannsynleg dødsstad.

Margrete Eiriksdotter kom i fleire år etter sin død til å versere som rettssubjekt i skotsk-norske tvistemål. 1292 vart det fremma krav om at kongeriket Skottland skulle betale ei større erstatning fordi Margrete ikkje straks vart tatt til Skottlands dronning og frue da Aleksander 3 døydde. Samtidig vart det reist krav om at Skottlands riksinntekter i interregnet før Margretes godkjenning skulle tilfalle kong Eirik. Begge desse fordringane må karakteriserast som lite rimelege. Det gjeld også Eirik Magnussons krav på den skotske trona som Margretes livsarving. Kravet vart avvist med den føydalrettslege grunngjeving at tronarven berre galdt i nedstigande linje. Dei samla tvistemåla om arven etter mor og dotter Margrete skulle i midten av 1290-åra få avgjerande konsekvensar for sjølve grunnkonseptet i norsk utanrikspolitikk (sjå biografien om Audun Hugleiksson).

Både i norsk og skotsk historieskriving har Margrete Eiriksdotters tidlege og tragiske død invitert til “kontrafaktisk tenking”: Korleis ville den politiske utviklinga i dei tre nordsjøstatane ha sett ut dersom dronning Margrete hadde levd opp og ekteskapet med prins Edvard var blitt realisert? Særleg i Skottland, som 1296 vart okkupert av engelskmennene, har refleksjonar av dette slaget vore mange. Ein flora av myter og anna tradisjonsstoff kring “the Maid” grodde raskt fram i Skottland. I folkeviser og episk dikting vart ho tema, m.a. i den omtykte balladen om Sir Patrick Spens.

I Noreg vart folkefantasien helst knytt til “den falske Margrete”, ei kvinne frå Lübeck som dukka opp i Bergen 1300 og utgav seg for Margrete Eiriksdotter. Den historia ho fortalde var åpenbart eit falsum, og både ho og mannen hennar vart avretta på Nordnes i Bergen 1301. Likevel meinte mange at denne Margrete var ei heilag kvinne. Trass i geistleg motstand begynte folk å valfarte til rettarstaden, og kring 1370 vart det reist ei kyrkje til minne om henne på Nordnespynten. Denne Margretekyrkja var ei valfartskyrkje som kan ha eksistert like til reformasjonen, og som fekk økonomisk underhald særleg av tyske kjøpmenn i Bergen.

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • RN, bd. 2 og 4
  • A. Orr. Anderson: Early Sources of Scottish History, bd. 2, Edinburgh 1922/1990, s. 694–696
  • NFH, del 4, bd. 2, 1859
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • R. Nicholson: Scotland. The Later Middle Ages, Edinburgh 1974
  • K. Helle: Bergen bys historie, bd. 1, 1982
  • N. Reid: “Margaret 'Maid of Norway' and Scottish queenship”, i Reading Medieval Studies, bd. 8, 1982
  • G. W. S. Barrow, K. Helle, M. Prestwich og B. E. Crawford: “Studies Commemorative of the Anniversary of the Death of the Maid of Norway”, i Scottish Historical Review, bd. 69, 1990, s. 120–184 (fire separate artiklar)
  • N. Bjørgo: “Makt og avmakt”, i Norsk utenrikspolitikks historie, bd. 1, 1995