Faktaboks

Magne Lerheim
Fødd
14. desember 1929, Langevåg i Sula, Møre og Romsdal
Død
13. mars 1994, Bergen
Verke
Jurist, administrator og politikar
Familie
Foreldre: Kaptein Kristian A. Lerheim (1883–1960) og Johanne Aarset (1885–1952). Gift 1959 med Aagot Lid (2.9.1933–), dotter til Jakob Lid (1899–1996) og Astrid Hatlestad (1910–65).

Magne Lerheim var eit organisasjonsmenneske med sterke personlege meiningar og overtydingar. Som sterk universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen 1977–89 stod han føre ei rekkje innovative reformer. Dei reflekterte ei oppfatning av at universitetet måtte delta aktivt i den allmenne samfunnsutviklinga.

Lerheim tok examen artium 1950 og juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo 1957. Deretter studerte han eitt år ved Collège d'Europe i Belgia. 1958–59 arbeidde han som sekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og 1959–61 var han generalsekretær i Nasjonalkomiteen for internasjonalt ungdomsarbeid. Tilknytinga til Universitetet i Bergen begynte 1961 med tilsetting som kontorsjef. Med unntak for åra 1981–83, då han med permisjon frå universitetet var NORAD sin representant i Tanzania, kom Lerheim til å tilbringa resten av det yrkesaktive livet sitt ved Universitetet i Bergen.

At Lerheim klarte å setja sitt preg på utviklinga av universitetet under tida si som direktør, hang saman med ei rekkje forhold: eit klart universitetsprogram, innsikt i det politiske systemet, detaljkunnskap om institusjonen basert på lang erfaring og vilje og evne til å utøva makt. Som kontorsjef i 1960-åra hadde han vore delaktig i omforminga av Universitetet i Bergen frå ein liten institusjon med snaue tre fakultet til eit langt meir fullverdig universitet. Ved etableringa av samfunnsvitskapane og dei prekliniske faga hadde ein lagt stor vekt på å skapa noko originalt ved Universitetet i Bergen. Det er all grunn til å tru at denne erfaringa vart viktig for det seinare arbeidet.

Lerheim vart universitetsdirektør i ei vanskeleg tid. Ekspansjonen i 1960-åra var erstatta av stagnasjon både i studenttal og statlege budsjettrammer. I tillegg skulle ein ny styringsstruktur gjennomførast. Omstillingsprosessen var ikkje lett. Lerheims strategi var omstridd og gjennomføringa smertefull. Det skjedde ei tilpassing av verksemda til politiske signal. Flest konfliktar skapte overføringar av faste stillingar mellom fag og fakultet. Midt i 1980-åra starta ein prosess for å tilpassa universitetet til den allmenne samfunnsutviklinga. Politiske signal var utvilsamt framleis retningsgivande, men samstundes tok ein i langt større grad sjølv initiativet til å vidareutvikla institusjonen. Når dette var mogeleg å få til, hang det ikkje minst saman med at det på ei rekkje felt hadde oppstått ein etterspørsel etter universitetets forskingskompetanse. Veksten i oppdragsforskinga tilførte universitetet nye midlar og ressursar. Universitetet la aktivt til rette for ei slik utvikling ved å oppretta ei rekkje nye institusjonelle einingar.

Lerheims målretta samarbeid med næringsliv og politisk miljø for å få på plass ein forskingspark (Høgteknologisenteret) var eit godt døme på denne utviklinga. Universitetet skulle etter Lerheims syn vera ein motor i samfunnsutviklinga, ikkje eit “elfenbeinstårn”. I tråd med dette synet kom Universitetet i Bergen mellom anna til å satsa på u-landsrelatert forsking innafor fleire disiplinar.

Magne Lerheim sokna frå tidleg i 1950-åra til partiet Venstre. Han vart formann i Studentvenstrelaget 1952. 1959–61 var han formann i Noregs Unge Venstre og medlem av Oslo bystyre. På denne tida markerte han seg som talar og politisk agitator på ein meir radikal politisk plattform enn moderpartiet og stemte bl.a. for Arbeidarpartiets Brynjulf Bull som ordførar i Oslo. Han motarbeidde Bent Røiselands arbeid for å få til eit borgarleg samarbeid. Han gjekk likevel villig inn som statssekretær i Kyrkje- og undervisningsdepartementet i den første borgarlege regjeringa 1963. Under Bortens regjeringstid var han 1966–67 statssekretær i Finansdepartementet.

Lerheim var overtydd europear. På same måten som han meinte universitetet måtte vera aktivt engasjert i samfunnet, meinte han Noreg måtte ta aktivt del i det europeiske integrasjonsprosjektet. Som medlem av Venstres landsstyre 1964–72 stod han sentralt i partiets debatt om norsk medlemskap i Den europeiske fellesmarknaden og i striden som førte fram til splitting. For Lerheim vart overtydinga denne gongen viktigare enn å halda partiet saman, og han deltok i etableringa av Det Liberale Folkepartiet (DLF). 1973–78 var han partiformann. Han møtte også som varamann på Stortinget 1973–77, slik han tidlegare hadde gjort det for Venstre (1965–73).

Magne Lerheim hadde ei lang rekkje tillitsverv og styreverv. Som generalsekretær i universitetsrådet midt i 1980-åra gjorde han ein pionerinnsats for nasjonalt samarbeid. I dei siste leveåra var han styreformann for Festspillene i Bergen.

1990 vart Magne Lerheim (saman med rektor Arnfinn Graue) tildelt den prestisjetunge tyske Bertelsmann-prisen for den måten Universitetet i Bergen var blitt leidd på. 1991 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for kulturarbeidet sitt.

Verker

  • Address, i Carl Bertelsmann-Preis. Festakt 1990,Gütersloh 1990, s. 111–116
  • Det nye norske universitet, i A. Graue og K. A. Sælen: Universitet og samfunn,Bergen 1989, s. 181–199

Kilder og litteratur

  • O. Garvik: Da Venstre sprakk,1982
  • A. Graue og K. A. Sælen: Universitet og samfunn. Festskrift til Magne Lerheim på 60-årsdagen den 14. desember 1989,Bergen 1989
  • NTB-melding om Lerheims død 14.3.1994
  • minneord i BTid.15. og 16.3.1994
  • A. Haaland og A. Forland: Universitetet i Bergens historie,bd. 1, Bergen 1996
  • G. Garbo: Til venstre for Venstre,1997

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Karl-Erik Harr, truleg 1995; foajeen i Christies gate 1, Bergen

    Fotografiske portrett

  • To portrett av Magnus Vabø; UiBs mediesenter/fotoseksjonen