Faktaboks

Lodin Lepp
Levetidskommentar
Fødselsår, fødestad og foreldre er ukjende; Død vinteren 1288–89; nemnd 1257–88
Verke
Merkesmann, rådgivar, diplomat

Lodin Lepp leia viktige og langvarige sendeferder utanlands for kongane Håkon Håkonsson og Magnus Lagabøte, og han var medlem av kong Eiriks fortrulege råd i 1280-åra. Han er særleg kjend for arbeidet med å få islendingane til å vedta ny landslov (Jónsbók).

Lodin er første gong nemnd i samband med prinsesse Kristin Håkonsdotters reise til Spania sommaren 1257. Han var da ein av leiarane for det omfattande følgjet som skulle sluttføre tingingane om eit kongeleg spansk ekteskap for prinsessa. Seinare leia han fleire langvarige diplomatiske misjonar til fjerntliggande land, og han besøkte Tunis, Egypt (“Babylonia”) og andre land. Árna saga biskups seier at desse ferdene gjorde Lodin til ein namngjeten mann. Reisa til Tunis (1262–63) har visseleg hatt samanheng med den kastiljanske kongen Alfonso 10s kamp mot dei muslimske maurarane i Spania. Maurarane fekk si viktigaste støtte frå sultanen i Tunis, medan Alfonso hadde ein militær allianseavtale med Håkon Håkonsson. Saman med Lodin kom utsendingar frå sultanen til Noreg 1263, og drøftingstema må nettopp ha vore situasjonen i det vestre Middelhavet.

1280 reiste Lodin på kongens vegner til Island med det viktige og vanskelege oppdraget å få islendingane til å vedta ei ny landslov, den såkalla Jónsbók. Prosessen fram til lovtaking er utførleg skildra i Árna saga biskups. Lodin hevda med stor kraft den ultrarojalistiske tesen at all lovgiving var kongens særrett. I all hovudsak fekk han lovteksten vedtatt, trass i hard motstand frå islandske stormenn, med skålholtsbispen Arne Torlaksson i brodden. Samtidig svor islendingane eid til kong Eirik Magnusson.

Soga om biskop Arne gir ei tett og nærgåande skildring av Lodins virke på Island 1280–81. Han opptrer fast og målretta, er sterk i måten å argumentere på og samtidig fleksibel som forhandlar. Samanlagt formidlar soga bildet av ein betydeleg og temperamentsfull talar og talsmann, med eit visst antiklerikalt preg over språk- og eksempelbruk.

Under Eirik Magnussons regime er Lodin Lepp omtala som kongens rådgivar i faktiske rådgivingssituasjonar, ein posisjon han må ha vunne seg gjennom praktisk teneste. 1285 opptrer han med herretittel i kongens fortrulege råd. 1287 var han, med riddartittel, garant og medbeseglar av kongens vernebrev for dei danske fredlause. Sist i 1280-åra var han med og beslagla engelske handelsvarer i Bergen.

Bygarden Leppen i Bergen, som Lodin truleg åtte, ligg i eit område av Bryggen der fleire av kongens menn var gardeigarar. Ut frå hans gode kunnskap om og kontaktar på Island har ein antatt at han kan ha hatt interesser som vareeksportør i islandshandelen. Det blir da også rimeleg å rekne han blant dei i kongens råd som sterkt støtta den nasjonale handelspolitikken i kong Eiriks tidlege regjeringsår.

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • RN, bd. 2
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger,bd. 4, 1979
  • Biskupa sögur, bd. 3, i Íslenzk fornrit, bd. 17, utg. av G. Á. Grimsdottir, Reykjavík 1998
  • NFH, del 4, bd. 1–2, 1858–59
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • Ó. Lárusson: Lov og ting, norsk utg. 1960
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • d.s.: Bergen bys historie, bd. 1, 1982