Folkehøgskolestyrar. Foreldre: Unitarprest og skolestyrar Rasmus Høie (1833–1909) og Lise Karine Tronsdatter Tjøstheim (1846–91). Gift 3.8.1907 med høgskolestyrar Rasmus Stauri (3.3.1867–22.6.1932; sjå NBL1, bd. 14), son til bonde Erik Rasmussen Stauri (1825–1903) og Sigrid Valaaker (1827–1909). Svigerinne til Oddmund Vik (1858–1930).

Lise Stauri var den første kvinnelege folkehøgskolestyraren her i landet. Ho styrte Gudbrandsdalens folkehøgskule frå 1932 til kort tid før ho døydde 1949.

Ho voks opp i Stavanger, der faren var unitarprest og skolestyrar. Ho tok førebuingskurs for seminaret hos far sin og tok til på Stavanger seminar. Men dette vart nedlagt 1901, og ho reiste derfor til folkehøgskolen til Viggo Ullmann i Seljord. Der var den seinare mannen hennar, Rasmus Stauri, lærar. Og da han sette i gang Gudbrandsdal folkehøgskule på Kvam 1902, vart ho med som lærarinne der, men reiste seinare til Danmark på gymnastikkurs. Ho tok eksamen ved Elverum seminar 1904 og hadde ulike lærarpostar etterpå, først i Vats i Ryfylke, seinare ved Buøy i Ryfylke og til slutt ved den gamle skolen sin i Stavanger. Våren 1907 gjekk ho på Statens kvinnelige Industriskole i Kristiania og tok kurs i teikning og gymnastikk.

Men det var i folkehøgskolen ho fann livskallet sitt. Ho kom attende til skolen på Kvam 1907. Ho gifta seg med Stauri og vart på ny lærar ved folkehøgskolen her. 1915 kjøpte dei husa og ein del jord av garden Hundorp, som ein periode hadde vore sorenskrivargard for Midt-Gudbrandsdalen, og flytta skolen hit. Desse to skapte i eit tett samarbeid ein skole som på mange måtar vart eit kultursentrum i Gudbrandsdalen. Dei trekte til seg framståande krefter som foredragshaldarar, som t.d. professor Fredrik Paasche, og brukte også aktivt historia til Hundorp og Gudbrandsdalen i undervisninga.

Da Rasmus Stauri døydde 1932, tok Lise Stauri over som styrar, ein posisjon ho hadde fram til 1948, da sonen Erik Are overtok. I hennar styringstid kom det elevar ikkje berre frå dalen, men frå heile landet, til denne skolen. Ho tok også opp ei form for internasjonalt arbeid ved at Foreningen Norden fann ein naturleg samlingsstad på skolen på Hundorp. Ei grein av same arbeidet var dei nordiske lærarkursa som Lise og Rasmus Stauri fekk i stand ved skolen kvar sommar frå 1908 med opp til 250 lærarar samla, mest frå Danmark og Sverige. Like etter krigen var det også ein større konferanse for norske og britiske lærarar her.

I verksemda ved skolen var Lise Stauri ved sida av å vere lærar og styrar også i høg grad det som kan kallast “høgskolemor” ved å skape ein heim for ungdom som søkte hit og eit inspirerande miljø både for lærarstaben og dei unge.

Ho og mannen tok også aktivt del i kultur- og organisasjonslivet elles i dalen. Rasmus Stauri var ei tid formann i Gudbrandsdal Ungdomslag, og begge var dei ofte på talarferd i laga. Lise Stauri var ein periode formann i Gudbrandsdal krets av Norges Husmorforbund, som ho tok initiativet til 1929, og ho var også med i landsstyret i Husmorforbundet. Også i denne samanhengen reiste ho mykje rundt og heldt foredrag. Ho var elles med i styret i Hjemmenes Vels Landsforbund. Også lokalt hadde ho fleire verv. Ho var formann i Sanitetsforeninga i Sør-Fron 1926–28 og i Sør-Fron husstellkomité frå 1945. Dessutan var ho medlem av soknerådet i Sør-Fron frå 1932. Ho gjorde studiereiser i Danmark, Sverige, Storbritannia, Tyskland, Spania og Italia.

For arbeidet sitt fekk Lise Stauri Kongens fortenestmedalje i gull 1947.

  • S. Skogheim: “Lise Stauri”, i Årbok for Gudbrandsdalen, Otta 1949, s. 5–8
  • E. Boyesen: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • R. Stauri: “Gudbrandsdalens folkehøgskule 90 år”, i Årbok for Gudbrandsdalen, Lillehammer 1992, s. 132–146