Leif “Basse” Hveem var Nordens motorsykkelkonge frå 1945 til midt i 1950-åra. På sitt beste var han kanskje verdas raskaste køyrar. Han sette fleire banerekordar i Noreg og andre europeiske land og vart europameister på langbane 1957.
Hveem voks opp i Oslo og vart tidleg oppteken av syklar og motor. På “eigen” verkstad i eit rom ved sida av vaktmeistarbustaden på Aars og Voss' skule mekka han fyrst på vanlege tråsyklar, seinare på motorsyklar. Allereie som 14-åring reparerte han ein gammal og øydelagt Atlas og hadde sine fyrste ulovlege prøveturar i Maridalen.
Han var ferdig med skulen etter sjuande klasse og jobba då ei tid på verkstad, seinare som visergut i ein tørrkopieringsanstalt. Men mesteparten av tida brukte han til køyring, skruing, pussing, smøring og trimming av motorsyklar. Som 15-åring meldte han seg inn i junioravdelinga i Norsk Motor Klubb/Oslo.
“Basse” Hveem tok sitt fyrste noregsmeisterskap 1937, 17 år gamal. Men det skulle bli meir. I perioden 1937–57 tok han 18 norske meisterskap: 10 på langbane og 8 i speedway. Han vart individuell nordisk meister på langbane 8 gonger, og i speedway (dirt-track) 4 gonger i perioden 1946–57.
Under den andre verdskrigen var Hveem norsk motorsykkelordonnans og med på invasjonen i Normandie. Han deltok på alliert side ved fronten fram til krigens slutt våren/sommaren 1945.
“Basse” Hveem var ein perfeksjonist, både på utstyrssida og teknikksida. Han bygde om syklane sine sjølv slik at dei skulle passa løpstype og bane, og han var svært oppteken av korleis ein skulle køyra best muleg teknisk og effektivt. På den andre sida var “Basse” Hveem vågal, noko som kunne ha kosta han livet 1946. På eit kveldsstemne på Bislett i 20 kuldegrader vart han slengt av sykkelen og trefte med magen rett mot ein isvoll. Sykkelen på 120 kg kom bak og trefte han i ryggen. Resultatet vart store indre skader, fjerning av ei nyre, sprekk i leveren. Han hang mellom liv og død i ei veke, men klarte seg.
Hveem var med på å auka interessa for motorsykkelløp. Under nordisk meisterskap på langbane 1946 på Bjerkebanen i Oslo, eit løp som han vann, var kronprins Olav ein av dei 25 000 tilskodarane.
Han var ein populær motorsykkelkøyrar særleg i Noreg og i Sverige. Etter eit fantastisk løp på Solvallabanen utafor Stockholm 1947, der han slo sine nordiske konkurrentar med 10 sekundar og samtidig slo den 9 år gamle rekorden til austerrikaren Martin Schneeweiss, vart han tildelt den høgt verdsette Morgenbladets gullmedalje, og i svenske aviser vart han kalla “Nordens uinnskrenkede racerkonge”. Denne uoffisielle tittelen bar han fram til midten av 1950-åra.
Mot slutten av tiåret måtte han gje opp konkurransekøyring på motorsykkel, men motorar interesserte han framleis. I ein periode var det bilsporten som opptok han. Han deltok både i nasjonale og internasjonale løp. Seinare tok han flysertifikat og hadde sitt eige sportsfly. Det er likevel som motorsykkelkonge han vert hugsa blant dei mange motorinteresserte.