Landbruksforskar og -administrator. Foreldre: Bonde Sjur Larsson Spildo (1860–1921) og Ingebjørg Davidsdotter Spildo (1865–1956). Gift 1927 med Ingegerd Ødegaard (21.3.1902–30.5.1968), dotter til distriktsdyrlege Gustav Ødegaard (1858–1932) og Anna Feragen (f. 1873).

Lars S. Spildo var ein av dei mest markante personane innan norsk landbruk i den midtre delen av 1900-talet. Han kombinerte solid og allsidig fagleg kompetanse med framifrå leiareigenskapar.

Han vaks opp på ein vanleg vestlandsgard, med fôrdyrking og husdyrhald. Etter eksamen på Stend landbruksskole 1919 og artiumskurs i Volda 1921 studerte han ved Norges Landbrukshøgskole (NLH), der han vart uteksaminert 1924. Den første tida etter eksamen hadde han fleire kortvarige tilsettingar til han 1926 vart tilsett som landbrukslærar ved Holt landbruksskole i Aust-Agder. Med stipend frå ulike fond studerte han 1930–32 kjemi, anatomi og fysiologi ved Den kgl. Veterinær- og Landbohøjskole i København. Dette studieopphaldet resulterte m.a. i avhandlinga Kalk- og fosforsyreomsetningen hos unge, voksende svin, eit arbeid som førte til at han 1934 vart tildelt doktorgraden (dr.agric.) ved NLH.

Etter studieopphaldet i København vart Spildo tilsett som konsulent og dagleg leiar av A/S Norsk Fôrkonservering (NOFO). Dette selskapet var skipa av norske landbruksorganisasjonar og hadde skaffa seg retten til å utnytta ein finsk metode (AIV-metoden) for konservering av friskt plantemateriale til fôr gjennom ensilering. Som vestlending var Spildo sikkert vel kjend med ensilering, ein teknologi som på denne tida var lite nytta i andre landsdelar. Det nye med den finske metoden var tilsetting av syre for å få sikrare konservering og betre kvalitet av fôret. Gjennom artiklar, kurs og foredrag vart kjennskapen til metoden spreidd, og i løpet av få år kom han i bruk over heile landet.

På føresommaren 1940 vart Spildo oppmoda av Administrasjonsrådet om å ta over leiinga av det nyoppretta Produksjonsdirektoratet. Dette var ei vanskeleg oppgåve, og han fekk i rikt monn bruk for både den faglege og den administrative kompetansen sin. Spildo heldt fram i denne stillinga til direktoratet vart avvikla 1946.

Same året vart Spildo tilsett som administrerande direktør i Felleskjøpet, Oslo. Dei første tiåra etter krigen var ei tid med sterk auke i etterspurnaden etter driftsmidlar i jordbruket. Felleskjøpet stod framfor store utfordringar, m.a. med utbygging av nye anlegg for pakking og distribusjon. Spildo gjekk inn i den mangslungne verksemda med stor dugleik. Han heldt fram i stillinga til han 1969 gjekk av ved oppnådd aldersgrense. Frå 1952 var han også formann i styret for Norske Felleskjøps Landsforbund.

Spildo tok også del i det politiske livet, både lokalt og nasjonalt. I bustadkommunen Bærum var han medlem av kommunestyre og formannskap 1951–63 og varaordførar 1959 og 1962–63. 1954–68 var han medlem av Høgres landsstyre. Han var også med i ei lang rad råd, utval og komitear, i mange høve som formann. Frå 1955 til 1961 var han styreformann i Norges Landbruksvitenskapelege Forskningsråd (NLVF).

Lars S. Spildo vart 1946 vald til formann i den norske avdelinga av Nordiske Jordbruksforskeres Forening (NJF), eit verv han hadde heilt til 1960. I to periodar var han også formann i hovedforeninga. Som ei påskjøning for det store arbeidet han la ned i denne samanhengen, vart han 1963 utnemnd til æresmedlem av NJF. Han var også innvald medlem av Kgl. Vetenskapssocieteten i Uppsala og riddar av 1. klasse av den svenske Vasaorden.

  • Kalk- og fosforsyreomsetningen hos unge, voksende svin, dr.avh. NLH, København 1933
  • Mulighetene for å tilfredsstille våre husdyrs næringsbehov ved hjemmeavlede fôrmidler, Landbruksdepartementets småskr. nr. 46, 1936
  • Bygging av siloer og nedlegging av surfôr, Landbruksdepartementets småskr. nr. 53, 1940
  • Vår matproduksjon. Oppgaver som venter, i Dyrk Norge, Landbruksdepartementets småskr. nr. 63, 1941, s. 13–44
  • Norske landbrukskandidaters årbok 1942–46, 1946
  • Norske sivilagronomer i jubileumsåret 1959, 1960
  • O. Klokk: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • K. Presthegge: NOFO. A/S Norsk Fôrkonservering 50 år. 1932–82, 1982
  • R. Evju: minneord i Samvirke nr. 2/1986
  • HEH, 1979 og 1994
  • Måleri av Elsa Lystad, 1966; Institutt for husdyrfag, NLH, Ås
  • Måleri (knestykkje) av Jean Heiberg, 1969; Felleskjøpet Øst Vest, Oslo