Faktaboks

Lars Liestøl
Lars Knutson Liestøl
Fødd
13. juni 1839, Åseral, Vest-Agder
Død
15. desember 1912, Kristiansand
Verke
Politikar og lensmann
Familie
Foreldre: Lensmann og politikar Knut Larsson Liestøl (1809–90) og Gyro Grundesdotter Austegarden (1816–91). Gift 10.8.1869 med guvernante Laura Vilhelmine Josefine Sabro (25.4.1845–11.9.1943), dotter til kontrollør Thomas Agerup Sabro (1815–76) og Hanna Wiveke Hansen (1814–53). Farbror til Knut Liestøl (1881–1952).

Lars Liestøl var venstrepolitikar og sat på Stortinget i fleire periodar mellom 1874 og 1912. Han var odelstingspresident 1900–03 og 1906–12 og statsråd 1888–89.

Liestøl hadde ikkje formell skolegang, men samla seg store kunnskapar ved lesing og røynsle i arbeidslivet. 1855–62 var han kontorist hos futen i Råbyggjelaget (indre Agder). Han gjekk så på utskiftingskurs og var i nokre år utskiftingsassistent i Nedenes amt. 1866 vart han tilsett som lensmann i Ose tinglag, Bygland kommune, berre 27 år gamal. Han vart ein mykje omtykt lensmann så lenge han levde, eigentleg for mild og snill til mange av oppgåvene, men ein mann med stor respekt blant folk.

Dei første åra som lensmann var Liestøl også poståpnar i Bygland. Etter at han gifta seg, kjøpte han 1870 garden Nordigard på Frøysnes og flytta dit. Far hans var stortingsmann 1865–73, og Lars, som var interessert i politisk arbeid, følgde med i stortingsarbeidet. 1870 vart han varamann til Stortinget, og 1873 vart han vald til fast representant. Stortingsrepresentant var han 1873–88, 1897–1903 og 1906–12. Første perioden var han medlem av Protokollkomiteen, deretter av Justiskomiteen, der han var sekretær. Han trivdes godt i arbeidet med lovsaker og markerte seg med praktisk og godt skjønn og gode kunnskapar.

I Stortinget var målsaka ei av dei sakene som engasjerte Liestøl mest. I fleire stortingsdebattar frå slutten av 1870-åra tok han til orde for å betre situasjonen for dei som arbeidde for å få landsmål meir brukt i skrift og tale, ikkje minst i skolen. Han var ein av initiativtakarane til det såkalla jamstillingsvedtaket som vart gjort i Stortinget 12. mai 1885. Året etter skreiv han den første komitéinnstillinga i Stortinget på landsmål. Liestøl var med i den parlamentariske skolekommisjonen som førebudde den nye folkeskolelova, som kom 1889 og gav skolestyra høve til å avgjere om landsmål eller bokmål skulle nyttast i undervisninga.

Liestøl var statsråd i Sverdrups regjering frå 5. mars 1888 til 23. januar 1889. Han var først i Revisjonsdepartementet, deretter i Indredepartementet og så ei tid ved statsrådsavdelinga i Stockholm. Dette var ei spesiell tid for republikanaren Liestøl. Regjeringa var utsett for sterk kritikk, m.a. frå ulike fraksjonar i eit splitta venstreparti, og Liestøl fekk sin del av kritikken. Ein grunn til at han gjekk med i regjeringa, var ønsket om å få til ei samling av Venstre. Han såg etter kvart at Sverdrup måtte få støtte av Høgre for å få fleirtal i visse saker, noko han ikkje ønskte å vere med på. Han søkte og fekk avskil på grunn av ei mindre endring som vart gjort i skolelova. Han kjøpte seg ikkje statsrådsuniform, så han hadde ikkje tenkt å bli statsråd lenge.

Etter at Liestøl kom heim frå Kristiania, gjekk han inn i lokalpolitikken. Han var ordførar i Bygland 1889–1902. Leiar av skolestyret var han også i mange år og fekk raskt gjennomført at Bygland – som den første kommunen i landet – fekk landsmål som undervisningsmål i folkeskolen. Han var aktiv i arbeidet med å få jernbane frå Kristiansand til Byglandsfjord. Setesdalsbanen blei opna 1896. Han reiste elles kring i distriktet og heldt “lovskole”.

1897 vann Venstre stortingsvalet, og Liestøl kom på Stortinget på nytt og var der – med unntak av åra 1903–06 – til han brått vart sjuk og døydde. Han var då nyleg attvald. I desse åra var han medlem av Justiskomiteen, og frå 1900 var han president i Odelstinget. Han var no ein sentral venstrepolitikar som nytte stor tillit. Han var aktiv i arbeidet med dei nye konsesjonslovene som kom 1907, og var medlem av vassdragskommisjonen frå 1909.

Lars Liestøl var kjend for sitt gode hjartelag. Han hadde ein stor venekrins og trivdes i lag med folk. Han dikta viser og stev og lika song og stevjing. Fela kunne han òg ta fram i godt lag. Frå Stortinget var han kjend for sine treffande karikaturteikningar av politikarane i samtida.

Liestøl vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1889.

Kilder og litteratur

  • J. Løvland: “Lars Knutson Liestøl”, i SogSnr. 1/1913
  • Lindstøl,1914
  • H. Koht: biografi i NBL1,bd. 8, 1938
  • R. Bolling: Gards- og ættesoge for Bygland,Bygland 1952
  • A. Sabro: Sabroe slægter, 1967
  • Å. Frøysnes: Stortingsmann og statsråd Lars Liestøl,h.oppg. 1970
  • T. Liestøl og T. Eiken: Åseral,2 bd., Kristiansand 1976–87