Jurist, pressemann og politikar. Foreldre: Skipsførar, overstuar og fiskevegar Søren Dalholt Holst (1811–84) og Catharina Krohn (1814–1903). Gift 17.10.1882 med journalist (Petra Gregorine) Fernanda Thomesen (1862–1920; sjå Fernanda Nissen), ekteskapet oppløyst 1895. Systerson til Henrik Krohn (1826–79; sjå NBL1, bd. 8); svoger til Nils Wichstrøm (1848–79).

Lars Holst gjorde si viktigaste gjerning i norsk samfunnsliv som redaktør for Dagbladet i åra 1883–98, ein periode da Dagbladet vart ein sentral arena for norsk kulturdebatt og hovudeksponent for Venstres politikk i nasjonale og demokratiske reformspørsmål.

Holst voks opp i Bergen og tok examen artium 1867. Så følgde studieår i Christiania og juridisk embetseksamen 1871. I hovudstaden høyrde han til den unge garde av nasjonal-demokratiske intellektuelle som valde målreisinga til ideologisk symbolsak og politikken til kamparena. Interessa for målsaka hadde han med seg heimanfrå, der han hadde nære familieband til det særmerkte bergenske norskdomsmiljøet kring morbroren Henrik Krohn. I studietida engasjerte Holst seg i mest alt som var av publiseringstiltak på målfronten, og han skreiv sjølv både lyrikk og politiske artiklar. Han var med i Det norske Samlaget alt frå starten 1868 og vart verande ein støttespelar for målsaka heile sitt liv, jamvel om han som heiltids bladmann frå 1872 nytta det vanlege bokmålet.

Det sterke politiske engasjementet sitt fekk Holst for alvor utfalde da han 1872 flytte til Bergen og vart medarbeidar i Bergens Tidende, frå 1874 som redaktør ved sida av Olav Lofthus. Frå 1880, da regimekampen kvesste seg til, budde Holst for det meste i Kristiania og skreiv derifrå skarpe leiarartiklar til støtte for venstreopposisjonen. Han var såleis ein vel etablert pressemann med radikal politisk profil da H. E. Berner 1883 gjorde han til redaktør for Dagbladet, som hadde vore gjennom ein turbulent episode med ustø venstrekurs. Den vart snøgt korrigert med Lars Holst i redaktørstolen. Med kraft og konsekvens tok han del i sluttkampen mot det gamle regimet og stødde lojalt – men ikkje ukritisk – Johan Sverdrups venstreregjering. Frå midten av 1880-åra var Dagbladet rekna som Venstres hovudorgan, “paa en Gang kriticerende og støttende Regjeringens og Thingmajoritetens Handlinger”. Da det 1887–88 kom til brot mellom Sverdrup og partifleirtalet, stod Dagbladet i fremste rekkje blant dei som klaga Sverdrup for å ha forfuska parlamentarismen.

Holst gjorde ikkje berre Dagbladet til talerøyr for hovudstraumen i Venstre, han engasjerte seg òg personleg som partibyggjar. Saman med Bjørnstjerne Bjørnson utforma han 1889 eit breidt politisk grunnlag for atterreisinga av Venstre, og han var ein av hovudarkitektane for det to-saksprogrammet som skaffa Venstre valsigrane i 1890-åra: unionssaka og ålmenn røysterett for menn. Holst var varaformann i Norges Venstreforening 1893–96 og formann 1900–03. Han var òg i mange år formann i Venstres Presseforening.

1898 slutta Holst som redaktør i Dagbladet og vart justissekretær ved byretten i Kristiania, men han sleppte ikkje taket i journalistikken. 1902–07 hadde han på nytt styring med leiarspalta i Dagbladet. Elles skreiv han teaterkritikkar i fleire blad og politiske artiklar i Stavanger Aftenblad heilt fram til han døydde.

Både på det kulturelle og politiske området representerte Holst vidsyn og liberalitet, og han var ein raus og vennesæl mann. Innanfor Venstre stod han for ei tolerant, samlande holdning både i dei åra da partiet vart til og under skismaet som sprengde det etter 1905.

Lars Holst døydde 1915 og er gravlagd på Gamle Aker kyrkjegard i Oslo.

  • Biografi i NFL, bd. 2, 1888
  • Stud. 1867, 1917
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • R. Vold: Dagbladet i Tigerstaden, 1949
  • L. Mjeldheim: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905, Bergen 1984
  • d.s.: “Dagbladet og Venstre. Frå Sverdrup til Mowinckel”, i H. F. Dahl m.fl. (red.): Utskjelt og utsolgt. Dagbladet gjennom 125 år, 1993
  • Ø. Sørensen: “Det moderne gjennombrudds menn: Berner og Holst”, i Utskjelt og utsolgt, 1993