Knut Rasmusson Nordgarden av /Kunnskapsforlaget/NTB Scanpix ※. Gjengitt med tillatelse

Bonde, lekpredikant og “mirakelmann”. Foreldre: Bonde Rasmus Johansen (f. 1749) og Mari Olsdatter (f. 1760). Ugift.

Faktaboks

Også kjent som
“Vis-Knut”
Født
14. desember 1792
Fødested
Svatsum i Gausdal, Oppland
Død
16. mai 1876
Dødssted
Gausdal

Knut Rasmusson Nordgarden – eller Vis-Knut, som han vart kalla – var vidgjeten for evna si til å “sjå” bortkomne ting, lækje sjuke, finne vassårer osv.

Knut voks opp i små kår og var frå tidleg barndom plaga av fallesjuken (epilepsi). Han prøvde alle råd mot sjukdomen, m.a. gjekk han rundt med ein “signetull” på brystet, ein magisk gjenstand som skulle lækje. Han lærde knapt å lese, men hadde eit godt minne og lærde bøkene utanåt av andre.

I ungdomen gav sjukdomen seg noko, og han drog ut frå heimen for å tene. Men sjukdomen kom att, og han vart svært deprimert. Under eit anfall 1818 fekk han for første gong ei sterk indre oppleving. Brått ei natt høyrde han “en himmellyd af harpespil, af fioliner og klarinetter, [...] og siden et kor af himmelske stemmer, syngende aandelige sange”. Eitt av versa som vart sunge, oppfordra han til å kaste vekk det han bar rundt halsen og heller stole på Guds medikament. Seinare “fekk” han mange vers på denne måten, og han kjende også at han vart styrt på annan måte. Somme gonger ville ikkje føtene hans rikke seg, andre gonger førte dei han til stader han ikkje hadde tenkt seg.

Det vart også sagt til han at han skulle gå rundt og be folk vende seg frå synda si. Knut tok til å halde oppbyggingsmøte opp gjennom Gudbrandsdalen, og folk flokka seg rundt han for å høyre og sjå denne underlege mannen. Han fekk mange gode venner, men presteskapet reiste seg mot han. Sjølv om fleire av dei meinte at Knut var ein ærleg mann og hadde god tru og vilje, så meinte dei at han ikkje hadde sin fulle forstand; han var ein “sværmer, en mild vanvittig”, som førte folk på ville vegar osv.

Dessutan var det ikkje lov for lekfolk å halde religiøse møte. Ein gong Knut var i Sør-Fron og heldt møte, melde presten han til futen, og han vart henta av lensmannen og på brutal måte ført attende til Gausdal. Dette vart mange harme over, og det vart sendt klage til kyrkjestatsråden. Dette hjelpte Knut godt, for når det seinare kom klage frå prestane på han, tok kyrkjestatsråd Treschow han i forsvar.

Knut fekk ikkje støtte blant haugianarane. Dei tok avstand frå han både av læremessige og andre grunnar. Det var ikkje nok, som Knut gjorde, å formane folk til å halde seg borte frå synd og laster; dei måtte omvende seg og bli fødde på ny. Vidare var det mot læra om menneskets fri vilje når Knut hevda at han vart styrt eller leidd. Dei meinte også at han braut med skrifta når han tok avstand frå brennevin, og dei likte heller ikkje at han ikkje arbeidde.

1828 vart det reist tiltale mot Vis-Knut for kvakksalveri, for å ha forstyrra lov og orden og for å ha halde religiøse møte. Han fekk ei bot på 16 daler for kvakksalveri, og for dei andre tinga vart han dømt til 14 dagar på vatn og brød hos bygdelensmannen.

Etter dette tok Knut til å reise rundt og finne vatn for folk og gi råd og rettleiing i mange spørsmål. Han fekk eit stort ry og reiste over store delar av Austlandet. Han kom likevel attende til Gausdal, der han heldt fram med å lækje folk, og han heldt også samlingar ein gong iblant. Han vart søkt av mange, heilt frå Sverige og Danmark. Og det går svært mange historier om folk som drog til Vis-Knut for å få råd for sjukdom, for å finne att folk eller fe som hadde blitt borte, eller for å finne vatn eller malm og skattar.

Rundt 1855 flytta Vis-Knut til Erlandhusom nedst i Espedalen, ein husmannsplass under Nordgarden, og her budde han til han døydde. På grava hans ved Svatsum kyrkje vart det av bygdefolket reist ein bautastein med eit relieff av Knut. Heimen hans er no open for besøk om sommaren.

Kilder og litteratur

  • J. Skar: Visknut, Hamar 1876 (nye utg. 1898 og 1933)
  • B. Bjørnson: Vis-Knut, 1898 (først trykt som føljetong i Ude og Hjemme nr. 30–33/1877–78)
  • O. M. Stubberud: “Vis-Knut”, i Årbok for Dølaringen 1931, s. 25–30
  • R. T. Christiansen: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • A. Møller: Vis-Knut, 1980
  • F. E. Johannessen: Gausdal bygdehistorie, bd. 3, Gausdal 1990, s. 201–203

Portretter m.m.

  • Radering (brystbilete) av Johan Nordhagen; trykt på tittelbladet til Bjørnson 1898 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder) og i Møller 1980 (sjå sst.), mot s. 97
  • Portrettrelieff (bronse) av Jo Visdal på gravsteinen ved Svatsum kyrkje
  • Fotografi av ukjend fotograf, u.å, trykt i Årbok for Dølaringen 1931, s. 24, og Møller 1980, før s. 97

Kommentarer (2)

skrev Eivind Holen

Vis-Knut kom med flere fremtidsspådommer som er lite kjent. Min bestefar, Emil Holen (1889-1974), hørte flere fortalt av sin far, Anton Tagestad (1838-1919), før år 1900:- Vinstraelva kommer en gang til å renne gjennom Baukholshaugen.(Dette gikk i oppfyllelse på 1950-tallet da Nedre Vinstra Kraftstasjon ble bygget)- Damene kommer i fremtiden til å gå kledd slik som karene. (I våre dager kan vi vel si at dette er oppfylt)- Norge kommer en gang i fremtiden til å bli så rikt at amerikanerne kommer hit. Men etter denne rikdomsperioden blir Norge så fattig at han så ikke annet enn hungersnød og pest i fra hav til hav. (Den første delen av denne spådommen må vel sies å ha gått i oppfyllelse)- På (en navngitt gård i Sør-Fron) kommer det til å skje tre store branner. Først skal skogen brenne, så fjøset og sist skal hele gården brenne ned.De to første brannene fant sted, som Vis-Knut forutså, i første halvdel av 1900-tallet.- Veiene skal bli istandsatt men det kommer ikke til å bli noen til å bruke dem, og smågrana skal få tid til å vokse.Både min bestefar og min oldefar var meget etterrettelige personer og jeg tviler ikke et sekund på at spådommene er korrekt overført til meg.Eivind HolenSør-Fron

svarte Tarald Rasmussen

Hei.Takk for opplysningene angående ovennevnte biografi. Disse vil vi ta hensyn til ved en eventuell ny utgave av Norsk biografisk leksikon.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg