Kajakkpadlar. Foreldre: Bjørn Holmann (1939–) og sekretær Ragnhild Berge (1941–). Ugift; sambuar med Caroline Brunet (1970–) frå Canada.

Knut Holmann har til saman teke tre individuelle gullmedaljar i sommar-OL og kan med rette kallast “tidenes norske sommarolympiar i individuelle øvingar”.

Sjølv om Noreg har hatt bra tradisjonar med padling i olympiske leikar, med sølv i K2 10 000 m (Knut Østby og Ivar Mathisen) og bronse i K1 10 000 m (Eivind Skabo) allereie 1948, for ikkje å gløyma den berømte “gullfiraren” frå 1968 med Egil Søby, Steinar Amundsen, Tore Berger og Jan Johansen i K4 1000 m, var det fyrst og fremst Knut Holmanns innsats i perioden 1990–2000 som lyfte padlesporten. Med tre gull i kajakk åleine (K1 1000 m 1996 og 2000, K1 500 m 2000) var han den mestvinnande norske idrettsutøvaren i individuelle øvingar i sommar-OL sidan starten av dei moderne olympiske leikane 1896. Når han i tillegg hadde to sølv (K1 1000 m 1992 og K1 500 m 1996) og ein bronse (K1 1000 m 1992) frå OL, var han i ein klasse for seg sjølv i norsk kajakkpadling.

I tillegg til OL-bravadane har Knut Holmann vunne fire VM-gull (K1 1000 m 1990, 1991, 1993 og 1995), fem VM-sølv og tre VM-bronse. Av til saman 22 K1-startar i VM og OL har han 18 medaljar. Heime i Noreg har Holmann ei mengd noregsmeisterskap både individuelt og lag. Til saman har han 11 kongepokalar i sin aktive karriere.

Det heile starta i 13-årsalderen ved at venner lokka Knut med på padletrening i Oslo Kajakklubb. Då var han allereie ein talentfull langrennsutøvar. Positive erfaringar med båt og åre gjorde sitt til at han 15 år gamal konsentrerte seg fyrst og fremst om padlinga. Om vinteren heldt han likevel fram med å trena langrenn, både for å få avveksling og fordi det gav god treningseffekt. At han var ein habil langrennsutøvar lenge etter at han gav seg som aktiv, viste han 1998, då han kom på 19. plass som sjette beste nordmann i det 90 kilometer lange Vasaloppet mellom Sälen og Mora i Sverige.

Knut Holmann trena usedvanleg målretta og systematisk gjennom mange år, men han var ikkje ein einsam padlar. Sjølv om mykje av treninga gjekk føre seg i kajakken åleine på vatn, var godt treningsmiljø avgjerande, fyrst og fremst i Oslo Kajakklubb. Men Holmann fann òg ofte gode treningskameratar i naboklubbane i Oslofjorden, i Strand Kajakklubb ved Høvik og Bærum Kajakklubb med base på Kalvøya.

Ein annan avgjerande årsak til Knut Holmanns gode prestasjonar var den ungarske trenaren og tidlegare topp-padlaren Zoltan Bakos arbeid. Bako, som hadde fem VM-gull som aktiv (K2 1000 og 10 000), var tilsett som landslagstrenar i perioden 1987–92. I tillegg hadde han eit personleg samarbeid med Knut Holmann både i åra 1992–94 og 1999–2000. Utanom Bako fungerte Arvid Gerhard ei tid som Holmann sin personlege trenar.

Knut Holmann har på samme måte som fleire andre toppidrettsutøvarar kombinert idrett og utdanning. Sjølv om det har teke mykje lengre tid enn det som er normert studietid, var han 2001 ferdig siviløkonom etter studiar ved BI i Sandvika.

Økonomisk var ikkje kajakkpadlinga noko gullgruve for Holmann. Likevel gjorde dei gode resultata i verdsmeisterskapen og olympiske leiker det unødvendig å ta opp studielån. Inntektene kom vesentleg frå sponsorane til padleforbundet og Olympiatoppen. Knut Holmanns gode resultat var kanskje vel så viktig for økonomien til padleforbundet. Forbundet hadde store økonomiske underskot tidleg i 1990-åra. Takka vera Knut Holmann vart padleforbundet ein attraktiv partnar for sponsorane.

Av utmerkingar er Knut Holmann tildelt Morgenbladets gullmedalje for årets idrettsbragd 1993, Fearnleys Olympiske pris 1996 og Folkets Idrettspris 2000.

  • R. Bryhn og K. A. Tvedt (red.): Kunnskapsforlagets idrettsleksikon,1990
  • A. Johnsen og B. Jensen: Gullklubben,1993
  • P. Jorsett: 100 år med olympiske leker,1996
  • SNL,bd. 7, 1997
  • H. Slettan: Olympiske sommerleker i navn og tall,Asker 1998
  • samtaler med Knut Holmann, Peter Ribe (Norges Padleforbund) og Geir Kvillum (Norges Padleforbund), 2001