Fabrikkeigar, organisasjonspolitikar og bonde. Foreldre: Kjøpmann, seinare tollbetjent Johan Henrik Dahl (1818–91) og Louise Christiane Henriette Gedde (1817–92). Ugift. Bror til Jonas Anton Dahl (1849–1919; sjå NBL1, bd. 3); farbror til Tobias Gedde-Dahl (1903–94).

Kleist Gedde er særleg kjend for den rolla han spelte som talsmann for landbruksinteressene, og for samarbeid mellom landbruk og industri.

Gedde var fødd i Stavanger, der faren var handelsmann. Han var bror til diktarpresten Jonas Dahl. Sjølv voks han opp hos onkelen, Vilhelm J. K. Gedde, som var prest i Romedal. Etter oppveksten på prestegarden valde han å ta landbruksutdanning, og 1872 vart han uteksaminert frå Den høiere Landbruksskole på Ås. Den nyutdanna agronomen slo seg først opp som fabrikant og bedriftseigar. I lag med apotekar A. A. Koren bygde han opp fabrikken Koren & Gedde, som i det vesentlege produserte mineralvatn. Samstundes kom han til å engasjere seg i arbeidet til Fællesforeningen for Haandverk og Industri, i Polyteknisk Forening, og i Den statsøkonomiske Forening.

Interessa for landbruk og landbrukspolitikk førte han også inn i organisasjonsarbeidet til bøndene, og han var ein av dei sentrale personane i Norsk Landmandsforbund etter skipinga av organisasjonen 1896: nestformann 1901–03, formann 1906–09, styremedlem fram til 1917 og elles medlem i fleire utval. 1909 overtok han det konkurstruga lagsorganet Landmandsposten som eigar, og dreiv det med Thorvald Aadahl som redaktør til 1912, då han selde det tilbake til forbundet. Seinare hadde han ei fast spalte i bladet, “Brænna-brev”.

Gedde stod på denne måten med eitt bein i landbruket og eitt i industrinæringa. Målet han sette seg, var å føre begge næringane inn i eit økonomisk-politisk samarbeid. På hans initiativ sette Polyteknisk Forening 1903 ned Nationaløkonomisk Gruppe som, med han som mangårig formann, arbeidde for dette målet. Gruppa oppnemnde m.a. Næringsdrivendes Tollkomité med representantar frå Fællesforeningen og Landmandsforbundet, og denne komiteen utarbeidde framlegg som vart grunnlag for tollova av 1905.

Kongstanken hans var likevel å få til eit næringsparti som kunne få inn “praktiske” menn på Stortinget. Idégrunnlaget var i slekt med det i Samlingspartiet, ei moderat-konservativ samling rundt Høgre og utbrytargrupper frå Venstre. Geddes utgangspunkt var næringsorganisasjonane. Freistnaden kulminerte før valet 1906, då han fekk sentrale personar i Landmandsforbundet med på ein plan om å gjere denne organisasjonen til plattform for eit næringsparti. Planen støytte på motstand frå Venstre og måtte modererast vesentleg. Den partipolitiske utviklinga i åra utetter fjerna også grunnlaget for den borgarlege samlingstanken. Fram mot den første verdskrigen utvikla det seg samstundes større og større motsetningar mellom Landmandsforbundet og industriinteressene – m.a. om tollspørsmålet. Alt i alt smuldra grunnlaget for Geddes organisasjons- og næringspolitiske program bort.

1912 kjøpte han garden Brænna i Stor-Elvdal og realiserte dermed ein draum han hadde hatt sidan oppveksten. Garden, som var på 280 dekar innmark og 1700 dekar skog, dreiv han fram til han døydde. Gedde hadde fleire offentlege verv. Han var t.d. medlem i den departementale hærordningskomiteen 1906–09 og tolltariffkommisjonen 1915–23, og han var ein av stiftarane av og mangeårig styremedlem i Det norske Myrselskap. Han la også ned eit stort arbeid for å fremje nydyrking og bureising, m.a. som ei drivande kraft bak opparbeidinga av eit større nydyrkingsfelt i Nord-Trøndelag. Gedde vart æresmedlem i Landmandsforbundet 1918.

  • W. Dietrichson: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • Den statsøkonomiske forening 1883–1933, 1933
  • E. Hovland: “'Den forhaandenværende nødstilstand'. Bønder, organisasjon og tollbeskyttelse 1833–1905” i E. Hovland, E. Lange og S. Rysstad (red.): Det som svarte seg best. Studier i økonomisk historie og politikk, 1990
  • O. Rovde: I kamp for jamstelling 1896–1945, bd. 1 i Hundre år for bygd og bonde 1896–1996, 1996
  • opplysningar frå Wilhelm Gedde Dahl