Kjell Venås er ein av dei fremste forskarane innom nordisk målvitskap i etterkrigstida, med vidtfemnande interesser og stor produksjon i mange disiplinar. Han har òg vore aktiv i normeringsarbeidet i Norsk språkråd og ein god talsmann for målrørsla.
Venås tok eksamen ved Volda offentlege lærarskule 1954, examen artium som privatist ved Voss landsgymnas 1956 og vart cand.philol. frå Universitetet i Oslo (UiO) 1960 med morsmål med gammalnorsk som hovudfag og engelsk og lærarprøva som bifag. 1967 vart han dr.philos. ved UiO på avhandlinga Sterke verb i norske målføre.
Før universitetskarrieren var Venås lærar ved Sogndal folkehøgskule 1954–55, ved Sogndal gymnas og realskule 1955–56 og ved Otta interkommunale realskule fyrste halvåret 1957. Han verka som vitskapleg assistent ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen 1961–63, var forskingsstipendiat (NAVF) ved UiO 1963–66, universitetslektor i nordisk språkvitskap same staden 1966–69, dosent 1970–72 og professor i nordisk språkvitskap der 1972–97.
Forfattarskapen åt Venås er mangegreina, frå grammatiske til faghistoriske og kulturhistoriske emne, presenterte i store monografiar og i ei mengd artiklar i tidsskrift og aviser. Storparten av produksjonen hans er strengt vitskapleg, men han har òg skrive mykje populærvitskapleg, særleg om talemål og nynorsk skriftmål.
Standardverk i norsk morfologi er doktoravhandlinga Sterke verb i norske målføre og Linne verb i norske målføre, som båe gjev grannsam kunnskap om verbbøyinga. Meir historisk i opplegget er ein monografi om adjektivsuffikset -ga-, norrønt -igr og -ugr, som Venås følgjer frå germansk til norrønt og nyare norsk. Ei stor bok om hallingmålet er midtpunktet i det Venås har skrive om norske dialektar, og her vender han seg òg til ålmenta i ei levande og populær framstilling av sitt eige målføre.
Venås har alltid vore velorientert om det som hender i forskingsverda, og då den sosiolingvistiske retninga vart aktuell i talemålsgranskinga, slo Venås til med den fyrste innføringa i disiplinen, Mål og miljø. Innføring i sosiolingvistikk eller språksosiologi. Boka presenterer amerikansk og britisk forsking og dreg inn tilsvarande problemfelt frå vårt eige land. Tilhøvet standardspråk : dialektar og regionalmål : målføre har Venås stendig drøft i perspektivrike og velskrivne artiklar.
Ikkje lite av produksjonen til Venås fell innom grammatikken, særleg den nynorske, og han har gjeve ut ein nynorsk grammatikk. Forvitnelege er dei artiklane som tek opp ymse sider ved pronomenbruken i norsk, til dømes om kjønnsspesifikk eller kjønnsnøytral bruk av personleg pronomen i artikkelen Pronouns, gender and sex in Norwegian.
Venås har sans for språket i både notid og fortid, og han har gjort studiar i dei fleste periodane i språkhistoria og synt kva samanheng det er mellom dei. Den fyrste morgonblånen er ei verdfull språkhistorisk kjeldesamling med tekster på norsk frå dansketida, som òg gjev oss kulturhistorisk kunnskap. Den biografiske sjangeren har Venås dyrka fyrst og fremst i verka om nynorskfilologane Marius Hægstad, Gustav Indrebø og Sigurd Kolsrud, forutan i den store boka om Ivar Aasen, Då tida var fullkomen. Denne skildringa av grunnleggjaren av landsmålet/nynorsken er òg ei solid fag- og lærdomshistorie for siste halvparten av 1800-talet.
Namnegransking er òg eit emne Venås har arbeidd med; særleg må nemnast dei store monografiane om innsjønamn i Hedmark og Telemark. Han har omtala alle kartfeste innsjønamn i dei to fylka, og ei svær namnemengd er drøft og tolka.
Attåt den vitskaplege verksemda har Venås ytt mykje i det språklege normeringsarbeidet. Frå 1980 til 2000 var han med i Norsk språkråd; 1980–96 var han skiftevis annakvart år leiar og nestleiar for fagnemnda. Med sin vide kjennskap til norsk talemål og til utviklinga i norsk skriftmål var han ein trygg rettleiar i alle normeringssaker. Venås ser på ei stabil norm i nynorsk som vilkår for å halda oppe denne målforma. Det er frigjerande “å vekse inn i eit skriftmål som ber med seg ein rikdom av kulturoppleving, målkunnskap og stilkjensle frå mange som har skrive nynorsk før oss”. Også i debatten om nynorsk som språkform og nynorsk i skule og samfunn har Venås gjort seg gjeldande som ein ordhag deltakar, med klåre argument og med snert i framstillinga.
Venås har ein framskoten posisjon i norsk vitskapsliv, og med si faglege breidd er han mykje nytta som doktorgradsopponent ved dei fire norske universiteta og som meldar av nordisk faglitteratur i ymse tidsskrift. Han er ein god førelesar og ein glimrande talar; det nynorske normaltalemålet hans med svip av hallingmål er velforma og friskt. Som skribent er han meister i fleire sjangrar, frå det stringente vitskaplege fagspråket, fritt for tome termar, til det kåserande målet i populære artiklar og livsskildringar. Han har “ei lett og elegant framstillingsform der rikdommane i nynorsken blir utnytta fullt ut i ein prosa som til tider kan kallast opphøgd”, heiter det i festskriftet som vart utgjeve til 70-årsdagen 1997.
Kjell Venås er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi sidan 1974 og av Kungliga Gustav Adolfs Akademien (Uppsala) frå 1988. Fridtjov Nansens belønning fekk han 1993, målpris frå Buskerud Mållag 1988 og heiderspris frå Halldor O. Opedals fond 1997. Venås fekk Formidlingsprisen for Det historisk-filosofiske fakultetet, UiO 1997, og 2004 vart han av Kungl. Gustav Adolfs Akademien för svensk folkkultur tildelt pris frå Jöran Sahlgrens prisfond “för betydelsefulla insatser för nordisk ortnamnsforskning”.